No blir Ystås klyngjetun freda
29.5.2026 07:00:00 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding
Det tradisjonelle klyngjetunet i Hardanger blir teke vare på for ettertida.

Riksantikvaren har no formelt freda klyngjetunet på Ystås i Voss herad.
Ystås er eitt av Noregs best bevarte klyngjetun, og ligg 300 meter over havet like utanfor Eide i Hardanger.
– Landbruket er ein viktig del av Noregs historie. Gjennom å freda Ystås, sikrar me at dette godt bevarte klyngjetunet blir teke vare på for generasjonane etter oss. Dette er ikkje berre ei freding for Voss herad og Vestland fylke, men for heile landet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Kulturlandskap med få moderne inngrep
Ystås har ei lang historie med busetjing, og hadde tre bruk.
I dag består tunet av 13 bygningar, som saman utgjer hovuddelen i tunstrukturen til dei opphavlege bruka. Ystås har i dag fire bruk med tre ulike privateigarar.
– Ystås ligg i eit vakkert kulturlandskap med få moderne inngrep. Det er eit svært godt bevart klyngjetun med stor tidsdjupn. Denne fredinga skal bevara Ystås som ei unik kjelde til kunnskap om klyngjetuna på Vestlandet, levesettet til bøndene og korleis det påverka både byningsmiljøet og omgivnadene, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Ystås er eit kulturhistorisk viktig døme på klyngjetuna på Vestlandet før utskiftinga og moderniseringa av jordbruket under det store hamskiftet på 1800-talet. Det er også eit godt døme på tuna til vestlandsbøndene, som viser mangesysleriet som var ein viktig del av levemåten i området, seier Geiran.
Unik bygningsstruktur
Fredinga inkluderer hovudkonstruksjonane til bygningane, og både eksteriør, interiør og fast inventar. For enkelte bygningar er det berre delar av interiøret som er omfatta av fredinga.
I tillegg er det ei områdefreding for tunområdet med hagar med plantning, tre og stiar, og den næraste innmarka med det opne kulturlandskapet rundt tunet.
– Når Ystås no blir freda, blir eit særs verdifullt klyngetun i Vestland sikra varig vern. Det godt bevarte tunet fortel om levemåten i Vestland før det store hamskiftet og moderniseringa av jordbruket, og er forma gjennom fleire hundre års bruk, seier fylkesordfører i Vestland, Jon Askeland.
– Eg vil rose og takke eigarane for at dei gjennom mange år gjort eit godt arbeid med å setje bygningane i stand. Det er eit viktig bidrag til å ta vare på den felles historia vår, sier Askeland.
Det store hamskiftet i Noreg endra og moderniserte mange gardar frå 1800-talet og fram til midten av 1900-talet. Vidare førte lova om utskifting frå 1857 med seg store endringar for klyngjetuna.
På Ystås vart ikkje utskiftinga gjennomført før på 1980-talet, og dermed vart tunet med bygningsstrukturen i stor grad bevart.
Tunet har også eit unikt mangfald i bygningstypar, og spesielt bustadhusa har stor kulturhistorisk verdi med fleire bevarte røykstover, glastover og lemstover.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder








Om oss
Riksantikvaren er eit direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er rådgivaren til departementet i alle saker som gjeld kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordna kulturminnestyresmakta og ansvarleg for å setja i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har eit fagleg ansvar overfor kommunane, fylkeskommunane, Sametinget, Sysselmeisteren på Svalbard og forvaltningsmusea på kulturminnefeltet.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Se oversikten: 6,6 millioner til arkeologiske kulturminner13.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nå er årets tilskudd til Norges eldste kulturminner fordelt.
Sjå oversikta: 6,6 millionar til arkeologiske kulturminne13.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
No er årets tilskot til Noregs eldste kulturminne fordelt.
Verdsarvutstillinga i Aurland opnar8.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
No er utstillinga Vår verdsarv på plass i Heradshuset på Aurlandsvangen.
Luftskipsmasta i Vadsø fredes6.5.2026 06:00:00 CEST | Pressemelding
Landemerket i Finnmark spiller en sentral rolle i norsk polarhistorie. Nå sikres 100-åringen for evigheten.
Luftskipsmasta i Vadsø blir freda6.5.2026 06:00:00 CEST | Pressemelding
Landemerket i Finnmark speler ei sentral rolle i norsk polarhistorie. No blir 100-åringen sikra for æva.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom