Det finst mange stader bier kan trivast, men dei treng skogkantar for å kunne spreie seg
27.5.2026 11:25:21 CEST | UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet | Aktuelt
Forskarar jobbar med kart over spreiingsrutene til biene. Nedbygging av natur kan skape for store avstandar mellom ulike populasjonar.

– Vi kan ein del om ville bier. Vi veit kvar mange arter finst. Vi veit også korleis dei ser ut, kva blomstrar dei likar, korleis dei byggjer reir og så vidare, seier stipendiat Marianne Strand Torvanger ved Institutt for biovitskap, Universitetet i Oslo, til Titan.uio.no.
– Men vi kan veldig lite om korleis ulike populasjonar heng saman, korleis dei har kontakt med kvarandre.
Det har seg nemleg slik at sjølv om to ulike stader har omtrent like mange lokkande ressursar for bier, som blomstrar til dømes, kan det yra av summande bier den eine staden, medan det er langt færre bier på den andre.
Hindringar i Oslo
– Problemet med å kartleggja spreiing av bier er at dei er små og har kort levetid. Vi kan ikkje ringmerka dei eller spora dei med GPS, forklarar Torvanger, før ho likevel fortel om ein masterstudent ho har veileda.
– Studenten merka rundt 450 bier med tusj på ryggen. Biene vart fanga på fire ulike enger i Oslo sentrum, der det er eit mål å leggja til rette for at bier skal trivast, fortel ho til Titan.uio.no.
– Men av dei merka biene var det berre seks som seinare vart funne igjen andre stader. Det tyder på at forbindelsen mellom engene ikkje er særleg god. I Oslo sentrum er det jo ein del hindringar, som trafikk og vatn. Men samstundes veit vi berre korleis det var det eine året målingane vart gjort. Året etter kan det ha sett heilt annleis ut.
Ikkje nødvendig forbindelse
Sjølv har ho brukt ein annan metode for å undersøkja forbindelsar mellom ulike habitat.
– Vi studerer artssamansetjinga på ulike område, for det finst jo ei rekkje ulike bieartar. Artssamansetjinga i eit område kan endra seg veldig fort, forklarar ho.
– Dersom ein art vert borte frå eit område og det kjem andre artar i staden for, og den fyrste arten ikkje vert funnen att i liknande område i nærleiken, er det ikkje nødvendig forbindelse for den arten mellom dei to områda. Den er spreiingsavgrensa, som vi kallar det.
Kan teikna kart over spreiingsruter
Dei beste forbindelsane er det som Torvanger og forskarkollegaane kallar lineære landskapssegment.
– Det er snakk om landskapssegment som fungerer som grøne korridorar for bier, til dømes skogkantar, vegkantar, blomsterenger og kantar langs jordbruksareal. I desse områda finn vi ofte plantar som bier likar, som norske markblomstrar, forklarar Torvanger.
Ut frå observasjonane av artssamansetjingar og landskapssegment har dei bygd ein modell som kan brukast til å predikera spreiingsområde, og i prinsippet teikna kart over spreiingsruter for bieartar.
Innavl i isolerte populasjonar
Vidare i doktorgradsarbeidet undersøkjer Torvanger kva som kjenneteiknar ferdselsårer hos ulike grupper av ville bier.
– Min hypotese her er atrtar som er spesialistar, altså som er avhengige av berre nokre få blomsterartar, har større spreiingsavgrensing enn arter som er generalistar.
– Dette er viktig kunnskap fordi når habitat vert fragmenterte, til dømes gjennom nedbygging av natur, kan det bli for store avstandar mellom ulike biepopulasjonar, forklarar Torvanger.
– I isolerte populasjonar får vi innavl, som gjer biene meir utsette for parasittar, sjukdomar og andre problem. Då aukar risikoen for utrydding.
Den vitskaplege artikkelen
Sydenham, Torvanger m.fl.: Role of forest edges and other seminatural linear landscape features in structuring wild bee habitat connectivity in intensively managed landscapes. Conservation Biology, Dec 2025
Nøkkelord
Kontakter
Gina AakreRedaktør, Titan.uio.no
Tel:92879847gina.aakre@mn.uio.noBilder


Lenker
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har ein lang og stolt tradisjon innan forsking og undervising i dei klassiske realfaglege disiplinane. Fakultetet si verksemd dekkjer også eit breitt spekter av tverrfagleg forsking og ligg i front i Europa på fleire område. Følg våre forskingsnyheiter på Titan.uio.no - https://titan.uio.no/, som også er på Facebook - https://www.facebook.com/Titan.uio.no/ eller abonner på nyheitsbrevet Abonner på vårt nyhetsbrev - Titan.uio.no * UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet * Sem Sælands vei 24 * 0371 Oslo * 22 85 56 00 * http://www.mn.uio.no/
Følg pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Plast i fuglereir kan virke som fugleskremsel16.4.2026 10:22:03 CEST | Aktuelt
Stadig flere fugler putter plastbiter i reirene sine, særlig i bynære områder. Plasten kan gjøre reirene lettere å oppdage, men forskerne har oppdaget en annen, mer fordelaktig effekt.
Forskere slår alarm om algeoppblomstring i Oslofjorden25.3.2026 12:06:08 CET | Aktuelt
Algen har forårsaket fiskedød tidligere. Det kan bli vanskelig om den sprer seg til kysten på Vestlandet.
Bare tre av ti PhD-kandidater blir igjen ved norske universiteter16.12.2025 12:53:48 CET | Pressemelding
SSB presenterer nye tall om PhD-karrierer på åpningen av karriereuka THE WEEK på Universitetet i Oslo.
Titan fyller ti år: Hvorfor trenger vi kunnskap om realfag og teknologi?1.12.2025 10:12:41 CET | Pressemelding
Hvordan kan vi nå fram med faktabasert kunnskap når mediebildet er mer fragmentert enn noen gang? I anledning sitt tiårsjubileum inviterer Titan – nyhetsavisen for realfag og teknologi ved Universitetet i Oslo – til en åpen samtale om forskningsformidlingens rolle i dagens samfunn.
KI-ens "gudfar" Yoshua Bengio åpner Norges nye senter for pålitelig kunstig intelligens8.11.2025 14:05:13 CET | Pressemelding
Mandag 10. november kl. 15.00 lanseres TRUST – The Norwegian Centre for Trustworthy AI, Norges nye nasjonale forskningssenter for pålitelig kunstig intelligens. Arrangementet finner sted på Universitet i Oslo og er åpent for alle.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom