Odd Nordstoga gjev oss «Ein song som finst»
26.5.2026 07:37:00 CEST | Sony Music Norway | Pressemelding
Etter ei travel periode har Odd Nordstoga endeleg sett av tid til å skape ny musikk. «Ein song som finst» er fyrste smakebit frå det som blir hans tiande studioalbum.

Det er ein forventing, kanskje til og med frå han sjølv, om at nasjonalskalden Odd Nordstoga har noko ekte, nært og viktig på hjartet når han skriv ein låt. Og denne gongen bryt han ein slags barriere når han gjev ut ein låt om livet som turnerande musikar.
Det har blive sagt at når du byrjar å skrive songar om livet på vegen, så har du ikkje meir å skrive om. Kanskje er det mykje rett i det. Eg har i alle fall prøvd å unngå temaet, med sitatet vaiande som eit raudt flak i bakhovudet.
Det er jo litt pussig at en såpass stor del av livet skal setjast til side. Alle opplevingar og tida saman med menneske som ein etter kvart kjenner ut og inn. Folk som på éin og same tid er litt familie, litt kollega, litt besteven og litt konkurrent om det beste setet.
Eg har sett meg i bussen eller på flyet, drege på turné, og tenkt at dette er noko anna. Ja, dette er nokon dagar utanfor der det verkelege livet går føre seg. Dagar med andre menneske enn dei du ber på middag eller går på tur med på søndag. Eit sidespor, og dermed ikkje noko å skrive om.
Men som med så mykje anna har tida gjeve eit nytt perspektiv og Odd har endra meining om akkurat dette.
Så har eg skyna etter mange år at det er få eg kjenner så godt som dei eg spelar og dreg på tur med i musikkens teneste. Og livet på vegen har det blitt mykje av – det blir litt tynt om det ikkje skal telje. Kollegaene mine, er dei ikkje når alt kjem til alt av mine beste vener?
Så med éi avgrensing mindre ble det éin låt meir. «Ein song som finst» er fyrste smakebit frå neste kapittel i Odd Nordstoga sitt etter kvart omfattande musikalske univers.
«Ein song som finst» laga eg på slutten av eit heftig turneår med Ingebjørg. Eg tenkte at no er det snart slutt, om nokre veker seier vi takk for no. Det som var ein samansveisa gjeng gjennom eit slitsamt og fantastisk år løyser seg opp og blir borte som dogg for sola, for slik er det.
Igjen har Odd samarbeidd med produsent Kåre Chr. Vestrheim, og eit knippe eminente musikarar. Vener.
Eg skreiv songen for å minne meg sjølv på at fortida tel, folk tel. Dei skal vera med i sekken på vegen vidare. Vener tynger ikkje.
«Ein song som finst» av og med Odd Nordstoga er tilgjengeleg frå fredag 29. mai 2026

Odd Nordstoga (1972) frå Vinje i Telemark er ein av sin generasjons aller største låtskrivarar. Songane hans har heilt sidan gjennombrotet med albumet «Luring» i 2004 krope inn i folks hjarte og blitt der. Han er songpoet og spelemann. Bokstavleg tala. Han har vorte nominert til og tildelt fleire prisar, mellom anna Edvard-prisen, Prøysenprisen, Gamleng-prisen, TONOs Tekstforfatterpris, Målbruksprisen og heile 5 Spellemannprisar inkludert «Årets Spellemann». Og som alle gode spelemenn får Nordstoga oss både til å danse og til å gråte. Med vemodet i eine handa og musikkgleda i den andre lagar han songar som rører ved livet me lever. Slik god musikk skal.
Nordstoga lever for møtet med publikum, anten han står åleine, med fullt band, i lag med gjester, eller lyfta av strykarar. Han har vitja heile Noreg, og selt fleire hundre tusen billettar til konsertar og festivalar over heile landet. Han har skrive musikk til TV og film, bøker, og med musikken til adventkalender-serien «Jul i Svingen» og albumet “Jul” har han óg blitt ein viktig del av høgtida for mange.
Odd Nordstoga er vorten ein nasjonal leverandør av musikk med varig kraft, og når han dreg ut på vegen, har han både gamle skattar og nye songar – frå hans komande tiande studioalbum – med seg i skreppa.
Nøkkelord
Kontakter
Elisabeth RiksenHead of Communications
Tel:+47 920 12 160elisabeth.riksen@sonymusic.comBilder




Om Sony Music Norway
Sony Music Entertainment Norway er en del av Sony Music Entertainment Group, og er et av Norges ledende plateselskaper. Vi representerer et bredt spekter av aktive norske og internasjonale artister, samt en omfattende katalog av stor musikkhistorisk betydning, kvalitet og innflytelse.
Vi respekterer og beundrer våre artister og er stolte av å kunne støtte og tilrettelegge for deres musikk og visjoner ved å skape det rette grunnlaget for kreativitet, vekst og utvikling. Som selskap bestreber vi å gi våre ansatte et godt og stimulerende arbeidsmiljø, og vi ønsker å ha fokus på inkludering, likeverd, mangfold, mental helse og miljø.
Sony Music Entertainment Norway representerer blant annet 2AM-DM, Adele, Arif, Bargee, Bernhoft, Beyoncé, Bruce Springsteen, Calvin Harris, CC Cowboys, deLillos, Emma Jensen, Foo Fighters, Frida Ånnevik, Harry Styles, Ina Wroldsen, Inge Bremnes, Julie Bergan, Justin Timberlake, Kamelen, Klossmajor, Kurt Nilsen, Kygo, Labrinth, Madeléne, Maria Mena, Matilda, May, Miley Cyrus, Morgan Sulele, Nora Jabri, Peder Elias, P!nk, Rosalia, Silje Nergaard, Spelloppmaker, Staysman, Stig Brenner, SZA, Tigergutt101, Travis Scott, Tyler the Creator, Tyr, Wolf Alice, Zara Larsson med mange fler.
Følg pressemeldinger fra Sony Music Norway
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sony Music Norway på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sony Music Norway
Staysman slipper "Eviva España (Charterfeber 2026)"4.6.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Staysman er tilbake i kjent stil, og denne gang med sesonglåta til årets Charterfeber som feirer 20 år. Det er drita señoritas, gyros til kvelds, bikinitopper som flyr av gårde og tequila på Gran Canaria.
Gompene er tilbake!1.6.2026 16:00:00 CEST | Pressemelding
Gompene slipper ny musikk for første gang på over 20 år!
Marie Tveiten med varm, nær og fandenivoldsk albumdebut1.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Fredag 5. juni slipper Marie Tveiten sitt første album som soloartist. «Ingen kjenner meg som deg» består av ti låter, der hun blant annet synger om katastrofetanker, hevnfantasier, datingnerver – og en far som ikke klarer å si «glad i deg».
May manifesterer "Lucky"1.6.2026 08:28:00 CEST | Pressemelding
Oslo-artisten May har manifestert en travel festivalsommer og deler den deilig optimistiske "Lucky" med alle som trenger en selvtillitsboost.
ok oskar liker ikke å banne (men gjør det allikevel)1.6.2026 08:09:00 CEST | Pressemelding
kanskje liker han ikke å banne, men ok oskar holder ikke tilbake når han slipper låt om det å bli hodestups forelsket. "liker ikke å banne (faen i helvete)" er ute fredag 5. juni
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom