Sony Music Norway

Odd Nordstoga gjev oss «Ein song som finst»

26.5.2026 07:37:00 CEST | Sony Music Norway | Pressemelding

Del

Etter ei travel periode har Odd Nordstoga endeleg sett av tid til å skape ny musikk. «Ein song som finst» er fyrste smakebit frå det som blir hans tiande studioalbum.

Fredag 29. mai gjev Odd Nordstoga oss singelen "Ein song som finst"
Fredag 29. mai gjev Odd Nordstoga oss singelen "Ein song som finst"

Det er ein forventing, kanskje til og med frå han sjølv, om at nasjonalskalden Odd Nordstoga har noko ekte, nært og viktig på hjartet når han skriv ein låt. Og denne gongen bryt han ein slags barriere når han gjev ut ein låt om livet som turnerande musikar.

Det har blive sagt at når du byrjar å skrive songar om livet på vegen, så har du ikkje meir å skrive om. Kanskje er det mykje rett i det. Eg har i alle fall prøvd å unngå temaet, med sitatet vaiande som eit raudt flak i bakhovudet. 

Det er jo litt pussig at en såpass stor del av livet skal setjast til side. Alle opplevingar og tida saman med menneske som ein etter kvart kjenner ut og inn. Folk som på éin og same tid er litt familie, litt kollega, litt besteven og litt konkurrent om det beste setet.

Eg har sett meg i bussen eller på flyet, drege på turné, og tenkt at dette er noko anna. Ja, dette er nokon dagar utanfor der det verkelege livet går føre seg. Dagar med andre menneske enn dei du ber på middag eller går på tur med på søndag. Eit sidespor, og dermed ikkje noko å skrive om.  

Men som med så mykje anna har tida gjeve eit nytt perspektiv og Odd har endra meining om akkurat dette. 

Så har eg skyna etter mange år at det er få eg kjenner så godt som dei eg spelar og dreg på tur med i musikkens teneste. Og livet på vegen har det blitt mykje av – det blir litt tynt om det ikkje skal telje. Kollegaene mine, er dei ikkje når alt kjem til alt av mine beste vener? 

Så med éi avgrensing mindre ble det éin låt meir. «Ein song som finst» er fyrste smakebit frå neste kapittel i Odd Nordstoga sitt etter kvart omfattande musikalske univers.

«Ein song som finst» laga eg på slutten av eit heftig turneår med Ingebjørg. Eg tenkte at no er det snart slutt, om nokre veker seier vi takk for no. Det som var ein samansveisa gjeng gjennom eit slitsamt og fantastisk år løyser seg opp og blir borte som dogg for sola, for slik er det. 

Igjen har Odd samarbeidd med produsent Kåre Chr. Vestrheim, og eit knippe eminente musikarar. Vener. 

Eg skreiv songen for å minne meg sjølv på at fortida tel, folk tel. Dei skal vera med i sekken på vegen vidare. Vener tynger ikkje. 

«Ein song som finst» av og med Odd Nordstoga er tilgjengeleg frå fredag 29. mai 2026

Odd Nordstoga (c) Marthe A Vannebo

Odd Nordstoga (1972) frå Vinje i Telemark er ein av sin generasjons aller største låtskrivarar. Songane hans har heilt sidan gjennombrotet med albumet «Luring» i 2004 krope inn i folks hjarte og blitt der. Han er songpoet og spelemann. Bokstavleg tala. Han har vorte nominert til og tildelt fleire prisar, mellom anna Edvard-prisen, Prøysenprisen, Gamleng-prisen, TONOs Tekstforfatterpris, Målbruksprisen og heile 5 Spellemannprisar inkludert «Årets Spellemann». Og som alle gode spelemenn får Nordstoga oss både til å danse og til å gråte. Med vemodet i eine handa og musikkgleda i den andre lagar han songar som rører ved livet me lever. Slik god musikk skal.
Nordstoga lever for møtet med publikum, anten han står åleine, med fullt band, i lag med gjester, eller lyfta av strykarar. Han har vitja heile Noreg, og selt fleire hundre tusen billettar til konsertar og festivalar over heile landet. Han har skrive musikk til TV og film, bøker, og med musikken til adventkalender-serien «Jul i Svingen» og albumet “Jul” har han óg blitt ein viktig del av høgtida for mange.
Odd Nordstoga er vorten ein nasjonal leverandør av musikk med varig kraft, og når han dreg ut på vegen, har han både gamle skattar og nye songar – frå hans komande tiande studioalbum – med seg i skreppa.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Odd Nordstoga pressebilde 2
Odd Nordstoga pressebilde 2
Marthe A Vannebo
Last ned bilde
Odd Nordstoga pressebilde 3
Odd Nordstoga pressebilde 3
Marthe A Vannebo
Last ned bilde
Odd Nordstoga pressebilde 1
Odd Nordstoga pressebilde 1
Marthe A Vannebo
Last ned bilde
Ein song som finst artwork
Ein song som finst artwork
Last ned bilde

Om Sony Music Norway

Sony Music Entertainment Norway er en del av Sony Music Entertainment Group, og er et av Norges ledende plateselskaper. Vi representerer et bredt spekter av aktive norske og internasjonale artister, samt en omfattende katalog av stor musikkhistorisk betydning, kvalitet og innflytelse.

Vi respekterer og beundrer våre artister og er stolte av å kunne støtte og tilrettelegge for deres musikk og visjoner ved å skape det rette grunnlaget for kreativitet, vekst og utvikling. Som selskap bestreber vi å gi våre ansatte et godt og stimulerende arbeidsmiljø, og vi ønsker å ha fokus på inkludering, likeverd, mangfold, mental helse og miljø.

Sony Music Entertainment Norway representerer blant annet 2AM-DM, Adele, Arif, Bargee, Bernhoft, Beyoncé, Bruce Springsteen, Calvin Harris, CC Cowboys, deLillos, Emma Jensen, Foo Fighters, Frida Ånnevik, Harry Styles, Ina Wroldsen, Inge Bremnes, Julie Bergan, Justin Timberlake, Kamelen, Klossmajor, Kurt Nilsen, Kygo, Labrinth, Madeléne, Maria Mena, Matilda, May, Miley Cyrus, Morgan Sulele, Nora Jabri, Peder Elias, P!nk, Rosalia, Silje Nergaard,  Spelloppmaker, Staysman, Stig Brenner, SZA, Tigergutt101, Travis Scott, Tyler the Creator, Tyr, Wolf Alice, Zara Larsson med mange fler.

Følg pressemeldinger fra Sony Music Norway

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sony Music Norway på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sony Music Norway

Klossmajor reflekterer over livet i den lekne singelen «Oui»20.5.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding

«Det er litt av det jeg tenker på, har jo bikka tretti år, husker som det var i går, jeg var tjueni, oui, oui oui oui…» Den 22. Mai slipper Klossmajor «Oui». Enda en smakebit på bandets kommende fjerde album, «Beibi» som er ventet September 2026. Albumet markerer en ny retning for bandet, som fortsetter å tøye grensene for sitt eget lydbilde, uten å miste den umiddelbare nærheten og varmen de er kjent for.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye