Statens vegvesen

Brannøving i rv. 13 Fatlatunnelen

21.5.2026 18:49:35 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Statens vegvesen arrangerer, saman med nødetatane og Sivilforsvaret, fullskala brannvernøving i Fatlatunnelen tysdag 26. mai.

Fatlatunnelen ligg på rv. 13 mellom Leikanger og Sogndal. Kart: Statens vegvesen
Fatlatunnelen ligg på rv. 13 mellom Leikanger og Sogndal. Kart: Statens vegvesen

Tidspunkt for øvinga:

Stengd tunnel klokka 19.20-20.20.

Manuell dirigering med ledebil klokka 18.50-19.20 (under rigging) og 20.20-20.45 (under nedrigging).

Det vil bli brukt røykmaskin under øvinga, for å simulera røyk etter bilbrann i tunnel. Etter øvinga kjem røyken ut av tunnelen i begge retningar. Røyken vil vera synleg, men er heilt ufarleg og vil forsvinna raskt.

Trygg tunnel

– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for dei, som ein del av vårt kontinuerlege arbeid, kvar dag, heile året, med å halda tunnelane trygge, seier sikkerheitskontrollør Svein Rune Vie i Statens vegvesen.

Det er krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for tryggleiksgodkjenning at vegvesenet skal halda slike beredskapsøvingar.

Totalberedskap

Statens vegvesen er ein del av den totalberedskapen i samfunnet. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.

– Vegdrift handlar om konsekvens. Vi gjer derfor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg, legg Vie til.

– Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging. Ved å øva saman med naudetatane og transportnæringa drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa, avsluttar han.

Øvingar som denne er ein av viktig del av Statens vegvesens samfunnsoppdrag med å syta for eit effektivt, trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett.

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye