Eviny

Sterkt kvartal: Eviny aukar tempoet i energisatsinga

21.5.2026 10:36:11 CEST | Eviny | Pressemelding

Del

Eviny har eit underliggande resultat på 892 millionar kroner i første kvartal 2026. Det er 216 millionar meir enn same periode i fjor. Konsernet gjennomfører no historisk høge investeringar i fornybar energi og straumnett.

Et snødekket landskap med flere vindmøller fra Tellenes vindkraftverk under en overskyet himmel.
Tellenes vindkraftverk sette produksjonsrekord i januar med 82,33 GWh.

– Vi leverer eit sterkt resultat i første kvartal. Kraftprisane har vore høge, men svingar raskare enn før. Gode resultat og effektiv drift gjer at vi kan gjennomføra rekordstore investeringar og samtidig gi stabile, høge utbyte til dei offentlege eigarane våre, seier konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik i Eviny.

Det mest effektive vindkraftverket i landet

Eviny har eit mål om å auka produksjonen av fornybar energi med 2,5 TWh, tilsvarande årsforbruket til 156 000 husstandar. Ein stor del av veksten kjem frå vindkraft, som no står for nær ein fjerdedel av den samla fornybarproduksjonen i konsernet.

Eviny kjøpte sine første vindkraftverk i 2024, Tellenes og Guleslettene. Kraftproduksjonen har vore stor i år, og Tellenes sette produksjonsrekord i januar med 82,33 GWh.I 2025 var Guleslettene det mest effektive vindkraftverket i heile landet.

– Vi har investert i effektive kraftverk i område med mykje vind, og det gir solide inntekter. Samstundes ser vi stort potensial for å utvikla kraftverka vidare og auka produksjonen, seier Fresvik.

I april utvida Eviny vindkraftporteføljen med kjøpet av kraftverka i Bjerkreimsklyngen frå tyske Luxcara. Eviny har i tillegg fire nye vindkraftprosjekt som har fått ja til planinitiativ og er godt i gang med vidare utvikling.

Industrien står i kø

Noreg har eit stort behov for utvida kapasitet i straumnettet, meir fornybar energi og auka effekt. For å møta dette behovet skal Eviny investera like mykje på 10 år som konsernet har bygd opp over 100 år.

– Mange industribedrifter står i kø for å få tilgang til straumnettet. Tilgang på energi er avgjerande for å skapa arbeidsplassar, kutta klimautslepp og ivareta omsynet til sikkerheit og beredskap. Derfor er investeringane våre viktige både for lokalsamfunn på Vestlandet og for Noreg som nasjon, fortel Fresvik.

Nettselskapet BKK skal åleine investera 11 milliardar kroner, der målet er å dobla nettkapasiteten. Statnett si nye kraftleidning frå Samnanger til Øygarden er avgjerande for å nå dette målet.

Gode resultat for hurtiglading

Eviny er ein av dei største aktørane innan hurtiglading i Noreg og Sverige. Ved utgangen av første kvartal 2026 hadde Eviny rundt 2 800 lyn- og hurtigladepunkt i drift i Skandinavia. Satsinga som er i ein investeringsfase med sterk vekst, leverte 15 millionar kroner i EBITDA i første kvartal (inntening før renter, skatt og avskrivingar/nedskrivingar).

– Vi aukar talet både på ladepunkt og mengde energi vi leverer. Driftsmodellen vår er svært kostnadseffektiv, og med ein sterk marknadsposisjon er vi godt rusta for vidare vekst, seier Fresvik.

Styrer magasina etter behov i samfunnet

Vinteren var kald og tørr, og Eviny brukte mykje av vatnet i magasina til kraftproduksjon for å dekka etterspørselen. No har snøsmeltinga starta, og magasina fyllest opp att. Ved utgangen av kvartalet var magasinfyllinga i Vest-Noreg (NO5) 22,5 prosent, like under normalen.

Lite snø i fjellet vil gi mindre tilførsel av smeltevatn til magasina framover. Det har derfor vore ein fordel at Noreg har kunna importera rimelegare energi frå utlandet den siste tida.

– Vi styrer magasina aktivt for å levera kraft når samfunnet treng det mest. Styrken til vasskrafta er at vi kan lagra energien og produsera når etterspurnaden er høgast. Det kjem forbrukarane til gode. Saman med vindkraft og kraftutveksling med utlandet gir dette eit robust system. Framover treng vi meir fornybar energi for at prisane skal halda seg  stabile og føreseielege, seier Fresvik.

Eviny arbeider med fleire effektprosjekt som skal gi meir kraft i dei timane behovet er størst. I første kvartal sendte Eviny inn to konsesjonssøknader for Samnangervassdraget, der NVE no skal godkjenna søknadene før dei går ut på offentleg høyring.

– Vi forventar rask saksbehandling, for dette er prioriterte prosjekt hos NVE, seier Fresvik.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Tellenes vindkraftverk
Tellenes vindkraftverk
Last ned bilde

Dokumenter

Om Eviny

Eviny er et av Norges største energi- og teknologikonsern, og produserer fornybar energi fra 39 vannkraftverk og to vindkraftverk på Vestlandet.

Over 800.000 nordmenn bruker Evinys ladestasjoner for elbil. Eviny satser også på hurtiglading i Sverige, Danmark og Tyskland.

Eviny etablerer landstrøm for skip både i Norge og internasjonalt

Datterselskapet BKK frakter strømmen hjem til 450.000 vestlendinger i 19 kommuner.

Eviny er eid av 17 vestlandskommuner, Statkraft og to lokale kraftlag.

Følg pressemeldinger fra Eviny

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Eviny på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Eviny

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye