Enova

Enova med storsatsing på karbonfangst

21.5.2026 07:00:00 CEST | Enova | Pressemelding

Del

Minst 700 millionar kroner skal brukast i ei auksjonsbasert støtteordning for karbonfangst. I tillegg lanserer Enova støtte til mottaksterminalar, som vil lette CO2-lagring for mindre aktørar.

Enova lanserer no støtteordningar både for karbonfangst og for mottaksterminalar for CO2. Biletet er frå eit Enova-støtta karbonfangstanlegg i Rakkestad.
Enova lanserer no støtteordningar både for karbonfangst og for mottaksterminalar for CO2. Biletet er frå eit Enova-støtta karbonfangstanlegg i Rakkestad. Foto: Øystein Sandø / Enova SF

– CO2-handtering er avgjerande for å kutte utslepp, og samtidig ta vare på verdiskaping og arbeidsplassar i norsk industri. Enova si satsing styrkjer regjeringa sitt arbeid med å utvikle denne viktige klimaløysinga, og legg til rette for at fleire prosjekt blir gjennomførte, seier energiminister Terje Aasland.

– Vi skal både kutte utslepp og styrkje norsk industri, og CO2-fangst og lagring er avgjerande for at vi skal lukkast i dette arbeidet. Gjennom dei nye ordningane i Enova legg vi både til rette for at fleire delar av norsk industri kan omstille seg, og for at Noreg kan nå klimamåla sine, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Kan gi norsk næringsliv fordelar

– Enova går no frå å støtte kostnadsutgreiingar og småskala utprøving av teknologiar for å fange CO2, til òg å støtte storskala investeringar som kan gi store utsleppskutt, seier konstituert direktør i Enova, Rune Holmen.

Noreg er allereie verdsleiande innan karbonfangst. Dei nye støtteordningane gjer det mogleg for fleire leverandørar å byggje og drifte karbonfangstanlegg. Dermed aukar kompetansen og konkurransen, noko som fører til lågare prisar. Teknologien og kompetansen kan på sikt bli ein viktig konkurransefordel for norske leverandørar.

Kan tildele større midlar

Støtteordninga blir auksjonsbasert for å sikre mest mogleg effektiv bruk av midlar gjennom konkurranse. Første auksjon vil skje hausten 2026 eller tidleg i 2027, avhengig av når ordninga blir godkjend av ESA, tilsynsorganet for EØS-avtalen. Stortinget løyvde i statsbudsjettet for i år 700 millionar kroner til ei utlysing for karbonfangst. I tillegg vil Enova kunne bruke ytterlegare midlar frå Klima- og energifondet. Dette gjer det mogleg både med større enkeltutlysingar og årlege auksjonar. Enova har sidan 2024 støtta 15 forprosjekt for karbonfangst, som har bidrege til å gjere desse klare for større investeringar.

– Fleire aktørar vil kunne kutte CO2-utsleppa sine betydeleg

I tillegg til karbonfangst lanserer Enova no ei støtteordning for investeringar i mottaksterminalar for CO2. Her vil selskap kunne levere CO2 med lastebil, før han blir transportert vidare til permanent lagring. Dagens skipsbaserte transportløysingar krev større volum av CO2, noko som i praksis utelèt små og mellomstore aktørar. Mottaksterminalane vil i stor grad forenkle tilgangen til lagring for desse aktørane, og bidra til reduserte transportkostnader for bransjen.

– Når Enova no aukar støtta til karbonfangstanlegg og mottaksterminalar for CO2, bidreg vi til å redusere kostnader og lette logistikkutfordringar. Det gjer at fleire aktørar vil kunne kutte CO2-utsleppa sine betydeleg, seier Rune Holmen.

Ifølgje Miljødirektoratet er karbonfangst og lagring det tiltaket som kan bidra klårt mest til kutt i klimagassutslepp i Noreg fram mot 2035. For avfallsforbrenningsanlegg er karbonfangst den einaste løysinga for å redusere utslepp, og for mange andre industriaktørar den billegaste.

Nøkkelord

Kontakter

Andre språk

Følg pressemeldinger fra Enova

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Enova på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Enova

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye