Inviterer til opning av ny kai i Kvalsund
18.5.2026 14:04:56 CEST | Kystverket | Pressemelding
Onsdag 20. mai blir den nye allmenningskaia i Kvalsund hamn offisielt opna. Kystverket inviterer til ei open markering ved kaia frå klokka 11.00, der både lokalbefolkning, næringsliv og andre interesserte er velkomne til å delta.

Den nye kaia er bygd for å møte behova i dagens fiskeflåte og annan aktivitet i hamna. Den gamle kaia var ikkje lenger tilpassa behova til dagens brukarar.
Kystverket jobbar med å leggje til rette for trygge og gode hamner langs kysten, og den nye allmenningskaia i Kvalsund er ein del av dette arbeidet.
Kaia har betre fortøyingsmoglegheiter, høg lastekapasitet og tilgang til landstraum for fartøy som ligg til kai. Prosjektet har hatt ei byggetid på seks månader og ei samla kostnadsramme på 15,5 millionar kroner.
– Med tilbakeføringa av dei statlege fiskerihamnene har Kystverket fått eit viktig ansvar for å utvikle gode hamneanlegg langs kysten. Vi har bygd denne nye kaia her i Kvalsund fordi den vil vere eit viktig løft for hamna og for dei som brukar henne i det daglege, seier Sven Martin Tønnessen, direktør for Transport, hamn og farlei i Kystverket.
Prosjektet er gjennomført i samarbeid mellom Kystverket, Herøy kommune og entreprenøren Infrakon. Under bygginga vart grunnarbeidet utført med elektriske maskiner for å redusere CO₂-utsleppa mest mogleg.
– Hamna er viktig både for næringsliv og lokalsamfunn, og denne utbygginga vil bidra til vidare aktivitet og utvikling i Kvalsund. Vi er glade for det gode samarbeidet som har gjort prosjektet mogleg, seier ordførar Ann-Katrin (Tine) Storøy i Herøy kommune.
Den offisielle markeringa finn stad ved Kvalsund hamn onsdag 20. mai klokka 11.00–12.00. Programmet omfattar talar frå Herøy kommune, Kystverket og Fiskarlaget, samt offisiell opning av kaia. Arrangementet er ope for alle, og det blir servert kaffi og kjeks ved kaia.
Nøkkelord
Kontakter
Kystverkets prosjektleder Dick Brevik
Mob: 966 26 684/ epost: dick.brevik@kystverket.no
Line ErikssonSenior kommunikasjonsrådgiverStaben for kommunikasjon og samfunnskontakt
Tel:+47 915 56 176line.eriksson@kystverket.noBilder

Om Kystverket
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.
Følg pressemeldinger fra Kystverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kystverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kystverket
NCC Norge skal bygge ut Kjøllefjord fiskerihavn17.7.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Kystverket har signert kontrakt med NCC Norge AS for gjennomføring av prosjektet Kjøllefjord fiskerihavn i Finnmark. Kontrakten markerer starten på et viktig tiltak for å styrke sikkerheten og kapasiteten i havna, og legge til rette for videre utvikling av fiskerinæringen og annen næringsaktivitet i området.
Sommerjobb langs kysten: Skal undersøke over 120 moloer og kaier7.7.2026 09:34:28 CEST | Pressemelding
Fire studenter har denne sommeren byttet ut lesesalen med feltarbeid langs kysten. Med base i Kabelvåg reiser de fra havn til havn for å kartlegge tilstanden på moloer og kaier i Nordland og Sør-Troms.
Kontrakt signert for Herøy–Ulstein-prosjektet3.7.2026 08:54:46 CEST | Pressemelding
Kystverket har signert kontrakt med Terramare Oy for gjennomføring av prosjektet Gjennomseiling Herøy–Ulstein til Ålesund. Kontrakten markerer starten på eit prosjekt som skal gjere seglinga tryggare og meir effektiv i ei kompleks og vêrutsett farlei.
Dypvannskaia i Mo i Rana er snart ferdig29.6.2026 13:29:31 CEST | Pressemelding
Etter over to år med omfattende anleggsaktivitet nærmer den nye dypvannskaia i Mo i Rana seg ferdigstillelse. Samarbeidsprosjektet mellom Kystverket og Rana kommune går nå inn i sin avsluttende fase.
AF Gruppen får kontrakten for bygging av Stad skipstunnel26.6.2026 16:51:38 CEST | Pressemelding
Kontrakten på totalentreprisen for Stad Skipstunnel har en verdi på ca. 5,6 milliarder kr eks. mva. og skal signeres i august. Byggestart er planlagt tidlig i 2027.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom