Samferdselsdepartementet

Revidert nasjonalbudsjett 2026: Meir pengar til vedlikehald av riksvegane våre

12.5.2026 12:01:09 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding

Del

Regjeringa held fram med satsinga på vedlikehald av riksvegane, og foreslår å auke løyvinga til drift og vedlikehald med 603,3 millionar kroner. Med dette vil løyvinga auke til 12 milliardar kroner i 2026.

Drift og vedlikehold sin andel av løyvinga til vegformål har auka frå 18 prosent i 2020 til 24 prosent i 2026.

– Meir vedlikehald av vegane våre gir ein betre og tryggare reisekvardag for folk, og konkurransekraft for næringslivet. Vi får meir klimarobuste vegar, noko som òg er viktig for militær mobilitet. Difor held Arbeiderparti-regjeringa fram med satsinga på at vegane vi har held god standard, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Et meir robust vegnett

Regjeringa følgjer opp Plan for Noreg og Nasjonal transportplan ved å prioritere meir pengar til drift og vedlikehald av riksvegane. Gode og pålitelege vegar er avgjerande for militær mobilitet og nasjonal beredskap, samstundes som dei sikrar effektiv transport og betre konkurransekraft for næringslivet. Denne satsinga reduserer sårbarheit, gir betre framkome og bidreg til verdiskaping i heile landet.

Det er særleg behov for tiltak i tunnelar, utbetring av vegdekke, tiltak på strekningar som er viktige for militær mobilitet, og oppgradering av rasteplassar og servicebygg.

– Arbeidarparti-regjeringa prioriterer tiltak som tryggjer landet og gir meir for pengane. Vi prioriterer ansvarleg og effektivt i ei uroleg tid. Godt vedlikehald av vegane våre er ansvarleg bruk av pengar. Det er billegare i drift, førebyggjer skadar og reduserer framtidige kostnader, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Kontakter

Lenker

Om oss

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye