Ny rapport: Pukkellaksfella i Tana fungerte godt
12.5.2026 09:00:00 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
Fangstanlegget for pukkellaks i fjor i Tanavassdraget gav gode resultat og verdifull kunnskap for vidare kamp mot arten.

– Å få bukt med pukkellaks er krevjande, men heilt nødvendig. Det er gjort ein stor innsats i Tana av Veterinærinstituttet og det lokale mannskapet, og erfaringane frå Tana gir oss eit endå betre grunnlag for å lykkast i åra som kjem, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
På oppdrag frå Miljødirektoratet har Veterinærinstituttet planlagt, drifta og evaluert fiskesperre og fangstanlegg ved Seida, om lag fire kilometer nedanfor Tana bru. Ein ny rapport samanfattar erfaringane frå uttak av pukkellaks i 2025.
Vidareutvikla sperre testa i full skala
Fiskesperra som vart brukt ved Seida i 2025, vart vidareutvikla basert på fiskesperra brukt i 2023 og testar i 2024.
I 2025 vart eit sperregjerde av aluminiumspiler sett på tvers av heile elveløpet på 400 meter. Ny plassering, saman med dei relativt omfattande endringane av fiskesperra samanlikna med 2023, gjer at også prosjektet i 2025 må sjåast på som ein test, om enn i full skala.
– Den justerte fella i 2025 fungerte mykje betre enn den vi hadde i 2023 og vi fanga ei stor mengd pukkellaks. No jobbar vi med fleire forbetringar fram mot 2027. Målet er eit mest mogleg effektivt uttak av pukkellaks, samtidig som vi varetek lokal fisk og økosystemet i elva, seier Hilde Singsaas.
|
Fakta |
2023 |
2025 |
|
Pukkellaks fanga ved Seidaholmen (2023) og Seida (2025) |
7 666 |
28 725 |
|
Estimert tal på pukkellaks ved teljestasjon i Polmak |
170 000 |
61 900 |
Krevjande gjennomføring
Tanavassdraget er ei av Noregs største elvar. Etablering av ei fiskesperre på tvers av elva stiller høge krav til planlegging og gjennomføring. På grunn av sein vårflaum og høg vassføring, kom fella i full drift seinare enn planlagt. Etter at fella kom i full drift i midten av juli, var det svært få pukkellaks som passerte teljestasjonen i Polmak ca. 20 km oppstraums frå fiskesperra.
– Prosjektet i Tana var teknisk svært krevjande. Vi ser no også på løysingar for å setje opp fella under høgare vassføring, for å kunne bidra til at ho blir sett opp tidleg nok, seier Singsaas.
Viktig for å avgrense spreiing
Storleiken på Tanavassdraget og det store potensialet for produksjon av pukkellaks, gjer effektivt uttak av pukkellaks her særleg viktig.
– Vi veit at pukkellaks i mindre grad enn atlantisk laks finn tilbake til fødeelva si. Å få kontroll på pukkellaksproduksjonen i Tana er derfor viktig, ikkje berre for å redusere innsiget til Tana, men også for å avgrense mengda pukkellaks som spreier seg til andre vassdrag, seier Hilde Singsaas.
Før sommaren vil Nasjonal kompetansegruppe for tiltak mot pukkellaks levere ei evaluering som ser på den samla innsatsen mot pukkellaks i Noreg.
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.nobilder.miljodirektoratet.no/fotoweb/Lenker
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Sjøbunnen ved Herøya Industripark er ferdig ryddet8.10.2026 09:02:45 CEST | Pressemelding
Oppryddingen i Gunnekleivfjorden i Porsgrunn har redusert spredning av miljøgifter fra sterkt forurensede sedimenter.
Forbyr evighetskjemikalier i vanlige produkter24.9.2026 09:46:38 CEST | Pressemelding
Fra 10. oktober blir PFAS-stoffene PFHxA og relaterte stoffer forbudt i blant annet klær, sko, kosmetikk, matemballasje og impregneringsspray.
Forbyr PFAS-stoff i vanlege produkt24.9.2026 09:46:38 CEST | Pressemelding
Frå 10. oktober blir PFAS-stoffa PFHxA og relaterte stoff forbode i mellom anna klede, sko, kosmetikk, matemballasje og impregneringsspray.
36 nye friluftslivsområder sikres for allmennheten23.9.2026 10:05:24 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet gir 30 millioner kroner til statlig sikring av 36 nye friluftslivsområder for allmennheten.
Foreslår nytt regelverk som skal gi mindre emballasje19.9.2026 12:48:08 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslår nye regler om bruk av emballasje. Det vil blant annet føre til mindre plastavfall fra emballasje rundt mat og drikkevarer.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom