Statens vegvesen

Legg om lokaltrafikken i E39 Veibustkrysset

9.5.2026 09:54:37 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Måndag morgon blir trafikken lagt om på lokalvegane for dei som skal av og på E39 i Veibustkrysset.

Slik blir nytt køyremønster i Veibustkrysset. Lokaltrafikken frå Kvasneset skal ikkje lenger køyre gjennom undergangen, men direkte av og på frå rundkøyringa. På høgre side av den nye vegstubben, inn mot fjellskjeringa, blir det no etter kvart gang- og sykkelveg.
Slik blir nytt køyremønster i Veibustkrysset. Lokaltrafikken frå Kvasneset skal ikkje lenger køyre gjennom undergangen, men direkte av og på frå rundkøyringa. På høgre side av den nye vegstubben, inn mot fjellskjeringa, blir det no etter kvart gang- og sykkelveg. Amy Elise Floen Alnes, dronefoto

- Arbeida i Veibustkrysset går etter planen, og måndag morgon legg vi om lokaltrafikken ut på rundkøyringa og stenger undergangen under E39. Det blir manuell dirigering ein periode, fram til det nye køyremønsteret er etablert, seier byggeleiar Ingar Walbø i Statens vegvesen.

Den gjennomgåande trafikken på E39 vil ikkje bli særleg påverka av denne endringa, dei køyrer framleis gjennom rundkøyringa og opp på Vegsundbrua. Busstoppen blir også som før ein periode framover, og den blir flytta når den nye gangveg på austsida av vegenstår ferdig.

Sprenging og muring

Busengdal er hovudentreprenør på anlegget, og eit stort arbeid er utført på plassen sidan oppstart i november i fjor. Mellom anna er det mura opp rundt 400 m2 med natursteinsmur, og 17.000 m3 med fjell er sprengt ut og flytta, for å bygge nye ramper til E39 og omkøyringsveg opp på Vegsundbrua.

Firmaet Kjell Foss har vore underentreprenør på fjellsprenging, og no er hovuddelen av sprengingsarbeidet utført. Noko mindre sprengingsarbeid står att innpå industriområdet på vestsida av rundkøyringa.

- Neste store milepel kjem når trafikken blir ført over på rampa opp mot Vegsundbrua, og vi kan byrje å rive den gamle undergangen. Så kjem entreprenøren Christie inn for å bygge ny og større bru der den gamla undergangen stod, seier Walbø.

Kontakter

Bilder

Slik blir nytt køyremønster i Veibustkrysset. Lokaltrafikken frå Kvasneset skal ikkje lenger køyre gjennom undergangen, men direkte av og på frå rundkøyringa. På høgre side av den nye vegstubben, inn mot fjellskjeringa, blir det no etter kvart gang- og sykkelveg.
Slik blir nytt køyremønster i Veibustkrysset. Lokaltrafikken frå Kvasneset skal ikkje lenger køyre gjennom undergangen, men direkte av og på frå rundkøyringa. På høgre side av den nye vegstubben, inn mot fjellskjeringa, blir det no etter kvart gang- og sykkelveg.
Amy Elise Floen Alnes, dronefoto
Last ned bilde
Mykje stein er spreng ut og flytta for å bygge det nye Veibustkrysset.
Mykje stein er spreng ut og flytta for å bygge det nye Veibustkrysset.
Ole Kristian Åset
Last ned bilde
Byggeleiar Ingar Walbø (t.h.) i lag med fjellsprengarar frå Kjell Foss AS.
Byggeleiar Ingar Walbø (t.h.) i lag med fjellsprengarar frå Kjell Foss AS.
Ole Kristian Åset
Last ned bilde
Mykje fin natursteinsmur er bygd på veganlegget.
Mykje fin natursteinsmur er bygd på veganlegget.
Ole Kristian Åset
Last ned bilde
Veganlegget i Veibustkrysset sett frå drone over Vegsundbrua. Trafikken skal etter kvart settast over på den store steinfyllinga i forgrunnen.
Veganlegget i Veibustkrysset sett frå drone over Vegsundbrua. Trafikken skal etter kvart settast over på den store steinfyllinga i forgrunnen, mens ein ny og større undergang blir bygd.
Amy Elise Floen Alnes
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye