Forsvarsbygg

1,97 milliardar kroner til trøndersk næringsliv i 2025

11.5.2026 10:25:02 CEST | Forsvarsbygg | Pressemelding

Del

Forsvarsbyggs årsrapport for 2025 viser framleis høg aktivitet i Midt-Noreg. Totalt gjekk 1,97 milliardar kroner til kontraktar med regionalt og lokalt næringsliv i Trøndelag. Investeringane bidrar til auka forsvarsevne, beredskap og aktivitet i landsdelen.

3D-skisse av nytt undervisningsbygg på Værnes
Forsvarsbygg startet i 2025 byggarbeidet for et tre-etasjes kontor- og undervisningsbygg til Luftforsvaret med undervisningslokaler, teknisk infrastruktur for flyopplæring, samt kontorplasser for ansatte på Værnes. Forsvarsbygg

Forsvarsbyggs totale kostnader var i 2025 på 15,6 milliardar kroner. 72 prosent av desse gjekk til kjøp av varer og tenester frå norsk næringsliv. Gjennom bygging, vedlikehald og utvikling av eigedom, bygg og anlegg over heile landet bidrar Forsvarsbygg til å styrke både Forsvaret og lokalsamfunna.

— Forsvarsbygg skal etablere, halde oppe og gjenopprette eigedommen, bygga og anlegga til forsvarssektoren i fred, krise og krig. Det krev tett samarbeid med norsk næringsliv, og vi ser frå anbodskonkurransar i Midt-Noreg at lokale og regionale entreprenørar er svært konkurransedyktige. Når vi investerer i infrastruktur for Forsvaret, bidrar vi samtidig til verdiskaping, kompetanse og arbeidsplassar i regionen, seier direktør i Forsvarsbygg (konstituert), Camilla Mathiesen.

Her kan du lese Forsvarsbyggs årsrapport for 2025.

Store investeringar i Midt-Noreg

Forsvarsbygg har i 2025 ført vidare arbeidet med å utvikle og oppgradere militær infrastruktur i Midt-Noreg. Midlane har mellom anna gått til vedlikehald og oppgradering av kasernar, bustader og kritisk infrastruktur, og dessutan tiltak som styrker alliert mottak og operativ evne.

Aktiviteten i Trøndelag er ein viktig del av arbeidet med å følgje opp Forsvarsløftet, langtidsplanen for forsvarssektoren, og legge til rette for auka nærvær, trening og beredskap.

— Den sikkerheitspolitiske situasjonen gjer det viktigare enn nokon gong å bygge robust infrastruktur for Forsvaret og forbundsfellane våre. Eigedom, bygg og anlegg er ein sentral innsatsfaktor for forsvaret av Noreg. Det handlar om å sikre at soldatar, avdelingar og allierte har fasilitetane dei treng når det gjeld, seier Mathiesen.

Store tal frå heile landet

Forsvarsbygg er den største offentlege eigedomsaktøren i landet med 12 972 bygg og anlegg fordelte på totalt 4,1 millionar kvadratmeter bygningsmasse. Bygge- og rehabiliteringsprosjekta våre spenner breitt frå bustader, forlegningar og kontorbygg til vedlikehaldsfasilitetar for nye ubåtar og nye radaranlegg.

I 2025 hadde Forsvarsbygg 667 aktive investeringsprosjekt for Forsvaret til ein verdi på om lag 7,6 milliardar kroner.  68 byggeprosjekt blei overleverte til Forsvaret. 1,68 milliardar kroner blei brukte på drift og vedlikehald, og 2 400 meinige og befal har fått auka kvaliteten på buforholda.

Forsvarsbygg har også framleis satsinga på berekraftige og robuste løysingar gjennom energieffektivisering, klimatilpassing og utvikling av framtidsretta infrastruktur. 4,1 millionar besøkte festningane våre.

Bygger forsvarsevne kvar dag

Forsvarsbyggs samfunnsoppdrag er å etablere, halde oppe og gjenopprette eigedommen, bygga og anlegga til forsvarssektoren i fred, krise og krig. Det inneber å utvikle infrastruktur som styrker Noregs forsvarsevne og totalberedskap, i tett samarbeid med Forsvaret, allierte og norsk næringsliv.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Mann i profil bærer metallboks
Værnes garnison: Forsvarsminister Tore O. Sanfvik la ned grunnstenen for nytt undervisningsbygg for Luftforsvaret i august 2025.
Forsvaret/Johannes Bærhaugen
Last ned bilde
Nærbilde av grå fasade på forlegningsbygg.
Nye forlegninger på Ørland var eit av fleire prosjekter Forsvarsbygg gjennomførte i 2025.
Forsvarsbygg
Last ned bilde
Portrett av kvinne i halvfigur foran murvegg
Direktør Forsvarsbygg (konstituert), Camilla Mathisen
Forsvarsbygg
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra Forsvarsbygg

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forsvarsbygg på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Forsvarsbygg

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye