Verdsarvutstillinga i Aurland opnar
8.5.2026 07:00:00 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding
No er utstillinga Vår verdsarv på plass i Heradshuset på Aurlandsvangen.

– Den norske verdsarven er vår felles arv, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Utstillinga Vår verdsarv er del av eit langsiktig arbeid frå regjeringa om å styrke kunnskapen om verdsarven i Noreg. Eg er derfor glad for at vi no opnar utstillinga i Aurland, midt i hjartet av det vakre verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap.
Dei vakraste fjordane i verda
Det vakre verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap omfattar nokre av dei mest spektakulære fjordane i verda: Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.
Her har is og vatn grove ut og forma eit fjordlandskap som overgår alle andre på kloden. Den 17 km lange Nærøyfjorden er berre 250 meter brei på det smalaste, men han er omkransa av fjell som når opp i 1760 moh.
– Desse områda har fasinert besøkande gjennom tidene og vert sett på som sjølve symbolet på Noreg, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.
– Noko av det viktigaste vi gjer for å sikre desse områda er å spreia kunnskapen om dei. Slik tek vi vare på historia om dei som har vore her før oss, for dei som kjem etter oss.
Spor i landskapet viser at menneske har budd langs fjordane sidan isen trakk seg tilbake for 10 000 år sidan. Fangstgraver i høgfjellet viser at villreinen har vore viktig for fjordfolket heilt frå steinalderen. I dei bratte fjordliene ligg det hyllegardar, der drifta er godt tilpassa med beite i fjellsidene og alle dei små, flate areala var dyrka.
Ei reise gjennom verdsarven i Noreg
Utstillinga «Vår verdsarv» fortel om dei åtte norske verdsarvområda, og opnar 8. mai kl. 13-15 på Heradshuset, Aurlandsvangen. Den tek deg med ut på ei storslått reise til verdas viktigaste natur- og kulturarvområde, og fortel også om verdsarvkonvensjon frå 1972.
UNESCOs verdsarvkonvensjon beskyttar natur- og kulturarv, som eit svar på dei store øydeleggingane verda opplevde under andre verdskrig.
Verdsarven bidreg til internasjonalt samarbeid, og har som hovudmål å skape fred gjennom med undervisning, vitskap, kulturutveksling og kommunikasjon.
Verdsarv er enorme pyramidar i Giza, det er Taj Mahal og Notre Dame, og det er også ærfuglhus på Vega og oppmålinga av verden med Struves meridianbue i Hammerfest.
– Gjennom utstillinga i Aurland vil mange menneske sjå og lære om verdsarven, seier Gro Nesse-Bremer, prosjektleiar i Nærøyfjorden verdsarvpark.
– Det er små og store forteljingar om kven vi er og kor vi kjem frå. Dei som kjem hit vil sjå dei internasjonale linene i UNESCO-samarbeidet og at verdsarven vår skal binde oss saman over landegrensene.
Fakta om verdsarven i Noreg
Noreg har åtte verdsarvområde på Unescos prestisjetunge liste:
Bergkunsten i Alta, Bryggen i Bergen, Vegaøyan, Rjukan-Notodden industriarv, Røros bergstad og Circumferensen, fire punkt på Struves meridianbue, Urnes stavkyrkje, og Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.
I Noreg har Riksantikvaren og Miljødirektoratet ansvaret for oppfølginga av konvensjonen. Stiftinga Noregs Verdsarv har bidrege i arbeidet med konsept for utstillinga.
Til no er utstillinga "Vår verdsarv" sett opp på Alta, Vega, Geiranger, Urnes (i Skjolden) og utandørs på Røros, mens inneutstillinga for Røros står på Maihaugen.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder






Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Dampbåten D/S Bjoren blir freda13.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren fredar no dampbåten D/S Bjoren, eit unikt og levande kulturminne frå den tidlege samferdsla i Noreg.
Spektakulært skipsfunn gjort i Skagerak1.6.2026 15:00:00 CEST | Pressemelding
Et 1700-tallsskip med en historisk last av kinesisk porselen og flere andre varer er funnet i norsk farvann. Det er det best bevarte funnet av sitt slag som er gjort i Nord-Europa.
Nå blir Ystås klyngetun fredet29.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Det tradisjonelle klyngetunet i Hardanger tas vare på for ettertiden.
No blir Ystås klyngjetun freda29.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Det tradisjonelle klyngjetunet i Hardanger blir teke vare på for ettertida.
Se oversikten: 6,6 millioner til arkeologiske kulturminner13.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nå er årets tilskudd til Norges eldste kulturminner fordelt.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom