Riksantikvaren

Verdsarvutstillinga i Aurland opnar

8.5.2026 07:00:00 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding

Del

No er utstillinga Vår verdsarv på plass i Heradshuset på Aurlandsvangen.

Nærøyfjorden
Vakker verdsarv: No har Nærøyfjorden fått eiga verdsarvutstilling. Trond Isaksen, Riksantikvaren.

– Den norske verdsarven er vår felles arv, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

– Utstillinga Vår verdsarv er del av eit langsiktig arbeid frå regjeringa om å styrke kunnskapen om verdsarven i Noreg. Eg er derfor glad for at vi no opnar utstillinga i Aurland, midt i hjartet av det vakre verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap.

Dei vakraste fjordane i verda

Det vakre verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap omfattar nokre av dei mest spektakulære fjordane i verda: Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.    

Her har is og vatn grove ut og forma eit fjordlandskap som overgår alle andre på kloden. Den 17 km lange Nærøyfjorden er berre 250 meter brei på det smalaste, men han er omkransa av fjell som når opp i 1760 moh.

– Desse områda har fasinert besøkande gjennom tidene og vert sett på som sjølve symbolet på Noreg, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.

–  Noko av det viktigaste vi gjer for å sikre desse områda er å spreia kunnskapen om dei. Slik tek vi vare på historia om dei som har vore her før oss, for dei som kjem etter oss.

Spor i landskapet viser at menneske har budd langs fjordane sidan isen trakk seg tilbake for 10 000 år sidan. Fangstgraver i høgfjellet viser at villreinen har vore viktig for fjordfolket heilt frå steinalderen. I dei bratte fjordliene ligg det hyllegardar, der drifta er godt tilpassa med beite i fjellsidene og alle dei små, flate areala var dyrka.

Ei reise gjennom verdsarven i Noreg

Utstillinga «Vår verdsarv» fortel om dei åtte norske verdsarvområda, og opnar 8. mai kl. 13-15 på Heradshuset, Aurlandsvangen. Den tek deg med ut på ei storslått reise til verdas viktigaste natur- og kulturarvområde, og fortel også om verdsarvkonvensjon frå 1972.

UNESCOs verdsarvkonvensjon beskyttar natur- og kulturarv, som eit svar på dei store øydeleggingane verda opplevde under andre verdskrig.

Verdsarven bidreg til internasjonalt samarbeid, og har som hovudmål å skape fred gjennom med undervisning, vitskap, kulturutveksling og kommunikasjon.

Verdsarv er enorme pyramidar i Giza, det er Taj Mahal og Notre Dame, og det er også ærfuglhus på Vega og oppmålinga av verden med Struves meridianbue i Hammerfest.

–  Gjennom utstillinga i Aurland vil mange menneske sjå og lære om verdsarven, seier Gro Nesse-Bremer, prosjektleiar i Nærøyfjorden verdsarvpark.  

–  Det er små og store forteljingar om kven vi er og kor vi kjem frå. Dei som kjem hit vil sjå dei internasjonale linene i UNESCO-samarbeidet og at verdsarven vår skal binde oss saman over landegrensene.

Fakta om verdsarven i Noreg

Noreg har åtte verdsarvområde på Unescos prestisjetunge liste:

Bergkunsten i Alta, Bryggen i Bergen, Vegaøyan, Rjukan-Notodden industriarv, Røros bergstad og Circumferensen, fire punkt på Struves meridianbue, Urnes stavkyrkje, og Vestnorsk fjordlandskap  med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.

I Noreg har Riksantikvaren og Miljødirektoratet ansvaret for oppfølginga av konvensjonen. Stiftinga Noregs Verdsarv har bidrege i arbeidet med konsept for utstillinga.

Til no er utstillinga "Vår verdsarv" sett opp på Alta, Vega, Geiranger, Urnes (i Skjolden) og utandørs på Røros, mens inneutstillinga for Røros står på Maihaugen.

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.

Tel:404 65 153

Bilder

Holmo i Aurland ved Nærøyfjorden.
Holmo i Aurland ved Nærøyfjorden.
Trond Isaksen, Riksantikvaren.
Last ned bilde
Vegen til Undredal
Verdsarven er både fjord og landskap: Vegen til Undredal i verdsarven.
Trond Isaksen, Riksantikvaren.
Last ned bilde
Heradshuset på Aurlandsvangen.
Her står utstillinga: Heradshuset på Aurlandsvangen.
Rønnaug Rauk Sundling, Riksantikvaren.
Last ned bilde
Verdsarvbygda Undredal
Verdsarvbygda Undredal ligg ved Nærøyfjorden.
Last ned bilde
Ferge på fjorden.
Sjøvegen både var og er viktig for folket langs fjordane.
Trond Isaksen, Riksantikvaren.
Last ned bilde
Bilde av assisterende riksantikvar Audun Skeidsvoll
Assisterende riksantikvar Audun Skeidsvoll
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Last ned bilde
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye