Forsvaret rekvirerer grunn
7.5.2026 13:35:07 CEST | Forsvaret | Pressemelding
I samband med ei militær øving som startar 10. mai, vil grunneigarar i kommunane Ringsaker, Hamar, Løten, Elverum og Stange få digitalt brev frå Forsvaret om rekvisisjon av øvingsområde.

Øvinga SERE C blir gjennomført som ei feltøving i regi av Forsvarets vinterskule frå 10. til 14. mai. Øvinga skjer i hovudsak i utmark på både offentleg og privat grunn. Det deltek om lag 60 soldatar i øvinga, både med og utan våpen. Det vil òg bli nytta hundeekvipasjar. Rundt 15 hjulkøyretøy vil operere i øvingsområdet, i tillegg til bruk av helikopter og dronar.
Det er verdt å merke seg at det òg vil vere noko helikoptertrafikk om morgonen 14. mai.
Rekvirerer grunn
I samband med øvinga sender Forsvaret, via Trenings- og øvingsavdelinga (J7) ved Forsvarets operative hovudkvarter (FOH), eit digitalt varselbrev til grunneigarar om rekvisisjon av øvingsområde. Varselet blir sendt til grunneigarane gjennom ei digital postkasse, til dømes Digipost. Dette gjeld alle grunneigarar som ligg innanfor det definerte øvingsområdet i kommunane Ringsaker, Hamar, Løten, Elverum og Stange.
Dersom grunneigarar oppdagar skade på eiga tomt eller eigedom som følgje av øvingsaktiviteten, bør ein melde dette inn så snart som mogleg til forsvaretskade@mil.no. Same e‑postadresse kan nyttast dersom publikum har spørsmål om sjølve rekvisisjonsordninga.
Rettar ved rekvirering
Sjølv om du får melding om rekvirering, betyr ikkje dette at sjølve øvinga treff deg. Men om rekvireringa treff deg, er det viktig å veta kva rettar du har. Informasjon om reglar og rettar vil også bli lenkja til i meldinga du får i den digitale postkassa di.
Tidlegare har rekvisisjonsordninga til Forsvaret vore gamaldags og tidskrevande, men no har Forsvaret digitalisert rekvisisjonane. Dette effektiviserer prosessen, informerer grunneigarar direkte og kuttar utgifter til kunngjering.
Rekvisisjonsordninga er ei ordning for å sikra Forsvarets operative evne til å utføra militære operasjonar. Det betyr at ein er pliktig i å stilla gjenstandar eller grunn til rådigheit for Forsvaret når situasjonen krev det. Etter ei re-etablering av ordninga, har Forsvaret utvikla ein digital ressursdatabase som skal gjera det lettare for både deg og Forsvaret.
Kuttar kostnader
Den nye måten å rekvirere eigedom til øvinga på, er basert på den same databasen. Med enkle grep har databasen blitt modulert til også å kunne nyttast til rekvisisjon av eigedom, med direkte informasjon om dette til aktuelle grunneigarar.
Før blei rekvisisjonane annonserte i papiravisa. Desse annonseringane kosta Forsvaret i overkant av ein halv million kroner årleg. I og med at verda har blitt meir digitalisert, og færre les papiravis, så har annonsane truleg gått mange hus forbi, og difor også pengar sløst. Forsvaret ønskjer difor at den nye ordninga skal hjelpa grunneigarane med å få med seg når Forsvaret skal øve i deira nærområde.
Nøkkelord
Kontakter
Forsvarets operative hovedkvarterPressevakt
Tel:+47 40 43 80 83foh.info@mil.noLenker
Om Forsvaret
På oppdrag frå politikarane løyser Forsvaret ei rekkje oppdrag for å halde Noreg trygt. Forsvaret er det sterkaste verkemiddelet norske styresmakter har. Politikarane har bede Forsvaret om å løyse fleire oppgåver på vegner av samfunnet. Vi har samanfatta oppgåvene våre i fem hovudoppdrag:
- Forsvare Noreg og Noregs allierte
- Overvake og drive etterretning
- Trygge grensene og sikre handlefridom for politikarane
- Samarbeide internasjonalt
- Støtte det sivile Noreg

Følg pressemeldinger fra Forsvaret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forsvaret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Forsvaret
Norske og allierte styrker trener på ubåtjakt utenfor Bergen9.6.2026 13:20:49 CEST | Pressemelding
Fra 5. til 18. Juni vil Sjøforsvaret gjennomføre en øvelse utenfor Bergen. Det vil være økt aktivitet i området både til sjøs og i luftrommet.
Afghanistan-veteraner hedres i Oslo lørdag 13. juni9.6.2026 13:06:01 CEST | Pressemelding
Lørdag 13. juni gjennomfører Forsvaret en nasjonal markering for norske veteraner som har tjenestegjort i Afghanistan. Markeringen vil være synlig flere steder i Oslo sentrum og på Akershus festning.
New Zealand og Australia går med i norskledet Ukraina-operasjon9.6.2026 12:25:45 CEST | Pressemelding
New Zealand og Australia har signert en avtale om å slutte seg til den norskledede Operasjon Legio, et multinasjonalt trenings- og utdanningsprogram for ukrainsk personell som gjennomføres i Polen.
Marinen trener minerydding og kartlegging av havbunnen utenfor Tromsø8.6.2026 15:36:16 CEST | Pressemelding
I perioden uke 24–25 gjennomfører Marinen skvadronsøvelsen Arctic Summerwind i Tromsø-området. Øvelsen gjennomføres av minerydderfartøyene KNM Hinnøy og KNM Rauma i samarbeid med Minedykkerkommandoen.
Oberst Tomas Bakke, Sjef Finnmark Heimevernsdistrikt, tildelt Politimedaljen med laurbærgren for sitt arbeid med totalforsvaret og pilotprosjektet «Økt motstandskraft i befolkningen». Nå blir piloten nasjonal.4.6.2026 12:08:10 CEST | Pressemelding
Pressemelding: Oberst Tomas Bakke, Sjef Finnmark Heimevernsdistrikt, tildelt Politimedaljen med laurbærgren for sitt arbeid med totalforsvaret og pilotprosjektet «Økt motstandskraft i befolkningen». Nå blir piloten nasjonal. Begrunnelse: Oberst Bakke ble i går, 3. juni tildelt Politimedaljen med laurbærgren for sin ekstraordinære, strategiske og vedvarende innsats i arbeidet med å styrke samhandlingen i totalforsvaret i Norges nordligste landsdel. Hans initiativ og lederskap har vært fundamentalt for å etablere et totalforsvarsløft i Finnmark som anerkjennes nasjonalt som en pilotmodell for økt motstandskraft. Oberst Bakke har, i tett samarbeid med politimesteren i Finnmark og Statsforvalteren, vært den sentrale initiativtakeren til et pilotprosjekt som har fått bred anerkjennelse nasjonalt, og så nå er innstilt fra Utenriks- og Forsvarskomiteen på Stortinget til å bli innført i hele landet. Han har bidratt til å utforme og implementere strategiske grep som: - Integrering av samfunnssi
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom