EU-milliardar til norsk hydrogensatsing innan sjøfart
7.5.2026 12:12:49 CEST | Enova | Pressemelding
EU gir 1,35 milliardar kroner til dei norske selskapa GreenH og Gen2 Energy for å utvikle utsleppsfritt hydrogen som drivstoff til skip.

– Dette er veldig gode nyheiter for norsk hydrogenindustri. Når norske selskap når opp i konkurransen om EU-midlar, viser det at vi har kompetanse og teknologi som er etterspurd i Europa. Prosjekta vil kunne bidra til utsleppskutt og industriutvikling i Noreg, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Regjeringa arbeider for auka konkurransekraft og lågare klimagassutslepp. Det er positivt at norske aktørar har tilgang til ein veksande europeisk marknad, og på den måten kan styrkje posisjonen sin i nye verdikjeder, seier energiminister Terje Aasland.
Gjennom sin årlege hydrogenauksjon tildelte EU 7. mai 124 millionar euro, eller om lag 1,35 milliardar kroner, til dei to norske selskapa GreenH og Gen2 Energy. Støtta er likt fordelt mellom dei to selskapa, og skal gå til å byggje produksjonsanlegg for fornybart hydrogen som skal vere i drift frå 2031.
Blir bygd på Sola og i Mosjøen
GreenH sin fabrikk skal byggjast på Sola i Rogaland, medan Gen2 byggjer i Mosjøen i Nordland. Enova har støtta prosjekta med 350 000 og 500 000 kroner til søknadsprosessen.
– Det er store støttebeløp EU no har tildelt to norske maritime hydrogenprosjekt. Prosjekta er viktige både for utviklinga av norsk hydrogenindustri og for den langsiktige omstillinga av energi- og transportsystema våre, seier konstituert administrerande direktør i Enova, Rune Holmen.
Skipstrafikken står for 2,4 prosent av dei totale klimagassutsleppa i verda, medan delen for sjøfartsnasjonen Noreg er heile 7,8 prosent av dei nasjonale utsleppa. Førebels består berre ein promille av verdsflåten av nullutsleppsfartøy, medan éin prosent av norskregistrerte fartøy er utsleppsfrie.
– Blir lettare å ta steget for andre
Hydrogen er ei av fleire viktige løysingar for å få ned utsleppa til sjøs. Noreg har eit stort behov for å utvikle meir klimavenleg skipstrafikk og infrastruktur for å redusere eigne utslepp. I tillegg til EU-støtta som no kjem, har Enova støtta både hydrogenfabrikkar, fyllestasjonar og skip som skal bruke hydrogen som drivstoff. Fabrikkane Enova har støtta skal stå klare i 2027, samstundes som dei første skipa er planlagde sett i drift.
Noreg si satsing på hydrogen i skipstrafikken kan få tyding også internasjonalt.
– EUs og Noregs samla satsing på hydrogen i maritim sektor vil bidra til at fleire delar av hydrogenmarknaden kan utviklast samtidig, frå produksjon og distribusjon til faktisk bruk. Når ei slik første verdikjede er utvikla, blir det lettare for andre aktørar å ta steget og investere i hydrogenteknologi, både nasjonalt og internasjonalt, seier Rune Holmen i Enova.
Kontakter
Roald Lund FleinerEnova SF
Tel:+47-913 02 938roald.fleiner@enova.noAndre språk
Følg pressemeldinger fra Enova
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Enova på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Enova
Rekordinteresse for elektriske lastebiler18.6.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Rekordmange elektriske lastebiler er de to siste månedene støttet av Enova. Bedre og billigere el-lastebiler, og usikre dieselpriser, er viktige grunner til den store interessen.
Rekordinteresse for elektriske lastebilar18.6.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Rekordmange elektriske lastebilar er dei to siste månadene støtta av Enova. Betre og billegare el-lastebilar, og usikre dieselprisar, er viktige grunnar til den store interessa.
Enova gir 1,3 milliarder til utslippsfrie skip16.6.2026 14:00:30 CEST | Pressemelding
Ti nye utslippsfrie skip får støtte fra Enova. Norge har størst andel utslippsfrie skip i verden, en posisjon som nå kan styrkes ytterligere.
Enova gir 1,3 milliardar til utsleppsfrie skip16.6.2026 14:00:30 CEST | Pressemelding
Ti nye utsleppsfrie skip får støtte frå Enova. Noreg har størst andel utsleppsfrie skip i verda, ein posisjon som no kan bli styrkt ytterlegare.
Evy Glørstad blir ny administrerende direktør i Enova8.6.2026 11:59:54 CEST | Pressemelding
Styret i Enova har ansatt Evy Glørstad som ny administrerende direktør. Hun tiltrer stillingen med bred ledererfaring og sterk gjennomføringsevne i en spennende og krevende tid for norsk omstilling.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom