Bladlus trugar salatavlingar – ei varsellampe for norsk beredskap
4.5.2026 10:23:29 CEST | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding
Skadegjerarar truer norske avlingar, samtidig som viktige plantevernmiddel har forsvunne frå marknaden. Bønder manglar effektive alternativ. Det kan gi store avlingstap og svekke norsk matberedskap. Ein ny rapport frå NIBIO åtvarar om at løysingane kjem for seint.

– Vi får tilbakemeldingar frå salatdyrkarar og andre som fryktar for avlinga når skadegjerarane spreier seg utover sommaren, og dei ikkje lenger har tilgang til plantevernmiddelet dei tidlegare kunne nytte, seier forskingssjef Ingeborg Klingen ved NIBIO.
Ho er ein av forfattarane bak rapporten som peikar på eit meir overordna problem: mangelen på gode alternativ til kjemiske plantevernmiddel i norsk landbruk.
– Vi har eit mål om å redusere bruken av kjemiske middel, men vi manglar framleis gode nok løysingar innan integrert plantevern (IPV) som kan erstatte dei. Det blir veldig tydeleg i situasjonar som denne, seier Klingen.
Kan gi store avlingstap
Ifølgje rapporten er plantehelse heilt avgjerande for norsk matproduksjon. Uten effektive tiltak mot skadegjerarar kan avlingstap vere mellom 50 og 80 prosent i enkelte kulturar.
– Dette viser kor sårbart systemet er. Når vi manglar tiltak mot konkrete skadegjerarar, får det direkte konsekvensar for avling, økonomi og matberedskap, seier Klingen.
Sidan 2015 har Noreg følgt EU sitt direktiv for berekraftig bruk av plantevernmiddel, med mål om meir integrert plantevern og redusert kjemikaliebruk. Men over ti år etter er mange av løysingane framleis ikkje på plass.
– Det er framleis for få praktisk brukbare IPV-verktøy for dyrkarane. Samtidig ser vi at bruken av enkelte kjemiske middel aukar, ikkje går ned, seier ho.
Treng nye løysingar raskt
Rapporten peikar på fleire behov: meir forsking og utvikling av alternative metodar, betre regelverk tilpassa nye løysingar og auka kunnskap om korleis klimaendringar påverkar skadegjerarar.
– Vi må utvikle nye metodar som kan erstatte kjemiske middel. Det handlar både om plantevernprodukt med lav risiko, teknologi og betre forståing av samspelet mellom plantar, skadegjerar og miljø. Når det gjeld tilgang til plantevernmiddel med lav risiko har norske bønder færre å velje mellom enn kollegaer elles i Europa, seier Klingen.
Ho understrekar at utfordringa ikkje berre gjeld salat, men ei rekkje kulturar i norsk planteproduksjon.– Dette handlar om systemet som heilskap. Mangelen på verktøy er ikkje avgrensa til eitt skadeinsekt eller éin kultur.
Ikkje bekmørkt
Sjølv om situasjonen er krevjande, peikar rapporten også på at norsk forsking og næring har vore gode på enkelte område. Særleg innan presisjonsjordbruk og teknologi for ugraskontroll er det utvikla løysingar som reduserer bruken av plantevernmiddel betydeleg.
– Norske aktørar har vore dyktige på å utvikle teknologi som både blir brukt nasjonalt og eksportert. Dette viser at det er mogleg å få til innovasjon på området, seier Klingen.
Balansen blir vanskelegare
Samtidig som fleire kjemiske plantevernmiddel blir fasa ut av omsyn til miljø og helse, aukar behovet for alternative løysingar.
– Vi står i ein krevjande balanse: Vi skal redusere kjemikaliebruken, men samstundes sikre matproduksjonen. Då er vi heilt avhengige av å utvikle fungerande alternativ, seier Klingen.
For salatdyrkarane er behovet akutt. For landbruket som heilskap er det ein varsellampe.
– Dette viser kor viktig det er å styrkje forsking, utvikling og samarbeid mellom forskarar, rådgivarar og næring. Elles risikerer vi fleire slike «hol» i plantevernet framover, avsluttar ho.
Nøkkelord
Kontakter
Ingeborg KlingenNIBIO / Divisjon for bioteknologi og plantehelse
Tel:(+47) 930 92 211ingeborg.klingen@nibio.noBilder


Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Lønnsomhetsutfordringer og suksessfaktorer i økologisk landbruk30.4.2026 11:36:30 CEST | Pressemelding
En ny NIBIO-rapport viser at lønnsomheten i økologisk landbruk i Norge varierer betydelig mellom ulike produksjoner. Mens enkelte produsenter oppnår gode resultater, preges sektoren som helhet av usikkerhet knyttet til marked, regelverk og rammevilkår.
150 år med tørråteforsking – sjukdommen er framleis ei utfordring29.4.2026 15:05:06 CEST | Pressemelding
Potettørråte er ein av dei mest øydeleggjande plantesjukdomane i verda. I år er det 150 år sidan Anton de Bary knytte sjukdomen til organismen Phytophthora infestans. Samtidig gir ny forsking håp om betre forståing og meir effektive tiltak.
Drøvtyggere er nøkkelen til både matsikkerhet og naturmangfold29.4.2026 11:32:20 CEST | Pressemelding
En ny rapport fra NIBIO viser at drøvtyggere spiller en avgjørende rolle i samspillet mellom norsk matproduksjon, naturverdier og økosystemer. Samtidig understrekes det at effektene avhenger av hvordan og hvor produksjonen foregår.
Anbefaler redusert såmengde for bedre blomstring i pollinatorsoner29.4.2026 09:53:12 CEST | Pressemelding
NIBIO har oppdatert sammensetningen av sine regionale robustfrøblandinger for pollinatorsoner. Nå anbefaler forskerne å redusere såmengden for å oppnå bedre blomstring og artsbalanse.
NIBIO bidreg i nytt europeisk nettverk for overvaking av jorderosjon23.4.2026 09:57:20 CEST | Pressemelding
EU-prosjektet EUROSION skal etablere eit felles system for overvaking og modellering av jorderosjon i Europa. Målet er å gi betre kunnskap om omfang, utvikling og årsaker til jorderosjon, og dermed eit betre grunnlag for meir treffsikre tiltak i landbruket.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom