Sbanken meiner kundane blir lurte med lokkerenter: – Viser ikkje heile rekninga
4.5.2026 09:16:07 CEST | Sbanken fra DNB | Pressemelding
Med rentemøtet i Noregs Bank rett rundt hjørnet er mange ekstra opptekne av vilkåra for bustadlånet sitt. Sbanken åtvarar mot marknadsføring som gjer det vanskelegare for kundane å forstå dei faktiske kostnadene for eit lån.

– Folk blir lurt. Fleire aktørar marknadsfører lån med nominell rente, utan å vise den reelle effektive renta eller eit konkret prisdøme. Ikkje alle er klar over forskjellen og får eit ufullstendig og misvisande bilete av kva lånet faktisk kostar, seier Lars Hopland Nestås, leiar for Sbanken.
Effektiv rente viser heile biletet
Skilnaden mellom nominell og effektiv rente vil i mange tilfelle utgjere fleire tusen kroner i året. Effektiv rente er den faktiske kostnaden for lånet, altså nominell rente pluss omkostningar.
– Utan den effektive renta risikerer kundane å sjå på tilbod som ikkje er samanliknbare. Det kan høyrest ut som ein god deal, men den reelle kostnaden for lånet viser seg å vere høgare, seier Nestås.
Sbanken har difor valt ei anna linje.
– Vi brukar alltid effektiv rente i marknadsføringa vår og viser konkrete døme på kva eit lån faktisk kostar. Det er skvært overfor kundane. Hadde vi gjort noko anna, ville vi vore urolege for om vi gav eit rett bilete av totalomkostningar, seier han.
Ikkje godt nok
Å marknadsføre nominell rente er ikkje i seg sjølv i strid med lovverket, så lenge effektiv rente òg er tydeleg framheva. Nestås er uroa over at fleire no marknadsfører renter som ikkje viser heile rekninga, og meiner det ikkje er godt nok i ei tid der mange hushald er ekstra merksame på renteutgiftene.
– Å ta opp eit bustadlån er den største og mest langvarige økonomiske avgjerda dei fleste av oss tek. Difor meiner vi det er eit særskilt ansvar å vere tydelege og reielege i måten vi kommuniserer pris på, utdjupar Nestås.
Han understrekar at poenget ikkje er å henge ut enkeltaktørar, men å løfte ei prinsipiell problemstilling som kundane må vere merksame på.
Nøkkelord
Kontakter
Julia Stelzer NorbergKommunikasjonsrådgiver
Tel:+47 90 51 37 02julia.stelzer.norberg@dnb.noFølg pressemeldinger fra Sbanken fra DNB
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sbanken fra DNB på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sbanken fra DNB
Sbanken tester KI direkte på kundenes kontoer27.4.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Sbanken tar neste steg i bruk av generativ KI ut mot kundene, og tester i en tidlig fase en chatløsning der KI brukes til å gi innsikt basert på kundens egne transaksjoner.
Sbanken slår rekorder22.9.2025 09:26:24 CEST | Pressemelding
Sbanken har ikke sett tilsvarende pågang for boliglån på femten år, og jobber for fullt for å holde responstid nede.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom