Ny podcast opnar med EU-debatt

4.5.2026 07:00:00 CEST | Fiskebåt | Pressemelding

Del

Ein direktesendt EU-debatt mellom Trond Giske og Rasmus Hansson markerer starten på Fiskebåt si podcast-satsing  - "Åpen båt".

Fiskebåt med Odd Kristian Dahle og Susanne Giske står bak podcast-satsinga Åpen båt.
Fiskebåt med Odd Kristian Dahle og Susanne Giske står bak podcast-satsinga Åpen båt. Foto: Fiskebåt

Første podcast går direkte frå konferansen The Next Wave på Giske, torsdag 7. mai.

- Vi skal vere aktuelle, men også trekke dei lange linjene. Då er det naturleg å starte med noko av det mest betente i norsk politikk - nemleg EU-debatten, seier Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i Fiskebåt.

Han skal sjølv leie debatten på The Next Wave, mellom Trond Giske, fiskeripolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, og Rasmus Hansson, nestleiar i Europabevegelsen.

EU og fiskeri
Fiskeripolitikken sto sentralt då Norge sa nei til EU-medlemskap i 1994. Deretter er det mykje som har endra seg innan fiskerinæringa, både i Norge og EU. I tillegg skal Island 29. august gjennomføre ei folkerøysting, der dei skal ta stilling til om dei skal ta opp att forhandlingane om EU-medlemskap.

- EU-debatten er i ferd med å livne opp att i samfunnet, og vi set stor pris på at vi kan starte vår podcastsatsing på The Next Wave, med eit så aktuelt tema. Det er ein innovativ fiskerikonferanse som i år feirar 10-års-jubileum, seier Dahle.

Variert innhald
Podcasten vil også ha mykje å by på for dei som ikkje er så interesserte i politikk. Gjennom samtalar med fiskarar og andre aktørar skal lyttarane få innblikk i korleis livet er på havet, der fiskarar får fortelle om sine kvardagar og opplevingar. "Åpen båt" har også som mål å løfte fram problemstillingar som er aktuelle og interessante for folk som ikkje har noko tilknyting til fiskerinæringa.

For at det skal bli lettare for lyttarane å navigere, vil podcasten bli delt inn i tre kategoriar - "Aktuelt", "Live" og "Historier".

- Frekvensen mellom dei tre kategoriane vil nok variere, men etter kvart bør det vere nok og variert stoff til å kunne engasjere breidt. Skal denne satsinga lukkast treng vi hjelp frå dei som høyrer på, med å sende oss tips og innspel til tema som er relevante å ta opp, seier Susanne Giske som er medprodusent for podcast-satsinga.

Alle episodar vil vere tilgjengelege på ei eiga landingsside på fiskebat.no. I tillegg vil dei vere å finne på Spotify og andre plattformar for podcastar.

Nøkkelord

Kontakter

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

Statsbudsjettet: Skuffet over at regjeringen viderefører konkurransevridende avgiftspolitikk15.10.2025 11:36:21 CEST | Pressemelding

- Det er positivt at regjeringen øker bidraget til kompensasjonsordningen for fiskeflåten, men det er kun fritak for CO2-avgift som vil gi likeverdige konkurransevilkår med landene rundt oss. For store deler av fiskeflåten finnes det ikke alternativt drivstoff til diesel, og høye særnorske avgifter er ikke veien å gå for å få ned utslippene fra fiskeflåten, sier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye