Tamber Shield 26: Saman om å sikre norsk beredskap
28.4.2026 08:34:37 CEST | Forsvaret | Pressemelding
Dei neste vekene vil det vere økt aktivitet i Bergensområdet med britiske og norske fartøy, og britiske helikopter. Øvinga er viktig for å sikre beredskap og felles forsvarsevne.

Dei neste vekene vil det vere økt aktivitet i Bergensområdet med britiske og norske fartøy, og britiske helikopter. Øvinga er viktig for å sikre beredskap og felles forsvarsevne.
Øvinga Tamber Shield har blitt gjennomført årleg sidan 2023, som ein viktig arena for samtrening mellom Sjøforsvaret og Royal Navy. Det er den britiske 815 Naval Air Squadron som leiar øvinga, og deltek med sine Wildcat-helikopter. I tillegg deltek britiske patruljefartøy, norske Skjold-klasse korvettar og fregatten KNM Fridtjof Nansen.
I år skal Tamber Shield også fokusere på å utvikle nye operasjonskonsept med ubemanna system. For første gong skal ein britisk droneskvadron delta med overvakingsdroner.
Øvinga blir gjennomført i Bergensområdet, og varer frå 27.april til 14.mai - med mest aktivitet frå 4.-14.mai.
Tidlegare i år signerte Norge og Storbritannia ein helikopteravtale, for å vidareføre samarbeidet frå operasjon Highmast og gjere det mogleg for britiske helikopter å operere ut frå norske basar og fartøy.
– Tamber Shield er ein viktig arena til å vidareutvikle vår allereie tette integrering med Storbritannia og Royal Navy. Ved å trene i norske fjordar og kystnære område, sikrar vi ein betre beredskap for Noreg og ei sterkare felles forsvarsevne saman med ein av våre nærmaste allierte, seier sjef Marinen, flaggkommandør Kyrre Haugen.
Fakta om Tamber Shield 26:
- Øving Tamber Shield 26 foregår frå 27.april til 14.mai i Bergensområdet.
- Tamber Shield er ei årleg øving leia av britiske 815 Naval Air Squadron, kor norske og britiske fartøy og helikopter har trena saman kvart år sidan 2023.
- I år fokuserer øvinga på å utvikle nye operasjonskonsept, blant anna med ubemanna system.
- Sjøforsvaret deltek med korvettar i Skjold-klassen frå 1. Korvettskvadron, og fregatten KNM Fridtjof Nansen. I tillegg til å vere vertsnasjon for dei britiske skvadronane og fartøya som er til stades under øvinga.
- Royal Navy deltek med Wildcat-helikopter frå 815 Naval Air Squadron, Puma overvakingsdroner frå 700x Naval Air Squadron og P2000 patruljefartøy.
Kontakter
Helene SynesSenior Kvartermester
Kommunikasjonsbefal i Sjøforsvaret
Kjartan SildnesOrlogskaptein
Talsperson Sjøforsvaret
Om Forsvaret
På oppdrag frå politikarane løyser Forsvaret ei rekkje oppdrag for å halde Noreg trygt. Forsvaret er det sterkaste verkemiddelet norske styresmakter har. Politikarane har bede Forsvaret om å løyse fleire oppgåver på vegner av samfunnet. Vi har samanfatta oppgåvene våre i fem hovudoppdrag:
- Forsvare Noreg og Noregs allierte
- Overvake og drive etterretning
- Trygge grensene og sikre handlefridom for politikarane
- Samarbeide internasjonalt
- Støtte det sivile Noreg

Følg pressemeldinger fra Forsvaret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forsvaret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Forsvaret
Pressedag på Forsvarets opptak og seleksjon22.6.2026 15:47:51 CEST | Presseinvitasjon
Nå skal Forsvaret finne fremtidens ledere, og vi inviterer media til å delta i årets opptak og seleksjon på Sessvollmoen torsdag 2. juli.
KV Hopen setter kursen mot Arktisk samarbeid – seiler fra Bergen fredag19.6.2026 12:35:53 CEST | Pressemelding
Fredag 19. juni kl. 18:00 forlater Kystvaktfartøyet KV Hopen Bergen for å gjennomføre Operation Arctic Cohesion 2026 – et omfattende, internasjonalt tokt som skal styrke samarbeidet mellom arktiske kystvakter.
Norske og allierte styrker trener på ubåtjakt utenfor Bergen9.6.2026 13:20:49 CEST | Pressemelding
Fra 5. til 18. Juni vil Sjøforsvaret gjennomføre en øvelse utenfor Bergen. Det vil være økt aktivitet i området både til sjøs og i luftrommet.
Afghanistan-veteraner hedres i Oslo lørdag 13. juni9.6.2026 13:06:01 CEST | Pressemelding
Lørdag 13. juni gjennomfører Forsvaret en nasjonal markering for norske veteraner som har tjenestegjort i Afghanistan. Markeringen vil være synlig flere steder i Oslo sentrum og på Akershus festning.
New Zealand og Australia går med i norskledet Ukraina-operasjon9.6.2026 12:25:45 CEST | Pressemelding
New Zealand og Australia har signert en avtale om å slutte seg til den norskledede Operasjon Legio, et multinasjonalt trenings- og utdanningsprogram for ukrainsk personell som gjennomføres i Polen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom