Ber om droneforbod over 27 stavkyrkjer
27.4.2026 06:00:00 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding
Stavkirkene er blant Noregs nasjonalskattar. No søkjer Riksantikvaren om droneforbod over kyrkjene av omsyn til tryggleiken.

Noregs 28 stavkyrkjer er blant dei bygningane i landet med høgast kulturhistorisk verdi. Dei eldste har stått i nærare 900 år, og er dermed blant dei eldste bevarte trebygningane i verda.
Søknaden om droneforbodet går til Luftfartstilsynet. 27 av 28 stavkyrkjer stiller seg bak søknaden:
– Stavkyrkjene er i aukande grad turistmagnetar, seier Marianne L. Nielsen, direktør for kulturminneavdelinga hos Riksantikvaren.
– Med aukande besøkstal, ser stavkyrkjeeigarane at stadig fleire flyg drone rundt kyrkjene. Det har også vore uhell ved stavkyrkjer som følgje av droneflyging, men førebels har ikkje dette fått alvorlege konsekvensar.
Dei best besøkte kyrkjene er store turistattraksjonar, og kan ha opp mot 60.000 betalande besøk i løpet av ein sesong. I tillegg besøkjer mange kyrkjene utanfor opningstida.
Høg risiko for uhell
Konsekvensene av uhell med dronar i samband med stavkyrkjene kan vere alvorlege. Kyrkjene har mange sårbare bygningsdelar som spir, glas, utskjeringar og tekniske anlegg som kan bli øydelagde ved ein kollisjon. Lithiumbatteriene i dronar kan ta fyr dersom dei får skadar.
– Om ein drone styrtar og hamnar på eit tak eller inne i eit klokketårn utgjer det ein stor brannfare, understrekar Nielsen.
– Dette vil vi unngå utan omsyn til kostnaden.
Søknaden gjeld luftromrestriksjonar heile året. I samarbeid med stavkyrkjeeigarane, har Riksantikvaren avgrensa radiusen til det reint nødvendige for å oppnå ønsket effekt. For dei fleste kyrkjene er dette minimumet 100m radius frå stavkyrkja, men enkelte kyrkjer ser behov for ei større forbodssone.
– I søknaden legg vi opp til at kyrkjeeigar kan innvilge unntak, seier Nielsen.
– Dette kan gjelde vedlikehaldsarbeid eller søknader frå profesjonelle fotografar. I tillegg treng ikkje grunneigarane rundt kyrkjene å forhalde seg til restriksjonane innanfor eigen eigedom.
Droneflyginga påverkar også opplevinga av stavkyrkjene negativt for dei besøkjande. Ein del stavkyrkjer har også kyrkjegard, og det betyr også at dronar forstyrrar gravfreden.
Desse stavkyrkjene vil ha droneforbud:
- Borgund stavkyrkje: Radius 100m.
- Eidsborg stavkyrkje: Radius 100m.
- Flesberg stavkyrkje: Radius 100m.
- Garmo stavkyrkje: Radius 100m.
- Gol stavkyrkje på Norsk Folkemuseum: Radius 250m.
- Grip stavkyrkje: Radius 100m.
- Haltdalen stavkyrkje: Radius 100m.
- Hedalen stavkyrkje: Radius 100m.
- Heddal stavkyrkje: Radius 200m for å dekke heile kyrkjegarden.
- Hegge stavkyrkje: Radius 100m.
- Hopperstad stavkyrkje: Radius 100m.
- Høre stavkyrkje: Radius 100m.
- Høyjord stavkyrkje: Radius 100m.
- Kaupanger stavkyrkje: Radius 140m for å dekke heile kyrkjegarden.
- Kvernes stavkyrkje: Radius 100m.
- Lom stavkyrkje: Radius 100m.
- Lomen stavkyrkje: Radius 100m.
- Nore stavkyrkje: Radius 100m.
- Reinli stavkyrkje: Radius 100m.
- Ringebu stavkyrkje: Radius 110m grunna stor kyrkjegarden.
- Rollag stavkyrkje: Radius 100m.
- Rødven stavkyrkje: Radius 100m.
- Røldal stavkyrkje: Radius 100m.
- Torpo stavkyrkje: Radius 100m.
- Urnes stavkyrkje: Radius 100.
- Uvdal stavkyrkje: Radius 130m for å dekke bygdetunet på nordsida.
- Øye stavkyrkje: Radius 100m.
Undredal stavkyrkje er den eneste kyrkja som ikkje er omfatta av søknaden. Årsaken til dette er at dei ikkje har det same presset frå turistenes droneflyging.
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder



Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Bare 60 år gammel, men nå blant Norges viktigste kirker17.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nå setter Riksantikvaren Steinkjer kirke på lista over kulturhistorisk viktige kirker i Norge. For første gang på 26 år kommer det en ny kirke inn på lista.
Berre 60 år gammal, men no blant Noregs viktigaste kyrkjer17.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
No sett Riksantikvaren Steinkjer kyrkje på lista over kulturhistorisk viktige kyrkjer i Noreg. For første gang på 26 år kjem det ei ny kyrkje inn på lista.
Åpner vikingskipsgrav på Karmøy5.8.2026 11:30:33 CEST | Pressemelding
Grønhaug - som knyttes til Harald Hårfagres tid - skal undersøkes 124 år etter forrige utgraving.
Opnar vikingskipsgrav på Karmøy5.8.2026 11:30:33 CEST | Pressemelding
Grønhaug, som er knytt til tida til Harald Hårfagre, skal undersøkjast 124 år etter førre utgraving.
3,5 millioner til kulturmiljø over hele landet22.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren ser rekordstor interesse for å søke om midler til kulturmiljø i næring, industri, bygd og by.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom