Helgestenging i Fløyfjelltunnelen sørgåande løp 8.-11. mai
23.4.2026 15:52:52 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen skal gjennomføre naudsynt arbeid i Fløyfjelltunnelen for å etablere brannsikker straumforsyning til naudutrusting og ventilasjon. Sørgåande løp (mot Bergen sentrum) blir derfor stengt andre helg i mai.

Arbeidet fører til redusert framkome i perioden, frå fredag 8. mai til måndag 11. mai.
Naudsynt arbeid for auka tunnelsikkerheit
Statens vegvesen skal etablere brannsikker straumforsyning til naudutrusting og ventilasjon i Fløyfjelltunnelen. Vi skal grave over vegen i tunnelen for kabelkryssing, dette er eit viktig tiltak for å sikre at kritiske funksjonar fungerer som dei skal ved brann eller andre alvorlege hendingar.
Arbeidet går føre seg frå klokka 17.00 fredag 8. mai til klokka 05.30 måndag 11. mai.
Den relativt lange stengjeperioden er naudsynt fordi arbeidet omfattar sprengingsarbeid, reetablering av bærelaget i betong i tunnelen og etterfølgjande asfaltering etter at betongen har herda. Sprenginga tek tid og stiller strenge krav til tryggleik, og både herding av betong og asfaltering krev samanhengande arbeidstid før tunnelen kan opnast for ordinær trafikk att. Arbeidet let seg difor ikkje gjennomføre med korte nattestengingar.
– Det finst ikkje noko tidspunkt som passar godt for å stengje ein så viktig tunnel. Dette tidspunktet er valt fordi det er vurdert som mindre dårleg enn alternativa, samstundes som arbeidet kan gjennomførast på ein trygg og fagleg forsvarleg måte, seier seksjonsjef Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.
Slik vert trafikken påverka
Sørgåande løp i Fløyfjelltunnelen, mot Bergen sentrum, blir stengt i heile arbeidsperioden.
Nordgåande løp på E39 (frå Bergen sentrum mot Åsane) er ope for trafikk i heile perioden.
Det vil berre vere korte, mellombelse stansar natt til laurdag i samband med sprengingsarbeid.
All trafikk frå nord som skal mot Bergen sentrum eller søndre bydelar bør nytte fv. 587 Hardangervegen (Grimesvingane).
Dette er hovudomkøyringsruta og den klart mest hensiktsmessige løysinga.
Omkøyring via Sandviken og Bryggen er frårådd. Trafikk gjennom fv. 577 Sandviksveien og over Bryggen vil gi store køar og lang ventetid.
I sentrale delar av Bergen sentrum og i viktige knutepunkt på Hardangerveien (Grimesvingane) blir det sett inn trafikkvakter som manuelt styrer trafikken i dei mest belasta kryssa og knutepunkta.
– Det kjem til å bli kø. La bilen stå
Statens vegvesen oppmodar folk sterkt til å nytte kollektivtransport ved reiser i og rundt Bergen sentrum denne helga. Biltrafikk vil i store delar av perioden føre til uføreseieleg framkome og lang ventetid.
Oppdatert trafikkinformasjon finst på 175.no og i appen Vegvesen trafikk.
Dialog og beredskap
Statens vegvesen har tett dialog med utførande entreprenør, nødetatane og kollektivaktørane for å handtere trafikale konsekvensar og sikre naudsynt beredskap medan arbeidet pågår.
– Vi beklagar ulempene tiltaket får for trafikantane våre men ber om forståelse for at arbeidet er nødvendig for å sikre ein trygg og sikker tunnel også i framtida.
– Vi har og registert gladnyheita om at Brann har gått videre til cupfinalen i Oslo. Vi har initiert dialog med Bergen kommune og vil innlemme tiltak på omkjøringsvegen i Bergen sentrum laurdag kveld i våre planar, seier Engebø.
Kontakter
Jørn Kristian EngebøSeksjonssjefStatens vegvesen, Drift og vedlikehald
Tel:951 91 891jorn.engebo@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Tildeling av tunnelkontrakt i Fellesprosjektet Arna–Stanghelle16.10.2026 18:51:02 CEST | Pressemelding
Hæhre Entreprenør AS er tildelt den første tunnelkontrakten i Fellesprosjektet Arna–Stanghelle. Arbeidene omfatter anleggstunneler, sjakter og forberedende arbeider langs E16 mellom Arna og Stanghelle.
Kjøre øst-vest? Rv. 52 Hemsedalsfjellet stenger 13,5 timer i døgnet16.10.2026 12:54:47 CEST | Pressemelding
Sprengningsarbeid stenger riksveg 52 Hemsedalsfjellet i lange perioder daglig fram til jul. Vegen blir stengt dag, kveld og natt.
Varsler tidligere nattestenging av Nappstraumtunnelen16.10.2026 11:34:49 CEST | Pressemelding
Fra og med 16. november til og med 6. desember nattestenges Nappstraumtunnelen fra kl. 21.00 på Flesa og 21.30 på Napp. To timer tidligere på Flesa enn i dag og en time tidlige på Napp.
Ny gang- og sykkelveg mellom Slitu og Sekkelsten blir forsinket16.10.2026 10:25:00 CEST | Pressemelding
Den nye gang- og sykkelvegen langs fv. 128 mellom Slitu og Sekkelsten øst for Askim blir forsinket. Prosjektet ventes ferdig våren 2027.
Ny rasteplass opnar ved Lærdalsfjorden15.10.2026 12:41:59 CEST | Pressemelding
Tysdag 20. oktober opnar Statens vegvesen ein ny rasteplass på Røyrnes langs fylkesveg 5627 i Lærdal kommune.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom