Statens vegvesen

Fyrte av første tunnelsalve riksveg 13 i Rødsliane

22.4.2026 12:07:37 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Nå er arbeidet med den rassikre tunnelen gjennom Rødsliane i gang. Onsdag ble den aller første salven fyrt av. Det var statssekretær Jakob Vorren og varaordfører i Suldal kommune Torbjørn Indrebø som gjekk på ein positiv smell. Markeringa var lagt til nordsida av rv. 13 Lovraeidet–Rødsliane.  

Per Kollstad Statens vegvesen

Tunneldrivinga startar i nord
Tunneldrivinga startar i nord ved Rødsliane, og det er planlagt å drive om lag 400–500 meter i sørleg retning. Etter dette vil drivinga i dagsone sør starte med en anleggstunnel fra lekter og inn i hovedløpet hovudsak skje frå sør via en lekter lengst inne i Lovrafjorden og nordover. 
 

– Rv. 13 Lovraeidet–Rødsliane er eit viktig rassikringsprosjekt der ny tunnel og veg gir tryggare ferdsel og meir stabile vegsambindingar. I enkelte tilfelle er det heilt nødvendig å byggje nytt for å sikre trafikantane. Det er dette prosjektet eit døme på. Samstundes skal vi ta vare på og forbetra vegnettet vi allereie har, seier statssekretær i Samferdselsdepartementet Jakob Vorren.


Første tunnelsalve markerer viktig milepæl
Den første tunnelsalva er ein viktig milepæl i utbygginga av strekninga, som skal gi betre framkomelegheit og auka trafikksikkerheit på den svært rasutsette riksvegen 13. 
 
– Rv. 13 går gjennom krevjande og rasutsette område, og på enkelte strekningar har dette over tid skapt utfordringar både for tryggleiken og framkomelegheita. Utbygginga av Lovraeidet–Rødsliane er eit viktig tiltak for å redusere rasrisikoen og gjere vegen tryggare, seier prosjektleiar i Statens vegvesen Geir Strømstad. 
 
Tryggare og meir effektiv reiseveg
Tunnelen vert  500 m frå nordsida ved Rødsliane og deretter  startar arbeidet med tunneldriving frå sør .Det vidare arbeidet vil gå føre seg i tråd med gjeldande planar og med naudsynte omsyn til tryggleik, miljø og naboar. 
 
Når prosjektet står ferdig, vil strekninga bli ein tryggare og meir effektiv reiseveg, med betre framkomelegheit for lokalsamfunnet. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Fra venstre Hadle Eide Bakka, statssekretær Jakob Vorren,  varaordfører Torbjørn Indrebø, Sølve Myrvang, anleggsleder i LNS Helle Nilsen, prosjektleder Geir Strømstad og byggeleder Bengt Hangeland i Statens vegvesen
Fra venstre Hadle Eide Bakka, statssekretær Jakob Vorren, varaordfører Torbjørn Indrebø, Sølve Myrvang, anleggsleder i LNS Helle Nilsen, prosjektleder Geir Strømstad og byggeleder Bengt Hangeland i Statens vegvesen
Kathrine Hausken Kase Statens vegvesen
Last ned bilde
Fra venstre statssekretær Jakob Vorren,  varaordfører i Suldal kommune Torbjørn Indrebø, Sølve Myrvang, anleggsleder i LNS Helle Nilsen og prosjektleder i Statens vegvesen Geir Strømstad
Fra venstre statssekretær Jakob Vorren, varaordfører i Suldal kommune Torbjørn Indrebø, Sølve Myrvang, anleggsleder i LNS Helle Nilsen og prosjektleder i Statens vegvesen Geir Strømstad
Per Kollstad Statens vegvesen
Last ned bilde

Lenker

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye