Frå null til 500 ladarar for elektrisk lastebil på tre år: Vil bety mykje for norske klimagasskutt
17.4.2026 15:15:31 CEST | Enova | Pressemelding
Ei omfattande utbygging av ladestasjonar har no gjort det mogleg å køyre elektrisk langtransport mellom alle dei store byane i Sør-Noreg.

– Lastebilar står for store utslepp, og elektrifisering her er heilt avgjerande. Det er difor eit stort og viktig gjennombrot at det no er mogleg å køyre elektriske lastebilar mellom fleire av Noregs store byar. Støtta frå Enova gir akkurat det vesle dyttet denne delen av sektoren no treng for å kutte utslepp, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Noko av det viktigaste vi kan gjere for å kutte utslepp frå tungtransport, er å få fleire lastebilar over på straum. Difor er det gledeleg at vi har fått til ei storstilt satsing på ladestasjonar som no dekkjer heile Sør-Noreg, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Ein femdel av norske utslepp frå vegtrafikk
– Vegtrafikken står for nesten ein femdel av dei totale utsleppa av klimagassar i Noreg. Av dette utgjer utslepp frå tunge køyretøy rundt 30 prosent. Difor betyr det mykje å ha nok stader å lade for den aukande delen elektriske lastebilar, seier ansvarleg for Enova si satsing på elektriske nyttekøyretøy, Carl-Erik Kullmann.
Ladetilbodet for elektriske lastebilar har på tre år gått frå nesten null til 77 offentleg tilgjengelege ladestasjonar. Stasjonane har til saman 368 ladepunkt, som anten kan brukast av både personbilar og lastebilar, eller berre lastebilar. I løpet av året opnar ytterlegare 30 ladestasjonar med 123 ladepunkt, som berre er for lastebilar.
Så langt i 2026 utgjer elektriske lastebilar 20 prosent av alle nye lastebilar i Noreg, mot litt over 12 prosent ved slutten av 2024. For tunge lastebilar over 12 tonn er delen nye elektriske lastebilar 12,5 prosent, mot drygt 8 prosent ved slutten av 2024. Totalt er det nesten 3 000 elektriske lastebilar i Noreg, der om lag 1 300 er tunge.
– Vil bli stadig meir utbreidd
Enova har dei tre siste åra gitt til saman nesten 170 millionar kroner i støtte til å etablere offentleg tilgjengelege ladestasjonar for elektriske lastebilar. Private har sjølve investert 210 millionar kroner i dei ladestasjonane Enova har støtta. I tillegg er eit betydeleg tal ladestasjonar utelukkande finansierte med privat kapital.
– Dei mange private investeringane som kjem i tillegg til støtta Enova gir til ladarar for elektriske lastebilar, viser at det er stor tru i marknaden på at elektriske lastebilar vil bli stadig meir utbreidde i åra framover, seier Kullmann.
– For oss handlar dette om å byggje tilbodet der det er behov i dag. Vi samarbeider tett med transportkundar og utviklar lading langs rutene dei køyrer. Vi ser at dette no byrjar å fungere i ordinær drift. Neste steg er å få opp volumet, både i infrastruktur og i talet på elektriske lastebilar, seier kjedesjef i St1, Øyvind Andreassen.
– Starten på ei større utvikling
Det er likevel behov for å betre lademoglegheitene for lengre tungtransport ytterlegare. Særleg i Nordland og vidare nordover, sjølv om det gradvis opnar ladestasjonar i Troms og Finnmark. Førebels er Bergen–Trondheim ikkje godt eigna å køyre med elektrisk lastebil utan å køyre innom Oslo. I tillegg treng strekninga Oslo–Bergen fleire ladarar på tre av fire ruter over fjellet.
– Ladetilbodet for elektrisk tungtransport har blitt vesentleg betre på få år. Samstundes er det langt frå perfekt, og må sjåast som starten på ei større utvikling, seier Kullmann.
– Passar med kviletida til sjåførane
– Ladestasjonane er godt eigna til å kombinere lading med kravet sjåførane har om 45 minutt kviletid. Med neste generasjon lastebilar, som kan bestillast no, vil lastebilen i denne tida få nok energi til å køyre nye 4,5 timar, seier Kullmann.
I tillegg til dei offentlege ladarane har ei rekkje transportverksemder etablert eigne ladarar på anlegga sine, ein god del med Enova-støtte. Allereie er det 500 slike ladepunkt, som er opne for bruk av andre selskap etter avtale, og fleire opnar framover. På same måte som for diesel kan transportselskapa inngå prisavtalar med ladeoperatørane eller kvarandre, slik at dei får nødvendig føreseielegheit i kostnadene.
Framover vil Statens vegvesen sørgje for mange nye ladarar på døgnkvileplassane til lastebilsjåførane, gjennom regjeringa si tungbilpakke. Først ut er fleire stader i Nordland og Troms.

Nøkkelord
Kontakter
Roald Lund FleinerEnova SF
Tel:+47-913 02 938roald.fleiner@enova.noAndre språk
Følg pressemeldinger fra Enova
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Enova på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Enova
Norge investerer betydelig i energi- og klimaomstilling midt i en krevende tid31.3.2026 14:14:08 CEST | Pressemelding
Enova støttet i fjor 41 000 energi- og klimaprosjekter, med til sammen 10 milliarder kroner. – I tillegg til Enovas støtte investerte bedrifter og husholdninger selv 15 milliarder i de samme prosjektene, sier konstituert Enova-direktør Rune Holmen.
Noreg investerer betydeleg i energi- og klimaomstilling midt i ei krevjande tid31.3.2026 14:14:08 CEST | Pressemelding
Enova støtta i fjor 41 000 energi- og klimaprosjekt, med til saman 10 milliardar kroner. – I tillegg til støtta frå Enova investerte bedrifter og hushald sjølve 15 milliardar kroner i dei same prosjekta, seier konstituert Enova-direktør Rune Holmen.
Rekordmange boligeiere søker støtte til energitiltak17.3.2026 12:50:48 CET | Pressemelding
Norske boligeiere har det siste halve året fått innvilget støtte til nesten 29.000 tiltak for å gjøre boligene sine mer energieffektive, gjennom en ny støtteordning fra Enova.
Har søkt om 9 milliarder til flytende havvind-prosjekter18.2.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Fem selskaper har søkt Enova om til sammen 9 milliarder kroner for å lage demonstrasjonsanlegg innen flytende havvind de fem nærmeste årene.
Rune Holmen blir konstituert leder for Enova29.1.2026 15:00:31 CET | Pressemelding
-Enova skal drive fram varige markedsendringer som bidrar til både energi- og klimaomstilling, og sørge for at løsningene på sikt blir foretrukket uten støtte. Min jobb nå blir å sikre retning og forutsigbarhet i det viktige energi- og klimaoppdraget vi har fått fra Regjeringen, sier Holmen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom