Enklare å spare straum i freda bygningar
21.4.2026 07:00:00 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding
Varmepumper er effektivt for å spare straum og klimautslepp, og det er skånsamt for freda bygningar. No meiner Riksantikvaren at også fleire kyrkjer kan vurdere varmepumper.

– Eldre bygningar bruker ofte mykje energi til oppvarming, og eigarane merkar straumprisar rett i lommeboka, seier Marianne Louise Nielsen, direktør for kulturminneavdelinga hos Riksantikvaren.
– Kostnaden ved å varme opp kyrkjer er tung å bere for dei kyrkjelege fellesråda. Derfor ønskjer vi å gjere det enklare for både fellesråd og private eigarar å velje energivennlege løysingar for bygningar med vern.
– Derfor er det smart å undersøkje moglegheitene for varmepumpe i eldre hus. Samtidig gir redusert energibruk også eit lågare klimagassutslepp.
For å setje inn varmepumpe i bygningar med vern, må eigarane leggje litt meir arbeid i planlegginga av løysingar. Mellom anna er det nødvendig å søkje om dispensasjon. Privatpersonar som eig eit freda hus må søkje til fylkeskommunen, medan kyrkjelege fellesråd som forvaltar kyrkjer med vern må søkje til biskopen, som deretter får råd av Riksantikvaren.
Dette kan verke som tunge prosessar, og mange synest kanskje det er vanskeleg å tenkje seg korleis det kan sjå ut til slutt.
– Det handlar om å finne gode løysingar som passar for bygningen, seier Nielsen.
– Derfor har vi laga ein rettleiar som både gir råd om korleis du går fram og kven du bør ha kontakt med, samtidig som vi viser gode døme på løysingar både inne og ute i bygningar. Det treng ikkje å vere komplisert, men bygningar med vern treng litt meir omtanke enn at vi set ei varmepumpe midt på veggen.
For luft-til-luft-varmpepumper kan dette handle om rett plassering ved bygningen eller å byggje eit lite hus rundt varmepumpa i same fargar som veggen. Rettleiaren har både konkrete døme frå rundt omkring i Noreg og illustrasjonar på gode og dårlege løysingar.
I mange tilfelle kan bergvarme med vassbore anlegg vere meir effektivt over tid, dersom det er mogleg å etablere bergvarme. Det vil lønne seg på sikt, og kan også vere det beste alternativet for bygningen.
Kan enkelt tilbakeføre etterpå
Ein luft-til-luft-varmepumpe kan fjernast utan at han har ført til skadar eller varige endringar på bygningen.
– Nokon meiner kanskje at ei varmepumpe ikkje passar saman med eit freda hus, og at det kan redusere verneverdien. Her legg vi vekt på at det er lett å tilbakeføre bygningen utan skadar, kommenterer Nielsen.
Spesielt for kyrkjene er at ei kyrkje ikkje har ei "framside" eller ei "bakside":
– Vårt råd er at kyrkjeeigarane startar med ei kartlegging av behov, moglegheiter og alternativ. Om dei landar på å greie ut moglegheita for bruk av luft-til luft varmpumpe kan dei sjekke om det er mogleg med eit frittståande varmepumpehus, om dei kan plassere utedelen på ein bygning i nærleiken eller om tre og buskar kan gi dekke. Innandørs har vi svært fine døme frå Agder på kor diskret og elegant det er løyst i Valle og Mandal kyrkjer.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder




Lenker
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Dampbåten D/S Bjoren blir freda13.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren fredar no dampbåten D/S Bjoren, eit unikt og levande kulturminne frå den tidlege samferdsla i Noreg.
Spektakulært skipsfunn gjort i Skagerak1.6.2026 15:00:00 CEST | Pressemelding
Et 1700-tallsskip med en historisk last av kinesisk porselen og flere andre varer er funnet i norsk farvann. Det er det best bevarte funnet av sitt slag som er gjort i Nord-Europa.
Nå blir Ystås klyngetun fredet29.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Det tradisjonelle klyngetunet i Hardanger tas vare på for ettertiden.
No blir Ystås klyngjetun freda29.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Det tradisjonelle klyngjetunet i Hardanger blir teke vare på for ettertida.
Se oversikten: 6,6 millioner til arkeologiske kulturminner13.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nå er årets tilskudd til Norges eldste kulturminner fordelt.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom