Riksantikvaren_ - gir fem forskingsoppdrag for 2026
13.4.2026 07:00:00 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding
No er lista over kven som får årets forskingsoppdrag frå Riksantikvaren klar.

Det var 1,75 millionar i potten, og totalt søkte 41 på forskingsmiljø om oppdrag.
– Dei fem prosjekta som får midlar i år viser eit breitt spekter, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.
–Vi er glade for å sjå at interessa for å forske på kulturmiljø er så stor. Med denne tildelinga vil vi få viktig ny kunnskap om sentrale tema for kulturmiljøforvaltninga.
Prosjekta strekkjer seg frå korleis samfunn kan førebu seg på å ta vare på kulturminne i krig, til ringverknadene av tomme bygningar i byen, digital formidling av bergkunst, nedbrytning av treverk og til korleis dei reisandes kulturminne kan synleggjerast.
Undersøkjer ringverknader av tomme bygningar i Oslo
Prosjektet Stillstand frå Æra strategic innovation og Innoarch får 200 000 kr. Det tek fatt på problemstillinga ved at tomme butikkar, kontor og offentlege bygg er eit stadig vanlegare syn i norske byar, og undersøkjer korleis dette påverkar kulturmiljø og samfunnet rundt med Oslo som utgangspunkt.
– Stillstand kan føre til forfall, tap av byliv og møteplassar, redusert tryggleik og auka press mot rivning og nybygg, og dette er krevjande utfordringar for kulturmiljøforvaltninga, seier Skeidsvoll.
Å få synleggjort kva tomme bygg faktisk kostar samfunnet – økonomisk, sosialt og miljømessig – vil gjere det enklare å ta gode avgjerder om bevaring, transformasjon, mellombels bruk eller vidare utvikling av eksisterande bygningsmasse.
Beredskap for kulturminne i krig
Christian Michelsen-instituttet får 575 000 kr til eit samarbeid med forskingsmiljø i Sudan om korleis samfunn kan førebu seg på å ta vare på kulturminne i krig. Etter at krigen braut ut i 2023, har mange kulturminne vorte skadde eller øydelagde. No undersøkjer dei korleis samfunnet kan bruke både digital overvaking, fysiske førebuingar, handverkskunnskap og reglar og konvensjonar i vernet av kulturminna.
– Prosjektet har stor overføringsverdi i ei verd kor dramatiske endringar kan skje raskt. Dette handlar om å vere førebudd på det utenkjelege, og også Noreg kan lære mykje gjennom kartlegginga dei skal gjere.
Nedbryting av treverk
NMBU og NIBIO har fått 475 000 kroner til prosjektet SenseWood. Her undersøkjer dei materialnedbrytning på freda og verneverdige bygningar gjennom digital overvaking og analysar.
– Resultata vil gi auka del kvantitative data og meir presis avgjerdsstøtte for å ta vare på bygningar for framtida, seier Skeidsvoll.
Digital formidling av helleristningar
Kulturhistorisk museum og Østfold fylkeskommune har fått 300 000 kr til digital oppmaling av bergkunst. Tidlegare var det vanleg å male opp bergkunsten for å gjere den synleg for publikum, men dette er skadeleg for helleristningane. I dag er det fleire ulike digitale verktøy og metodar for å formidle bergkunsten.
–Forskarane skal gjere ei systematisk gjennomgang og evaluering av metodane, og undersøkje korleis forvitringsgrad, bergart og figurkompleksitet påverkar kva metodar som fungerer best, seier Skeidsvoll.
– Dette har stor nytteverdi for den verdifulle bergkunsten vi har over heile landet.
Eit kart over dei reisande
Akershus fylkeskommune får 200 000 kr til å greie ut korleis dei kan lage eit nasjonalt kart over kulturminne etter romani og taterar. Noreg har ein stor dokumentasjon av kulturminne etter romanifolket/taterane, men denne kunnskapen er fragmentert, ujamt fordelt og ofte lite tilgjengeleg. Prosjektet er ei vidareføring av den kunnskapen som kom frami det tidlegare FoU-prosjektet Passet påskrevet.
- Dei reisandes kulturminne og kulturmiljø utgjer ein viktig, men lenge marginalisert del av Noregs kulturarv, seier Skeidsvoll.
- Eit slikt kart vil samle viktig kunnskap, og synleggjere samanhengar mellom reiseruter, liggjesletter, busetjing, møteplassar, og vise geografiske mønster over tid.
Dette er Riksantikvarens FoU-midlar
Oppdragene blir tildelt etter ei årleg utlysing frå Riksantikvaren. Forskingsmiljøa kan foreslå og søkje om prosjekt som treffer kulturmiljøforvaltnings kunnskapsbehov. Sjå kunnskapsbehova her: https://riksantikvaren.no/kunnskapsbehov-hos-kulturmiljoforvaltningen/
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder

Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Riksantikvaren hyller Norges VM-drakt20.3.2026 15:29:03 CET | Pressemelding
– Jeg blir kjempeglad av å se ett av våre flotte verdensarvsteder representert på den norske landslagsdrakten, sier riksantikvar Hanna Geiran.
Freder kvensk gård med røtter tilbake til 1600-tallet16.3.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
Nergaardhuset på Nedrum gård er et av de eldste i Lyngen kommune, og har vært i kontinuerlig bruk i over 300 år. Nå freder Riksantikvaren gården som et sted av nasjonal verdi.
Nye undersøkelser om gift i gamle bygninger13.3.2026 13:46:23 CET | Pressemelding
Giftfunn i eldre bygninger ble avdekket gjennom rapporten Gift i bygningsvernet tidligere i år. Nå kommer det flere undersøkelser.
Se oversikten: Disse 208 kirkene får tilskudd9.3.2026 06:00:00 CET | Pressemelding
I 2026 kan det utbetalt en halv milliard kroner til kirkebevaring.
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millioner kroner til bygder, byer og næring og industri3.3.2026 09:32:28 CET | Pressemelding
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millioner kroner til prosjekter som vil ta i bruk kulturarven som ressurs i utvikling av kulturmiljø i bygder, byer, næring og industri.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom