Fosseforedraget og Fosseprisen 2026 med litteraturprogram heile veka på Nasjonalbiblioteket
9.4.2026 10:00:00 CEST | Nasjonalbiblioteket | Pressemelding
Torsdag 23. april held den amerikanske forfattaren Marilynne Robinson sitt nyskrivne Fosseforedrag Om tru og tankefridom på Slottet, før kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery deler ut Fosseprisen for omsetjarar til den nederlandske omsetjaren Paula Stevens.

Fosseforedraget og Fosseprisen blir i år arrangerte for andre gong og er i ferd med å etablere seg som ei ny litterær hending både i Noreg og internasjonalt.
– Fossearrangementet skal vere ein arena for refleksjon rundt litteraturen si kraft og rolle i samfunnet, og eit rom for fordjuping og store spørsmål. Det treng vi i vår tid, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Arrangementet går også i år føre seg på Det kongelege slottet, og publikum over heile landet kan følgje hendinga via strøyming på nb.no. Nyleg tiltredd nasjonalbibliotekar Åse Wetås leier publikum gjennom arrangementet, medan folkemusikar Kenneth Lien og elektronikaartist Niilas står for dei musikalske innslaga.
Litterær heilaftan og veke med fordjuping
På Nasjonalbiblioteket i Oslo blir arrangementet direktestrøymt på storskjerm og ramma inn av eit større kveldsprogram, som er opent for alle. Etter foredraget og prisutdelinga kan publikum bli med på lesesirkel, der eit panel går tettare inn i foredraget og diskuterer det ein nettopp har høyrt, før det blir etterfest med DJ-sett frå Niilas og serveringstilbod frå Credo.
– Fosseforedraget og Fosseprisen skal løfte fram litteraturen som noko som både samlar og utfordrar oss. I arrangementa på Nasjonalbiblioteket gjennom veka inviterer vi publikum til å gå djupare inn i både foredraget til Robinson og betydninga av litterær omsetjing, seier direktør for kulturformidling ved Nasjonalbiblioteket Eline Skaar Kleven.
Det litterære programmet på Nasjonalbiblioteket strekkjer seg frå måndag til laurdag og gir fleire inngangar til tematikken i foredraget. Publikum kan også møte både Marilynne Robinson og Paula Stevens på scena. Gjennom samtalar og panelsamtalar bidreg gjestar som Olaug Nilssen, Johan Harstad, Kaja Schjerven Mollerin, Jan Grue, Preben Jordal, Hilde Løvdal Stephens, Live Lundh, Lars Petter Sveen og Ingvild H. Rishøi til å kaste lys over litteraturen og tankane i foredraget og den avgjerande rolla omsetjarar spelar i å bringe norsk litteratur ut i verda.
Fosseforedraget blir gitt ut i bokform og vil vere til sals, mellom anna i NB nettbutikk og bokhandelen på Nasjonalbiblioteket.

Litterært program på Nasjonalbiblioteket:
- Måndag 20. april kl. 18.00–19.00
Bibelforteljingar i litteraturen
Kva rolle spelar dei bibelske forteljingane i moderne litteratur?
Forfattar Olaug Nilssen, teolog Ragnar Misje Bergem og kritikar Merete Røsvik møtest til samtale om motiv som offer, nåde og sanning – sentrale tema hos både Jon Fosse og Marilynne Robinson.
Samtalen blir leia av Lars Petter Sveen.
Torsdag 23. april
- Kl. 16.00–17.30
Fosseforedraget og Fosseprisen 2026
Sjå direktestrøyming frå Slottet på storskjerm.
Marilynne Robinson held foredraget, og deretter blir Paula Stevens tildelt Fosseprisen for omsetjarar. - Kl. 17.30–18.30
Nasjonalbibliotekbaren
Servering frå Credo med mat og drikke forankra i norsk matkultur. - Kl. 18.30–19.30
Vi les Fosseforedraget: «Om tru og tankefridom»
Kva seier Robinson om litteraturen – og korleis skal foredraget forståast?
Jan Grue, Hilde Løvdal Stephens og Live Lundh går i samtale om teksten, leia av Preben Jordal, som har omsett foredraget til norsk. - Kl. 19.30–23.00
Etterfest i Bakgården kantine på Nasjonalbiblioteket
Feiring av foredraget og prisutdelinga med DJ-sett ved elektronikaartist Niilas og servering frå Credo.
Fredag 24. april
- Kl. 18.00–19.00
Marilynne Robinson i samtale med Kaja Schjerven Mollerin
Gjennom romanar og essay har Robinson utforska spørsmål om tru, demokrati og menneskeverd. Her møter ho Kaja Schjerven Mollerin til samtale om litteraturen og årets Fosseforedrag.
Laurdag 25. april
- Kl. 11.00–12.00
100 år med norsk litteratur i utlandet
Korleis har norsk litteratur nådd ut i verda?
Ingvild H. Rishøi, Kristin Brudevoll og Giuliano D’Amico møtest til samtale om utviklinga frå Ibsen til i dag. Samtalen blir leia av Even Teistung.
I samarbeid med NORLA - Kl. 12.15–13.15
Fleire ord for fjell – samtale med Paula Stevens
Årets prisvinnar fortel om arbeidet med å omsetje norsk litteratur til nederlandsk, i samtale med Carline Tromp. Forfattar Johan Harstad deltek med døme frå samarbeidet.
I samarbeid med NORLA
Ei årleg heidring av Jon Fosse
Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar er oppretta av regjeringa og blir arrangert av Nasjonalbiblioteket som ei årleg heidring av nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse.
Fosseforedraget blir halde av ein internasjonal forfattar eller tenkjar, medan Fosseprisen går til ein omsetjar som har gjort norsk litteratur tilgjengeleg på andre språk.
Fosseprisen blir delt ut i samarbeid med NORLA, og Fosserådet fungerer som eit fagleg rådgjevande organ for Fosseforedraget.
Foredragshaldar og prisvinnar 2026
Marilynne Robinson (f. 1943) er ein amerikansk forfattar og essayist, særleg kjend for den prislønte Gilead-kvartetten. Ho er mottakar av ei rekkje store litterære prisar, mellom anna Pulitzerprisen.
Paula Stevens (f. 1955) har omsett nær 90 norske bøker til nederlandsk og er ein sentral formidlar av norsk litteratur internasjonalt.
Praktisk informasjon
Alle arrangementa på Nasjonalbiblioteket er gratis.
Billettar kan hentast på nb.no, der arrangementa også blir strøymde.
Kontakter
Nina BræinPresseansvarligNasjonalbiblioteket
Tel:+47 95 15 09 12presse@nb.noTruls BauerKommunikasjonsmedarbeiderNasjonalbiblioteket
Tel:+47 91 63 83 49presse@nb.noLenker
Følg pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonalbiblioteket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket
Utvalgte bilder fra Helge Gaarders arkiv i ny fotobok26.10.2026 10:00:00 CET | Pressemelding
Bilder fra turneer, reiser og konserter, av bandmedlemmer og venner, flyktige studier av bylandskap og natur. Privatarkivet etter musikeren Helge Gaarder (1953–2004) inneholder flere tusen fotografier, de fleste tatt av Gaarder selv. Nå utgir Nasjonalbiblioteket boka Helge Gaarder. Verden gjennom speilglass med utvalgte bilder fra dette arkivet.
Ny festival om musikk på Nasjonalbiblioteket8.10.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Fredag 6. og lørdag 7. november arrangerer Nasjonalbiblioteket den første utgaven av Diskoteket – en ny årlig festival om musikk. Geir «Biosphere» Jenssen urframfører et bestillingsverk basert på lyd fra Nasjonalbibliotekets samling, mens Dag Johan Haugerud presenterer en nyskrevet tekst med utgangspunkt i privatarkivet etter Jahn Teigen.
Ny bok forteller historier om Norge gjennom 50 kart22.9.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Kart kan gi kunnskap om langt mer enn landskap og landegrenser. I den nye boka fra Nasjonalbiblioteket Ukjent terreng tar Anders Kvernberg utgangspunkt i 50 kart for å fortelle like mange historier. Kartene er fra mellom 1721 og 2020 og belyser store og små hendelser i Norges historie, både hjemme og ute.
Nasjonalbiblioteket fordeler 24 millionar til leselyst og felles digital løysing for biblioteka10.9.2026 10:45:00 CEST | Pressemelding
Nasjonalbiblioteket fordeler 24 millionar kroner til bibliotekformål i 2026. 15 millionar går til ei felles digital formidlingsløysing for folkebiblioteka, medan ni millionar går til tiltak for leselyst blant barn og unge.
Ny sesong av «Strid» tar for seg norsk vikingtid og middelalder4.9.2026 11:33:50 CEST | Pressemelding
Nasjonalbibliotekets historiepodkast «Strid» er tilbake med tolv nye episoder. Programlederne Ole-Albert Rønning Nordby og Aslak Sira Myhre tar lytterne med inn i dronning Margretes maktkamp, Eirik Raudes ferd til Grønland og fortellingene om Odin og ynglingene – det mytiske opphavet til den norske kongerekken.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom