Suksessmusikalen Änglagård kjem til Noreg
14.4.2026 05:00:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
Colin Nytleys ikoniske film Änglagård blei elska av publikum da han kom ut i 1992. For tre år sidan hadde musikalversjonen urpremiere i Sverige og blei ein umiddelbar publikumssuksess. I 2027 blir Änglagård årets store muskalhending, når framsyninga får Noregspremiere på Det Norske Teatret.

Alt blir snudd på hovudet i den vesle bygda Yxared når den lokale einstøingen døyr, og den ukjende arvingen dukkar opp. Fanny (Ina Svenningdal) og kompisen Zac (Ken-Philippe Tete) dukkar opp på ein bråkete motorsykkel i ei sky av vegstøv. Ho er den ukjente arvingen til herregarden Änglagård.
Fanny og Zac representerer alt det den noko trongsynte lokalbefolkinga ikkje er. Plutseleg blir den søvnige landsbyidyllen truga. I den solfylte svenske høgsommaren har folket rundt Änglagård fått noko nytt og spanande å snakke om.
Feelgood-musikal
Änglagård er blitt ein feelgood-musikal med ei humoristisk og rørande forteljing. Fordommar blir utfordra, relasjonar blir sette på prøve, og overraskande fellesskap veks fram der ein minst ventar det. Historia er basert på filmen av Colin Nutlety frå 1992, og musikken er skriven av hitmakaren Fredrik Kempe, som også har komponert musikken til musikalen Så som i himmelen.
Suksess i Sverige
Musikalen Änglagård hadde urpremiere i Stockholm i 2023 og gjorde stor suksess. På Det Norske Teatret er det Ina Svenningdal og Ken-Philippe Tete som har hovodrollene. Svenningdal er kjend frå m.a. NRK-serien SKAM og fleire store musikalske roller på Det Norske Teatret, medan Tete gjekk ut frå Teaterhøgskolen i fjor og har vore ved Det Norske Teatret eit halvt år. Regien er ved Jakob Höglund og Sven Haraldsson har ansvar for scenografi.
Fleire nye titlar
I dag legg Det Norske Teatret ut fleire nye titlar. Det blir revy i foajeen, ny roman av Jonas Hassen Khemiri på Hovudscenen, Frankenstein for barn og ei ny framsyning signert teaterrabulisten Tani Dibasey.

Søstrene
Jonas Hassen Khemiris roman blir sett i scene av Maren Bjørseth, og er ei storslegen forteljing om livet til Jonas og nabojentene - søstrene Ina, Evelyn og Anastasia. I løpet av tretti år blir liva deira vovne saman. Men det som knyter dei mest saman, er forbanninga som kviler over søstrene - ei forbanning som stammar frå ei anna tid og eit anna land: at alt dei elskar, vil dei òg miste.

2002 ntoro yume
I framsyninga utforskar teaterregissørenTani Dibasey nostalgien som pregar unge i dag. Mange søkjer tryggleik i kultur frå tusenårsskiftet – musikk, film og teknologi – og lengtar etter ei tid dei sjølve ikkje opplevde. På scenen møter vi fem menneske som klamrar seg til fortida for å sleppe å forholde seg til ei utrygg samtid. Publikum får utdelt headset og må velge mellom tre lydspor, og må med det velje si eiga historie.

Frankenstein
Feil Teater skal få boltre seg på Scene 3 i eit heilt år frå og med hausten 2026 og lage masse teater for barn. Første framsyning ut er Frankenstein - ein grøssar for modige barn og skvetne vaksne. Rotne hjernar, dødsdømde kjeltringar og grotesk vitskap blir sydd saman til ei historie om kva som gjer ein skapning til eit monster, og om å ville bli frykta når ein ikkje kan bli elska.

Det har vore eit fantastisk år
På tampen av vårsesongen 2026 kallar gjengen bak Europavisjonar inn til årskonferanse i Kongsberg Gruppen i foajeen. Dette er ein crazy-komedie laga på berre tre veker, om eit av dei store paradoksa i fredsnasjonen Noreg: Vi tener pengar på krig. Her blir det revysongar, slapstick og rakettmissil. I tillegg til eksplosiv og treffsikker humor!
Nøkkelord
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder





Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Kongsberg Gruppens årsrapport blir teater18.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
"Kongsberg Gruppen har levert rakettvekst i flere år", skreiv Finansavisen 6. mai. Og det er nettopp dette som er utgangspunktet for teaterframsyninga, eller bedriftseventet, Det har vore eit fantastisk år: Kongsberg Gruppens gode resultat, og det faktum at staten og vi alle eig 50,004% av aksjane i milliardbedrifta. Kva gjer det med oss? Kva seier det om oss og tida vi lever i?
Trine Skei Grande ny styreleiar ved Det Norske Teatret27.4.2026 10:14:02 CEST | Pressemelding
26. april gjennomførte Det Norske Teatret årsmøte, og valde Trine Skei Grande til ny styreleiar.
Teatermaraton om den vestlege sivilisasjonens fødsel22.4.2026 12:36:07 CEST | Pressemelding
Ni dagar frå april til juni skjer vårens store teaterhending: Roland Schimmelpfennigs Antropolis er forteljinga om det mytologiske forelegget til vår vestlege sivilisasjon servert på sju timar. Kven er vi, og korleis blei vi dei vi er?
Pippi er klar for sirkus10.4.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Endeleg nærmar det seg premieren, og Pippi Langstrømpe er klar for å svinge seg i manesjen. Scenen er gjort om til eit fargesprakande sirkus. Her er ekte akrobatar, pudlar, hestar og eit leikent orkester som spelar ny musikk av ABBA-legenda Björn Ulvaeus.
OHG-revyen er Årets revy!7.4.2026 09:49:04 CEST | Pressemelding
Juryen har talt: Oslo Handelsgymnasium sin revy I alle dager!? er årets beste skolerevy!
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom