Noreg investerer betydeleg i energi- og klimaomstilling midt i ei krevjande tid
31.3.2026 14:14:08 CEST | Enova | Pressemelding
Enova støtta i fjor 41 000 energi- og klimaprosjekt, med til saman 10 milliardar kroner. – I tillegg til støtta frå Enova investerte bedrifter og hushald sjølve 15 milliardar kroner i dei same prosjekta, seier konstituert Enova-direktør Rune Holmen.

Utrekningar i Enovas årsrapport for 2025 (lagt ved pressemeldinga) viser at dei over 10 milliardane Enova støtta selskap og boligeigarar med i 2025, vil spare samfunnet for nesten 6 millionar tonn CO₂‑utslepp og over 25 TWh energi, fordelte over den tekniske levetida til dei støtta prosjekta.
– Gjennom levetida til prosjekta Enova støtta i fjor, ventar vi å redusere utsleppa like mykje som om heile den norske bilparken hadde vore parkert i eitt år. På same måte sparer prosjekta energi tilsvarande 70 prosent av straumen som blir brukt i norske bustader i løpet av eitt år, seier konstituert administrerande direktør i Enova, Rune Holmen.
– Årsrapporten viser at Enova speler ei viktig rolle for å nå måla i både klima- og energipolitikken. Vi ser at utsleppa faktisk går ned, at vi bruker energien smartare, og at det er auka innovasjon og endringsvilje i næringslivet. Dette stadfestar at omstillinga er i full gang, og at investeringane vi gjer no, legg grunnlaget for eit tryggare og meir konkurransedyktig lågutsleppssamfunn, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Oppløftande risikovilje
Enova skal bidra til å kutte utslepp, effektivisere bruk og produksjon av energi, og samstundes hjelpe verksemder med å finne nye løysingar som kan ta Noreg mot lågutsleppssamfunnet innan 2050. Innsatsen skal både gi energi- og utsleppsresultat på kort sikt og bidra til løysingane som trengst for å nå Noregs klimaforpliktingar. Enova rapporterer årleg på måla til Klima- og miljødepartementet.
Enovas årsrapport for 2025 viser at energi- og klimaprosjekta Enova støtta i fjor, er venta å utløyse 15 milliardar kroner i investeringar frå marknaden, i tillegg til støtta på 10 milliardar kroner frå Enova.
– Omstilling krev at nokon tek risiko og går føre. At marknaden investerer så mykje som 15 milliardar kroner i energi- og klimaprosjekt med Enova-støtte, er oppløftande og viser at mange er villige til å ta den nødvendige risikoen, seier Rune Holmen.
Omstiller næringsliv og hushald
Enovas årsrapport for 2025 viser at Enova støtta drygt 41 000 prosjekt, av desse 3 400 næringsprosjekt og 37 600 tiltak i hushalda. Prosjekta Enova har støtta, vil bidra til å utvikle teknologi og marknader som Noreg treng no og i framtida.
– Årsrapporten frå Enova i 2025 viser at vi ligg an til å nå måla i avtalen med Klima- og miljødepartementet for perioden 2025–2028, både når det gjeld reduserte utslepp, energieffektivisering, ny energiproduksjon og innovasjon, seier Holmen.
Synleggjer langsiktige resultat betre
Enova rapporterer på årlege resultat frå dei støtta prosjekta, og har i år i tillegg valt å berekne resultat justerte for teknisk levetid for støtta teknologiar og løysingar. Dette gir eit meir heilskapleg bilete av dei faktiske klima- og energiresultata av Enova si støtte, ved at ein synleggjer kor store utsleppskutt og energisparing prosjekta er venta å levere totalt, så lenge løysingane er i bruk.
– Seinare i år vil vi lansere Enovarapporten, som byggjer på eit fleirårig nybrotsarbeid med metodeutvikling og effektanalysar, og som vil vise dei langsiktige utsleppseffektane av den varige marknadsendringa Enova bidreg til gjennom verkemiddelbruken sin, seier Holmen.
Enovarapporten vil supplere Enovas årsrapport, og gi eit betre grunnlag for å forstå korleis Enova sine støtteordningar påverkar teknologiutvikling, marknadsendringar og norske utslepp på lengre sikt.
Kontakter
Roald Lund FleinerEnova SF
Tel:+47-913 02 938roald.fleiner@enova.noDokumenter
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Enova
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Enova på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Enova
Rekordmange boligeiere søker støtte til energitiltak17.3.2026 12:50:48 CET | Pressemelding
Norske boligeiere har det siste halve året fått innvilget støtte til nesten 29.000 tiltak for å gjøre boligene sine mer energieffektive, gjennom en ny støtteordning fra Enova.
Har søkt om 9 milliarder til flytende havvind-prosjekter18.2.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Fem selskaper har søkt Enova om til sammen 9 milliarder kroner for å lage demonstrasjonsanlegg innen flytende havvind de fem nærmeste årene.
Rune Holmen blir konstituert leder for Enova29.1.2026 15:00:31 CET | Pressemelding
-Enova skal drive fram varige markedsendringer som bidrar til både energi- og klimaomstilling, og sørge for at løsningene på sikt blir foretrukket uten støtte. Min jobb nå blir å sikre retning og forutsigbarhet i det viktige energi- og klimaoppdraget vi har fått fra Regjeringen, sier Holmen.
Nakstad går av som administrerende direktør i Enova12.1.2026 12:22:37 CET | Pressemelding
Nils Kristian Nakstad (63) og styret i Enova er enige om at han i løpet av første kvartal 2026 går av som administrerende direktør i Enova, etter 18 år i statsforetaket.
Kronikk: Hvor ble det av snøen?8.1.2026 13:55:53 CET | Kronikk
Ei uke før jul: – Skulle det ikke vært snø nå, mamma?
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom