NRK

Premieredatoen klar for «Tuva & Ronny – eit lite hotell i Hellas»

30.3.2026 13:00:00 CEST | NRK | Pressemelding

Del

Måndag 20. april er det premiere på den nye NRK-serien der Tuva Fellman og Ronny Brede Aase satsar alt på draumen. Sjå første smakebit på gresk idyll – og frustrasjon.

HOTELLDRAUM: Ronny Brede Aase og Tuva Fellman har det siste året vore mykje i greske omgjevnadar.
HOTELLDRAUM: Ronny Brede Aase og Tuva Fellman har det siste året vore mykje i greske omgjevnadar. FOTO: Fahil Anweri / Fenomen/NRK
  • Premiere måndag 20. april i NRK TV og på NRK1

I serien «Tuva & Ronny – eit lite hotell i Hellas» følger vi ekteparet Tuva Fellman og Ronny Brede Aase når dei satsar alt på draumen om å kjøpe, pusse opp og drive eit lite hotell i landet dei elskar: Hellas.

– Det å kaste om på alt ein har for å følge draumen, det er ei heilt sinnssjuk kjensle. Det er topp tre kjensler i livet, dette her. Etter å få barn og gifte seg, seier Tuva entusiastisk.

Ekteparet både gleder og gruer seg til å vise fram serien.

– Han viser eit ekte og usminka bilde av livet vårt og vår reise. Eg har ikkje vore med på noko som slepper folk så nært inn, seier Ronny.

Første titt på serien

Det blir totalt tolv episodar i serien, med to episodar i veka (måndag og onsdag). Allereie i første episode blir det både stor entusiasme og nokre smellar.

Her er første klipp fra serien.

Ekteparet ler og seier følgande om utdraget:

– Dette blir berre ein av mange opp- og nedturar for Tuva Fellman og meg sjølv i denne serien, seier Ronny.

– Vi er to ekstremt naive personar med enorm og ugrunna tru på at alt går bra til slutt. Folk seier det er vanskeleg å starte eit hotell i Hellas, men vi tenker liksom «men VI får det jo til!». Dette året har kanskje rokka litt ved tanken om at alt ordnar seg, seier Tuva.

Ronny og Tuva må byte på å motivere kvarandre på reisa. FOTO:Fahil Anweri/ Fenomen/NRK Kun til redaksjonell omtale av «Tuva & Ronny – eit lite hotell i Hellas»

For utfordringane står i kø: Meklarar som ikkje møter opp, falleferdige rønner, budsjett som sprekk frå start og eit gresk byråkrati som slår dei i bakken. Heldigvis stiller både venner og familie opp.

Vendepunktet

Paret har heilt sidan starten av forholdet drøymt om å starte sitt eige vesle hotell. Og det måtte bli i Hellas. Her hadde dei sin første kjærastetur, bryllaupsreisa og mange fleire ferieturar.

Tuva og Ronny bestemte seg for å følge draumen etter å ha kjent kor skjørt livet kan vere.

I 2021 fekk Tuva påvist forstadium til brystkreft og ho fjerna eit bryst. I 2023, mens ho var gravid med det yngste barnet til paret, fekk ho tilbakefall. No etter behandlinga er over, har dei eit nytt perspektiv på livet der dei kastar seg ut i eventyret.

– Det blir hardt, røft, vakkert og fantastisk. I sum litt sånn livet er, samanfattar paret.

«Tuva & Ronny – eit lite hotell i Hellas» er ein rå, varm, ekte og rørande serie om å starte på nytt etter den hardaste kampen i livet. Alt med idylliske og vakre Hellas som ramme.

--------------------------------

OM SERIEN

  • Premiere 20. april 2026
  • 12 episodar på ca. 20-35 minutt
  • To episodar i veka, måndagar og onsdagar
  • Blir produsert av Fenomen
  • Produsentar i Fenomen: Tom Marius Kittilsen og Karina Lystad
  • Eksekutiv produsent i NRK: Marie Sjo
  • Pressekontakt: Ingrid Kvitrud
  • Publikum kan kontakte Publikumsservice/230447000
Det er klart for asurblå hav, gyros, kvite hus og generelt opp- og nedturar. FOTO: Fenomen/NRK Kun til redaksjonell omtale av «Tuva & Ronny – eit lite hotell i Hellas»

Kontakter

Bilder

HOTELLDRAUM: Ronny Brede Aase og Tuva Fellman har det siste året vore mykje i greske omgjevnadar.
HOTELLDRAUM: Ronny Brede Aase og Tuva Fellman har det siste året vore mykje i greske omgjevnadar.
FOTO: Fahil Anweri / Fenomen/NRK
Last ned bilde
Det er klart for asurblå hav, gyros, kvite hus og generelt opp- og nedturar.
Det er klart for asurblå hav, gyros, kvite hus og generelt opp- og nedturar.
FOTO: Fenomen/NRK Kun til redaksjonell omtale av «Tuva & Ronny – eit lite hotell i Hellas»
Last ned bilde
Ronny og Tuva må byte på å motivere kvarandre på reisa.
Ronny og Tuva må byte på å motivere kvarandre på reisa.
FOTO:Fahil Anweri/ Fenomen/NRK Kun til redaksjonell omtale av «Tuva & Ronny – eit lite hotell i Hellas»
Last ned bilde
«Tuva & Ronny – eit lite hotell i Hellas»: Tuva Fellman og Ronny Brede Aase.
«Tuva & Ronny – eit lite hotell i Hellas»: Tuva Fellman og Ronny Brede Aase.
FOTO: Fahil Anweri/Fenomen/NRK Kun til redaksjonell omtale av «Tuva & Ronny – eit lite hotell i Hellas»
Last ned bilde
«Tuva & Ronny – eit lite hotell i Hellas»: Tuva Fellman og Ronny Brede Aase
«Tuva & Ronny – eit lite hotell i Hellas»: Tuva Fellman og Ronny Brede Aase
FOTO: Fenomen/NRK Kun til redaksjonell omtale av «Tuva & Ronny – eit lite hotell i Hellas»
Last ned bilde

Om NRK

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.

Følg pressemeldinger fra NRK

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra NRK

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye