Villaksen treng di hjelp
25.3.2026 08:21:57 CET | Miljødirektoratet | Pressemelding
No startar årets lakseoppsyn, og Miljødirektoratet ber publikum om tips som kan bidra til å verne dei sårbare villaksbestandane.

Kvart år avdekkjer Statens naturoppsyn (SNO) eit stort omfang av ulovleg fiske etter laks. I 2025 vart det registrert 226 brot på lakse- og innlandsfisklova. Flest regelbrot var i Nord-Noreg, og ulovleg garnfiske i sjø dominerer statistikken.
Regelbrota resulterte i 29 straffegebyr, og 47 forhold vart melde til politiet. Dei resterande brota vart reagert på ved administrativ inndraging av ulovlege garn.
– Dei aller fleste følgjer reglane og bidreg til å ta vare på villaksen. Dessverre er det nokre få som øydelegg for både naturen og fellesskapen ved å drive ulovleg fiske. Tips frå publikum er svært viktige for at vi skal kunne avdekkje og stoppe lovbrot, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
Regelverket er tydeleg, og ulovleg fiske kan få konsekvensar.
– Når vi avdekkjer ulovleg fiske, følgjer vi opp med reaksjonar som står i forhold til kor alvorleg regelbrotet er. Dei alvorlegaste brota melder vi til politiet, seier Singsaas.
Publikum kan gjere ein forskjell
Publikum er ein viktig samarbeidspartnar i arbeidet med å verne villaksen. SNO har merkt eit aukande engasjement og har fått eit auka tal tips om lovbrot år for år.
– Det er gledeleg at mange ønskjer å vere med på dugnaden med å redde villaksen. Eit tips kan vere det som gjer at vi får stansa eit ulovleg fiske, og det kan ha direkte betydning for ein sårbar laksebestand, seier Singsaas.
Slik tipsar du oss
Har du sett flytegarn, mistenkjer ulovleg garnfiske eller anna ulovleg fiske etter laks?
- Noter stad (så nøyaktig som mogleg)
- Noter tidspunkt
- Beskriv kva du har observert
Tips kan meldast via Miljødirektoratets tipsside.
Sårbare bestandar treng vern
Den atlantiske villaksen er klassifisert som nær trua, og mange bestandar er allereie kraftig reduserte. Ulovleg fiske forsterkar pressa på bestandar som i fleire vassdrag allereie er på eit kritisk nivå.
Frå mars til oktober er det i hovudsak forbode å bruke flytegarn i heile landet. Dette tiltaket skal verne villaksen i perioden han vandrar langs kysten og opp i elvane for å gyte.
Når ulovlege garn blir sette ut i denne perioden, kan det ramme store mengder fisk – og svekkje bestandane i mange år framover.
Laks og laksefiske - miljodirektoratet.no
Slik jobbar SNO mot ulovleg fiske
Å avdekkje og nedkjempe ulovleg fiske er ei prioritert oppgåve for Statens naturoppsyn. Oppsynet går føre seg både til lands, til sjøs og i elvar over heile landet. Hovudfokus er på ulovleg fiske etter laks, sjørøye og sjøaure langs kysten, i fjordane og i elvemunningane.
SNO er allereie i gang med kontrollane i år, og den første større oppsynshelga i sjø starta første helga i mars. Då vart det mellom anna beslaglagt 68 meter med garn i Øygarden kommune i Vestland.
SNO har styresmakt til å kontrollere at fisket går lovleg føre seg, sjølv om det ikkje er mistanke om noko straffbart. Lova gir SNO styresmakt til å inndra eller beslagleggje reiskap som blir brukt ulovleg. Alvorlege brot blir politimeldt.
Miljøkriminalitet - meldingar og andre reaksjonar - miljodirektoratet.no
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.nobilder.miljodirektoratet.no/fotoweb/Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Ulv felt i Sør-Fron kommune20.7.2026 16:45:55 CEST | Pressemelding
Mandag 20. juli ble det felt en hannulv i Sør-Fron kommune.
Stenger laksefisket i flere elver i Midt-Norge16.7.2026 14:34:54 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet strammer ytterligere inn på fisket i elver der situasjonen er kritisk. Gaula, Orkla og Verdalselva stenges fra 1. august.
Klare for forsøk på felling av ulv15.7.2026 17:12:42 CEST | Pressemelding
Staten naturoppsyn har tilknyttet seg lokale jegere fra kommunale skadefellingslag i oppdraget fra Klima- og miljødepartementet om å felle ulven som har skadet sau i Gausdal og Oppdal.
Klare til å følge opp ulven10.7.2026 15:10:43 CEST | Pressemelding
Statens naturoppsyn er på plass med personell for å følge opp den genetisk verdifulle ulven som har skadet sau i Trøndelag og Innlandet.
Retting: Feil i melding om laksefisket8.7.2026 20:10:36 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet strammer inn fisket i seks elver, ikke ni slik det stod i opprinnelig pressemelding.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom