Bjerknessenteret for klimaforskning

Kari Elisabeth Kaski blir ny styreleiar for Bjerknessenteret for klimaforsking

16.3.2026 14:41:21 CET | Bjerknessenteret for klimaforskning | Pressemelding

Del

Faktabasert formidling og tillit til forskninga, er noko Kari Elisabeth Kaski ser fram til å vere med å løfte som ny styreleiar.

Portrett av Kari Elisabeth Kaski
Portrett av Kari Elisabeth Kaski Av Marius Nyheim Kristoffersen SV Sosialistisk Venstreparti from Norway – Kari Elisabeth Kaski, CC BY-SA 2.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=62843787 Av Marius Nyheim Kristoffersen SV Sosialistisk Venstreparti from Norway – Kari Elisabeth Kaski, CC BY-SA 2.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=62843787

- Vi er glade for at Kari Elisabeth Kaski blir den nye styreleiaren for Bjerknessenteret. Som tidlegare stortingsrepresentant og SVs finanspolitiske talsperson, i tillegg til hennar tidlegare roller i miljøstiftelsen Zero, meiner vi at Kaski har ein substansiell bakgrunn til rolla som styreleiar for et av dei største klimaforskingsmiljøa i Europa. Ho kombinerer lang og brei klimafaglig politisk erfaring med økonomi- og styringskompetanse, et godt nettverk mot beslutningstakarar, samt nyttig erfaring med å formidle forsking og kunnskap til politikk- og samfunnsliv. Vi gler oss til å ønske Kaski velkomen, seier Margareth Hagen, rektor ved Universitetet i Bergen, som er vertskap for Bjerknessenteret for klimaforsking

Kaski vart utnevnt som styreleiar i Universitetsstyremøtet 12. mars.

Kari Elisabeth Kaski legg vekt på at formidling av faktabasert kunnskap er grunnleggande for å kunne ta sikre og gode val for framtida.

– I ei tid som no, når både klima og forskning er under press i andre deler av verda, er det et ekstra viktig å sikre tilliten til og finansiering av forskning, seier Kaski.

Ho tek over for Rebekka Borsch som var styreleiar frå 2023. Borsch er tilsett som ny strategidirektør i NORCE, som er ein betydningsfull partner i Bjerknessenteret.

Bakgrunn frå miljørørsla

Kari Elisabeth Kaski var fram til i fjor stortingsrepresentant for SV på Stortinget. Med lang fartstid frå finanskomiteen på Stortinget, reknar ho seg likevel som ein klimapolitikar, med bakgrunn frå Zero og Natur og Ungdom.

I dag handterer ho eit studium i samfunnsøkonomi parallelt med fleire styreverv og podcastane Kaski og Kalle og Aftenpodden Politikerne. Når ho no tar fatt på rolla som styreleiar for Bjerknessenteret for klimaforskning, blir det å starte med eit senter som står i ein ny strategiprosess.

– Vi ser fram til å få Kari Elisabeth Kaski med på laget. Vi er i gang med å utvikle forskinga hos oss vidare, og vi gler oss til å presentere forslag til ny strategi fram mot 2030 for Kaski og resten av Bjerknesstyret i april, seier Kikki Kleiven. 

Kontakter

Følg pressemeldinger fra Bjerknessenteret for klimaforskning

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Bjerknessenteret for klimaforskning på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Bjerknessenteret for klimaforskning

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye