Innovasjon Norge

Eksportvekst i Vestland

12.3.2026 16:11:59 CET | Innovasjon Norge | Pressemelding

Del

Norsk eksport utanom olje og gass var i 2025 på eit historisk høyt nivå. Vestland er framleis Noregs største eksportfylke.

Foto: iStock/donvictorio/franckreporter/saiko3p/Photofex-AT Menon

I 2025 eksporterte Vestland for 245 milliardar kroner utanom olje og gass. Det er ein auke på 5 prosent frå 2024. 

Norsk eksport utanom olje og gass var på 1 400 milliardar kroner i 2025, ein auking på 6 prosent frå 2024.

Tala kjem frå Eksportmeldinga, som er utarbeida av Menon Economics på oppdrag frå Innovasjon Noreg, Eksfin og LO.

Fylkestall

Om lag 35 prosent av eksportinntektene i Vestland kjem frå maritim næring, medan sjømat og kraftindustri står for 15 prosent kvar. 

Den klart største eksportkommunen er Bergen, deretter Årdal og Askøy. 

Dei største eksportbedriftene utanom olje og gass og kraftindustri, er Hydro Aluminium Årdal, Odfjell Chemical Tankers og Aker Solutions Stord. 

– Vi har lagt bak oss eit krevjande år med ei uroleg verd og skiftande rammevilkår, men likevel har eksportveksten halde fram òg i 2025. Vestland er det viktigaste og største eksportfylket i Noreg, og det kjem vi òg til å vere dei neste åra, seier leiar for Innovasjon Noreg i Vestland, Ingar Valvik.

Nasjonale tall

Total eksport i 2025 var på 2 500 milliardar kroner. Det gjer 2025 til det nest beste året for norsk eksport nokon sinne.

Dersom vi ser bort frå olje- og gassnæringen er det maritim næring som eksporterte mest i 2025, med ein samla eksportverdi på 273 milliardar kroner. 

Sterkast vekst i eksport var frå forsvarsindustrien, kraftnæringa og reiseliv. 

Som i tidlegare år er det vestlandsfylka som står for den største delen av norsk eksport i 2025. Dei tre vestlandsfylka Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal, sto samla for 40 prosent av eksporten utanom olje og gass.  

Kontakter

Bilder

Leiar for Innovasjon Noreg i Vestland, Ingar Valvik
Leiar for Innovasjon Noreg i Vestland, Ingar Valvik
Foto: Innvasjon Noreg
Last ned bilde
Last ned bilde
Last ned bilde
Last ned bilde

Dokumenter

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye