Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE gjev Statnett løyve til å oppgradere Ørsta transformatorstasjon

12.3.2026 13:55:26 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding

Del

Statnett SF får konsesjon til oppgradering av Ørsta transformatorstasjon i Møre og Romsdal. NVE gjev òg løyve til å etablere ei kai i Sæbø, for transport av den nye transformatoren.

– Oppgradering av transformatorstasjonen vil bidra til økt forsyningstryggleik i området og leggje til rette for ny næringsverksemd, seier Ingrid Myrtveit, seksjonssjef i NVE.

Løyve gjeld ei utviding av eksisterande stasjonsareal med om lag 600 kvadratmeter og ei ny transformatorcelle. Statnett skal òg justere traseen til 420 kV leidningen over ein strekning på om lag 450 meter, inn mot Ørsta stasjon.

I tillegg har Statnett fått løyve til å etablere ei ny kai i Sæbø, transportveg frå kaien til fylkesveg 655, og tiltak for ras- og flaumsikring nordaust for stasjonen.

Verknader for miljø og samfunn

I denne saka vurderer NVE at tiltaket vil føre til avgrensa verknader for miljø og samfunn. NVE meiner dei fleste negative verknadene vil vere knytt til anleggsperioden, særleg for naturmangfald og friluftsliv. Dette inneberer mellom anna økt aktivitet og støy i nærleiken av viktige område for sjøfugl og fisk ved bygging av kaia. Det gjeld og anleggsarbeid i friluftsområdet ved Ørsta transformator og i Sæbø.

For å redusere dei negative verknadene har NVE sett vilkår om at Statnett lagar ein detaljplan for anleggsfasen. Her skal dei gjer greie for omsyn til natur og miljø. NVE har mellom anna sett vilkår om tiltak som gjer at gang- og sykkelvegen gjennom riggområdet på Sæbø kan nyttast i anleggsperioden, og at det skal nyttas siltgardin ved arbeid i sjø, for å skjerme eventuelle førekomstar av ålegras.

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om oss

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Opprusting og utvidelse av kraftverk i Tydal krever ikke ny konsesjon12.3.2026 15:09:43 CET | Pressemelding

Statkraft Energi ønsker å rehabilitere utløpstunnelen til kraftverkene Nea og Tya for å sikre videre drift. De planlegger samtidig å skifte ut eldre generatorer og oppgradere turbiner. Dette vil øke kraftproduksjonen noe. Det vil også bidra med økt effekt, som er viktig for å sikre at det er nok energi når forbruket er på det høyeste. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planene ikke er konsesjonspliktige.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye