Forsvaret

Mange grunneigarar får no melding frå Forsvaret

5.3.2026 15:17:35 CET | Forsvaret | Pressemelding

Del

Fleire hundre tusen grunneigarar får no brev om rekvisisjon av mark eller grunn til øving i si digitale postkasse. Det sparar Forsvaret for opp imot ein halv million kroner årleg. 

I samband med Cold Response 2026 vil mange vil få digital melding om rekvirering av eigedom.
I samband med Cold Response 2026 vil mange vil få digital melding om rekvirering av eigedom. Illustrasjonsfoto: Frederik Ringnes, Forsvaret

Alle grunneigarar som har eigendom innanfor eit militært øvingsområde, blir no direkte informerte om at det kjem til å vera aktivitet der dei bur. Samstundes får dei moglegheit til å kontakta Forsvaret på ein enkel måte.

Gamaldags og tidskrevande

Tidlegare har rekvisisjonsordninga til Forsvaret vore gamaldags og tidskrevande, men no har Forsvaret digitalisert rekvisisjonane. Dette effektiviserer prosessen, informerer grunneigarar direkte og kuttar utgifter til kunngjering.

Rekvisisjonsordninga er ei ordning for å sikra Forsvarets operative evne til å utføra militære operasjonar. Det betyr at ein er pliktig i å stilla gjenstandar eller grunn til rådigheit for Forsvaret når situasjonen krev det. Etter ei re-etablering av ordninga, har Forsvaret utvikla ein digital ressursdatabase som skal gjera det lettare for både deg og Forsvaret.

Kuttar kostnader

Den nye måten å rekvirere eigedom til øvinga på, er basert på den same databasen. Med enkle grep har databasen blitt modulert til også å kunne nyttast til rekvisisjon av eigedom, med direkte informasjon om dette til aktuelle grunneigarar.

Før blei rekvisisjonane annonserte i papiravisa. Desse annonseringane kosta Forsvaret i overkant av ein halv million kroner årleg. I og med at verda har blitt meir digitalisert, og færre les papiravis, så har annonsane truleg gått mange hus forbi, og difor også pengar sløst. Forsvaret ønskjer difor at den nye ordninga skal hjelpa grunneigarane med å få med seg når Forsvaret skal øve i deira nærområde.

Blir testa før Cold Response

I samband med militærøvinga Cold Response 2026 som går frå 9. til 19. mars, vil mange vil få meldingar digitalt om rekvirering av eigedom. Du vil då få beskjed om å stille området ditt til disposisjon til øvinga, samt eit kartutsnitt over det øvingsområdet som er vald ut.

Sjølv om du får melding om rekvirering, betyr ikkje dette at sjølve øvinga treff deg. Men om rekvireringa treff deg, er det viktig å veta kva rettar du har. Informasjon om reglar og rettigheitar vil også bli lenkja til i meldinga du får i den digitale postkassa di.

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om Forsvaret

På oppdrag frå politikarane løyser Forsvaret ei rekkje oppdrag for å halde Noreg trygt. Forsvaret er det sterkaste verkemiddelet norske styresmakter har. Politikarane har bede Forsvaret om å løyse fleire oppgåver på vegner av samfunnet. Vi har samanfatta oppgåvene våre i fem hovudoppdrag:

  1. Forsvare Noreg og Noregs allierte
  2. Overvake og drive etterretning
  3. Trygge grensene og sikre handlefridom for politikarane
  4. Samarbeide internasjonalt
  5. Støtte det sivile Noreg

Følg pressemeldinger fra Forsvaret

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forsvaret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Forsvaret

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye