Mange grunneigarar får no melding frå Forsvaret
5.3.2026 15:17:35 CET | Forsvaret | Pressemelding
Militærøvinga Cold Response startar på måndag. No får rundt 40 000 grunneigarar i Troms brev om rekvisisjon av mark eller grunn til øving i si digitale postkasse.

Alle grunneigarar som har eigendom innanfor eit militært øvingsområde, blir no direkte informerte om at det kjem til å vera aktivitet der dei bur. Samstundes får dei moglegheit til å kontakta Forsvaret på ein enkel måte.
Blir testa før Cold Response
I samband med militærøvinga Cold Response 2026 som går frå 9. til 19. mars, vil mange vil få meldingar digitalt om rekvirering av eigedom. Det er snakk om rundt 40 000 grunneigarar, hovudsakeleg i Troms. Du vil då få beskjed om å stille området ditt til disposisjon til øvinga, samt eit kartutsnitt over det øvingsområdet som er vald ut.
Sjølv om du får melding om rekvirering, betyr ikkje dette at sjølve øvinga treff deg. Men om rekvireringa treff deg, er det viktig å veta kva rettar du har. Informasjon om reglar og rettigheitar vil også bli lenkja til i meldinga du får i den digitale postkassa di.
Gamaldags og tidskrevande
Tidlegare har rekvisisjonsordninga til Forsvaret vore gamaldags og tidskrevande, men no har Forsvaret digitalisert rekvisisjonane. Dette effektiviserer prosessen, informerer grunneigarar direkte og kuttar utgifter til kunngjering.
Rekvisisjonsordninga er ei ordning for å sikra Forsvarets operative evne til å utføra militære operasjonar. Det betyr at ein er pliktig i å stilla gjenstandar eller grunn til rådigheit for Forsvaret når situasjonen krev det. Etter ei re-etablering av ordninga, har Forsvaret utvikla ein digital ressursdatabase som skal gjera det lettare for både deg og Forsvaret.
Kuttar kostnader
Den nye måten å rekvirere eigedom til øvinga på, er basert på den same databasen. Med enkle grep har databasen blitt modulert til også å kunne nyttast til rekvisisjon av eigedom, med direkte informasjon om dette til aktuelle grunneigarar.
Før blei rekvisisjonane annonserte i papiravisa. Desse annonseringane kosta Forsvaret i overkant av ein halv million kroner årleg. I og med at verda har blitt meir digitalisert, og færre les papiravis, så har annonsane truleg gått mange hus forbi, og difor også pengar sløst. Forsvaret ønskjer difor at den nye ordninga skal hjelpa grunneigarane med å få med seg når Forsvaret skal øve i deira nærområde.
Nøkkelord
Kontakter
Forsvarets operative hovedkvarterPressevakt
Tel:+47 40 43 80 83foh.info@mil.noLenker
Om Forsvaret
På oppdrag frå politikarane løyser Forsvaret ei rekkje oppdrag for å halde Noreg trygt. Forsvaret er det sterkaste verkemiddelet norske styresmakter har. Politikarane har bede Forsvaret om å løyse fleire oppgåver på vegner av samfunnet. Vi har samanfatta oppgåvene våre i fem hovudoppdrag:
- Forsvare Noreg og Noregs allierte
- Overvake og drive etterretning
- Trygge grensene og sikre handlefridom for politikarane
- Samarbeide internasjonalt
- Støtte det sivile Noreg

Følg pressemeldinger fra Forsvaret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forsvaret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Forsvaret
Norges nye stridsvogner har ankommet Rena leir30.4.2026 13:00:18 CEST | Pressemelding
To av Norges første nye stridsvogner av typen Leopard 2A8 NO er nå på plass i Rena leir i Østerdalen. Dette er et vesentlig ledd i moderniseringen av Hæren.
Tamber Shield 26: Saman om å sikre norsk beredskap28.4.2026 08:34:37 CEST | Pressemelding
Dei neste vekene vil det vere økt aktivitet i Bergensområdet med britiske og norske fartøy, og britiske helikopter. Øvinga er viktig for å sikre beredskap og felles forsvarsevne.
Samler kreftene for å sikre maritim kompetanse15.4.2026 13:34:35 CEST | Pressemelding
Sjøforsvaret, Kystrederiene, NHO Sjøfart, Norges Rederiforbund og Maritim Utdanning går nå sammen om å lansere en ny løsning som skal gjøre det enklere å ta vare på og videreutvikle maritim kompetanse fra tidligere vernepliktige – og koble den til behovene i norske rederier.
Sterkere sammen etter Cold Response 202620.3.2026 15:49:58 CET | Pressemelding
Over 30 000 soldater fra 14 nasjoner har trent sammen i nord. Øvelsen har gitt oss økt operativ evne, og vist verdien av alliert samarbeid.
Enveiskjøring for militære kjøretøy i indre Troms17.3.2026 19:07:37 CET | Pressemelding
Det er innført enveiskjøring for militære kjøretøy mellom Bardufoss og Sørreisa, og mellom Bardufoss og Skjold. Store sivile kjøretøy anbefales å gjøre det samme.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom