Statens vegvesen

E134 Etne: Beredskapslager for fanggjerde er allereie i bruk

5.3.2026 11:30:23 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Skredet ved E134 Fjæra i Etne gjer at Statens vegvesens beredskapslager for fanggjerde alt vert teke i bruk.

Det største fanggjerdet vert lasta opp frå det nyleg etablerte beredskapslageret og sendt til skredområdet i Etne. Foto: Espen Stordalen, Statens vegvesen
Det største fanggjerdet vert lasta opp frå det nyleg etablerte beredskapslageret og sendt til skredområdet i Etne. Foto: Espen Stordalen, Statens vegvesen

Ein motstandsdyktig transportsektor handlar om evna til å førebyggje, handtere og raskt kome seg etter alvorlege hendingar, som naturfare og ekstremvêr. Skredet ved E134 i Fjæra i Etne viser kor viktig dette arbeidet er i praksis.

Måndag fortalte Statens vegvesen nyheita om at beredskapslageret for fanggjerde er på plass.

Og allereide no vert det teke i bruk. Onsdag kveld vart det største gjerdet lasta på bil og sendt til skredområdet i Etne.

– Dette viser føremålet med beredskapslageret. Når me har kritisk utstyr tilgjengeleg, kan me raskt etablere sikring og trygge framkomsten på vegen. Dette viser kor effektivt det kan vera. Dette er totalberedskap i praksis, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen.

– No er gjerdet på veg, men før det kan setjast opp, skal det takast ned noko meir fjell og reinskast i  området. Etter at den jobben er gjort, vil me førebu oppsetting av gjerdet. Det skal ryddast og boltar skal borast og setjast i betong. Betongen treng herdetid før gjerdet kan monterast. Arbeidet er venta å ta om lag to veker, legg han til.

Statens vegvesen jobbar for at E134 ved Fjæra i Etne kan opnast att onsdag 11. mars.

Dette illustrerer korleis førebuing, nasjonal kontroll over kritiske funksjonar og rask respons styrkjer transportsektoren si motstandsdyktigheit.

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet * Brøyting/strøing/salting * Asfalt * Rekkverk * Bruer * Tunneler * Fjelloverganger * Rasteplasser * Inspeksjoner * Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Bilder

Det største fanggjerdet vert lasta opp frå det nyleg etablerte beredskapslageret og sendt til skredområdet i Etne. Foto: Espen Stordalen, Statens vegvesen
Det største fanggjerdet vert lasta opp frå det nyleg etablerte beredskapslageret og sendt til skredområdet i Etne. Foto: Espen Stordalen, Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye