Riksantikvaren lyser ut 3,4 millionar kroner til bygder, byar, næring og industri
3.3.2026 09:32:28 CET | Riksantikvaren | Pressemelding
Riksantikvaren lyser ut 3,4 millionar kroner til prosjekt som vil ta i bruk kulturarven som ressurs i utvikling av kulturmiljø i bygder, byar, næring og industri.

Midlane skal bidra til auka berekraft, mangfald og engasjement for kulturmiljø, i tråd med dei nasjonale måla for kulturmiljøpolitikken. Dette er den første utlysinga for regjeringa sine to nye bevaringsstrategiar som trådde i kraft i februar.
– Kulturmiljø i bygder, byar, næringar og industri er ofte limet i eit lokalsamfunn. Med denne utlysinga vil vi støtte prosjekt som bruker kulturmiljø aktivt til stadutvikling, og som byggjer kunnskap om korleis kulturmiljø kan bidra til eit meir levande lokalsamfunn, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Prioriterer bevaring, bruk, kunnskap og kompetanse
I utlysinga prioriterer Riksantikvaren tiltak som fremjar bruk av kulturminne og kulturmiljø. Dette kan vere vidare bruk, ny bruk, endra bruk eller ombruk – samt skjøtsel, sikring, istandsetjing og restaurering.
Under kunnskap og kompetanse prioriterer vi prosjekt som bidreg til kartlegging, registrering, forsking, kunnskapsutvikling og kompetanseheving.
– Det handlar om å ta vare på stadene der vi møtest og der vi bur, og korleis næring og industri har bidrege til å byggje landet. Kulturmiljø i bygd og by og dei mange spora etter næring og industri utgjer eit mangfald av historier og kunnskap vi ikkje kan miste. Dei viser korleis menneske har budd, arbeidd, skapt og endra samfunnet gjennom tidene, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Når vi utviklar og bruker desse kulturmiljøa, får vi både betre forvalting og sterkare lokal verdiskaping. Prosjekta vi støttar skal bidra til å ta vare på kulturmiljø – ikkje som museumsgjenstandar under ei osteklokke, men som levande ressursar for menneska som bur der, legg Geiran til.

Kven kan søkje?
Alle kan søkje om tilskot, så lenge prosjektet skjer i samarbeid mellom fleire aktørar i offentleg og/eller privat sektor. Tilskotet vil som hovudregel ikkje dekkje meir enn 50 prosent av dei totale kostnadene.
Denne utlysinga omfattar ikkje reine kartleggings-, istandsetjings-, skjøtsels- eller restaureringsprosjekt.
Prosjekt knytte til kulturmiljø i bygd og by
Riksantikvaren vil prioritere prosjekt som bidreg til eitt eller fleire av følgjande tema:
Identitet og særpreg:
Kunnskap og kompetanse knytt til korleis arkeologiske kulturminne kan brukast som ressurs i by- og stadutvikling.
Der vi møtest:
Bevaring og bruk av kulturhistoriske fellesskapsbygningar på bygda.
Kunnskap og kompetanse knytt til kulturhistoriske møteplassar og uterom i bygder og byar.
Prosjekt knytte til kulturmiljø i næring og industri
Prosjekt bør bidra til eitt eller fleire av desse tema:
Industrien som endrar samfunnet:
Kunnskap og kompetanse knytt til heilskaplege industrimiljø ved hjelp av tverrfagleg tilnærming.
Dei mangfaldige næringane våre:
Kunnskap og kompetanse knytt til ulike typar særprega småindustri, gjerne ved hjelp av tverrfagleg tilnærming.
Logistikken i næring og industri:
Kunnskap og kompetanse knytt til infrastruktur som kan gjerast tilgjengeleg eller leggast til rette for bruk av bevegelege kulturminne.
Søknadsfristen er 14. april 2026.
Spørsmål om utlysinga kan rettast til Riksantikvaren på e‑post: postmottak@ra.no
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Lenker
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Dampbåten D/S Bjoren blir freda13.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren fredar no dampbåten D/S Bjoren, eit unikt og levande kulturminne frå den tidlege samferdsla i Noreg.
Spektakulært skipsfunn gjort i Skagerak1.6.2026 15:00:00 CEST | Pressemelding
Et 1700-tallsskip med en historisk last av kinesisk porselen og flere andre varer er funnet i norsk farvann. Det er det best bevarte funnet av sitt slag som er gjort i Nord-Europa.
Nå blir Ystås klyngetun fredet29.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Det tradisjonelle klyngetunet i Hardanger tas vare på for ettertiden.
No blir Ystås klyngjetun freda29.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Det tradisjonelle klyngjetunet i Hardanger blir teke vare på for ettertida.
Se oversikten: 6,6 millioner til arkeologiske kulturminner13.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nå er årets tilskudd til Norges eldste kulturminner fordelt.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom