Hadeland IPR

Stjernebibliotek opnar

27.2.2026 08:00:00 CET | Hadeland IPR | Pressemelding

Del

Universet er meir merkeleg enn nokon av oss kan førestille oss. Likevel held vi fram med å prøve. No har nokre av desse førestillingane og undringane over universet blitt til eit stjernebibliotek.

Rett ovanfor togstasjonen på Harestua, nord i Marka og omgitt av innsjøar, sykkel- og skiløyper, ligg Solobservatoriet i region Hadeland – berre ein halvtime frå Gardermoen og under ein time med tog frå Oslo – no og med stjernebibliotek.

Opningstidene vil følgje små og store hendingar på himmelen, som måneformørkingar og liknande.

På opningsdagen, førstkomande laurdag 28. februar 2026, vil det vere ein planetparade med seks planetar som legg seg i linje på himmelen. Ta gjerne med akebrett – og hugs hjelm! Kanskje kan du sjå nokre av planetene medan du akar den lange akebakken frå Solobservatoriet og heilt ned til toget.

Stjernebiblioteket er eitt midlertidig bibliotek som består av ulike bøker frå femti ulike bidragsytarar. Kvar av dei har bidratt med sine eigne observasjonar, undringar, og idear som omhandlar menneske si relasjon til verdsrommet – eller verda – gjennom å foreslå ulike bøker, tekster m.m som skal gje dei besøkjande eitt innblikk i ulike tankar kring verdsrommet og korleis menneskjer har forsøkt, og framleis forsøker, å forstå verdsrommet gjennom historier, fiksjon, forsking, undring, og nattlege blikk opp mot himmelen.

På opningsdagen vil det vera ein gratis buss som går opp til Solobservatoriet frå Harestua Stasjon 1300, 1400 og 1500. Med retur 1430 og 1530. Om dykk vil benytte dikkan av dette tilbodet so må dykk reservere plass på Solobservatoriet si webside https://solobs.no/ eller gå direkte til skjemaet https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLScB4PEeyMsB9Wxny2J-o6jcltWj6XxrtXX2bgx8N66Bsz2Twg/viewform

Ein kan tenkje på Stjernebiblioteket som ein ark, eitt arkiv, eller ei subjektive undring over menneske sine tankar og historier kring verdsrommet, men samstundes ein stad for fantasi, mogelegskap og nye tankar og idear. Liksom det håpet som ein kan sjå i stjernehimmelen, og korleis det kan reflekterast ned igjen til jorda. Biblioteket vert derfor også ei påminning over jorda, verda og tankane som har vorten og framleis skapast her, og handlar lika mykje om dei besøkande sin relasjon til jorda, kvifor ein må ta vare på kulturen og naturen her, og bånda som bind oss saman gjennom historier og vår delte plass på planeten, som det gjer verdsrommet.

Når du besøkjer Stjernebiblioteket vil du kunne låne med deg bøkene heim, der du kan utforska ukjende galaksar, idear og alternative røynder, og slik nære opp under sine heilt eigne tankar kring verdsrommet og verda. Eller du kan settje deg ned i biblioteket og la bøkene og sjølve staden, Solobservatoriet, ta deg med ut i det ukjente.

Gjennom prosjektet vil dei bøkene som utgjør Stjernebiblioteket, dei som har bidratt, du som leser dei, eller du som kun blar fort gjennom dei, verta ein del av stjernenes historie, ei mengde tid me kun kan måle mot jordlege standarder, men som også overlever den, som fortset uendeleg, ei historie om ei gruppe menneskjer under stjernene, som tenkjer på verdsrommet, og gjer skilnader på jorda.

Fotografiet i logoen til Stjernebiblioteket er eitt utsnitt frå det fyrste fotografiet av ei stjerne, Vega i stjerneteiknet Lyra, fotografert 17 juli, 1850 av John Adams Whipple ved Harvard College Observatory.

Eitt unikt bidrag frå kunstnarane ved Aurora Verksted SA som har skapa dei fantastiske bokstøttene til biblioteket med inspirasjon frå verdsrommet, romskip, og deira eigen fantasi.
https://www.aurora-verksted.no/

Stjernebiblioteket er initiert av Marius Moldvær i samarbeid med Solobservatoriet på Harestua og sjenerøst støtta av Akershus Fylkeskommune gjennom Regionalt Kulturfond 

Tusen takk til Patrick Grung og Arbeidsstasjonen som utforma og produserte hyllene og bordet til Stjernebiblioteket
https://arbeidsstasjonen.no/

Bidragsytarar

Arild Skarsem 

Torstein Nybø @ torsteinnybo

Joshua Hammerling @yoshyammerling

Jenni R. Gustafsson-Staxrud @uglytune

Trine Dreyer @dreyertrine

Lillian Støen 

Tine Semb @tinesemb

Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim @rakelc84

Anna Sofie Hassel @annacipollini

Eileen Isagon Skyers @eileenonline_

Susanne M. Winterling @planetary.sensing

Hedvig Biong

Olivia O’Dwyer

Umut Kücükerman @umasaurus

Ine E. L. Vestengen-Cox @ine.elisabeth

Maya Økland @mayaokland

Gelawesh Waledkhani @gelaweshwaledkhani

Carl-Oskar Linné @carloskarlinne

Bjørn Hatterud @millombakkarogberg

Victoria Dreyer Killi

John Sériot

Katarina Skjønsberg @katarinaflyfly

Jessica MacMillan @jessmacmillan

Hilde Honerud @hildehonerud

Nina Leppänen Rickert

Heidi Brandshaug

Jessica Sage

Aurora Skaim Halle @aurora.s.halle

Aslaug Magdalena Juliussen

Anna Kleiva @anna.kleiva

Bjørn-Henrik Lybeck @bjornhenriklybeck

Jøran Elisabet Lund @joranelund

Mariken Kramer @marikenkramer

Kjetil Røed @roed.kjetil

Eva Bakkeslett @theweavereva

Maggie Coblentz @maggiecoblentz

Soso Brafield @sosobrafield

Trine Stephensen @trinestephensen

Maria Lyngstad Willassen @mosbromlefs

Luisa Tresca @luisa_tresca_psicologa

Joan Handwerg @jhandwerg

Kira van Hoegee @kira__van

Bennett Gilbert

Jeuno Je Kim @junja123

Maria Dorothea Schrattenholz @mariadotti

Åsil Bøthun @asilbothun

Lara Okafor @lara.okafor

Trine Røssevold @trinerossevold

Lillian Gudvangen @gudvangen

Stine Roald

Till Rickert

@patrickgrung

@arbeidsstasjonen

@auroraverksted_innblikk

@solobservatoriet

@akershusfylke

Nøkkelord

Kontakter

Om Solobservatoriet på Harestua:

Fra 1954 var observatoriet Nord-Europas største astronomiske anlegg, med et spektakulært 20 meter høyt teleskop. Her ble det tatt tusenvis av banebrytende bilder av solflekker, studert radiostråling fra solen, og overvåket satellitter under den kalde krigen. I dag står bygningene der som et unikt vitenskapelig kulturminne, fredet av Riksantikvaren i 2016.
https://solobs.no/

Følg pressemeldinger fra Hadeland IPR

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Hadeland IPR på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Hadeland IPR

Neste steg i byutvikling6.2.2026 14:38:23 CET | Pressemelding

Litt over en times togtur fra Oslo, og kun 30 minutter fra Gardemoen går Gran på Hadeland inn i en ny og avgjørende fase. Neste steg i utviklingen av nytt torg og park er avklart: Fokus Rådgiving AS er engasjert som prosjektleder for gjennomføringsfasen, mens Snøhetta AS viderefører sin rolle som arkitekt og faglig kvalitetssikrer prosjektet helt frem til ferdigstillelse. Prosjektet realiseres gjennom en gave på 70 millioner kroner fra SpareBank 1-stiftelsen Gran til kommune, og markerer et historisk og prinsipielt viktig grep innen norsk by- og stedsutvikling.

Siste frist i kveld: Over 70 søkere til fotografstilling på Hadeland26.1.2026 12:01:56 CET | Pressemelding

Kreative yrker er populære på Hadeland Interessen for den midlertidige 20 prosent-stillingen som fotograf i Hadeland Interkommunale Politiske Råd har vært langt større enn forventet. Over 70 kandidater så langt, i tillegg til et rørende antall henvendelser fra mennesker som ikke nødvendigvis søker, men som har tatt kontakt for å fortelle at utlysningen beskriver det de kaller en drømmejobb. – Mange har skrevet til oss bare for å si at annonsen overrasker dem, og at de bare måtte ta kontakt for å gi oss skryt. De sier vi gir inntrykk av å være et sted de gjerne skulle jobbet. Det håper vi virkelig at vi kan leve opp til, sier prosjektleder Sofia Haugan.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye