Slik lukkast du med skjering av epletre
25.2.2026 11:16:14 CET | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding
Beste tida for skjering av epletre er no! Å skjera frukttre er ein kunst som berre få meistrar fullt ut, men det finst nokre enkle prinsipp som alle kan læra seg.

Når dagane vert kortare og temperaturen søkk, går epletrea inn i vinterdvale. Trea stansar veksten, mistar blada og knoppane går i kvile. Det er i denne perioden, vanlegvis mellom november og mars, at det er best å skjera epletrea.
– Når treet kviler, ser du betre kva du gjer, og inngrepa blir mindre stressande for treet, forklarar Signe Glømmen, lærling ved NIBIO Ullensvang i Hardanger.
– Det er mogleg å skjera andre tider på året og, men i bløminga skal ein absolutt ikkje skjera! understrekar ho.
Hovudstamme og veksekraft
Glømmen forklarar at det finst nokre hovudprinsipp som gjeld for dei fleste epletre, uavhengig av alder, storleik og sort.
– Eit godt utgangspunkt er å gi treet ein tydeleg leiar, eller topp. Det hindrar at fleire sterke greiner konkurrerer om å vera hovudstamme og nyttar mykje av energien i treet. Har du eit tre som veks kraftig, bør du velja ein noko svakare leiar. Er treet svakt, kan du la ein litt kraftigare leiar få dominera, seier Glømmen.
– Hugs òg at det er du som avgjer høgda på treet – hald treet lågt nok til at du rekk all frukta frå ein låg stige.
Ta vare på dei beste greinene
Målet er eit ope, lyst og friskt tre som er nokon lunde symmetrisk. For å koma dit er det viktig å kunna skilja mellom gode og mindre gode greinar. Svært forenkla vil me ha unge, friske greiner som veks utover.
– Tenk «personal space», oppmodar Glømmen.
– Greiner som veks innover i krona, står tett på stamma, har skarp vinkel (mindre enn om lag førti grader) eller kryssar andre greiner, bør fjernast. Då slepp meir lys og luft inn i krona, og frukta får betre kvalitet. Eit luftig tre er dessutan mindre utsett for sjukdom, forklarar Glømmen.
For å halda treet ungt bør ikkje greinene verta for gamle og tjukke. Nedst i treet bør greiner som er tjukkare enn halve stamma vekk. Lenger oppe bør dei helst ikkje verta tjukkare enn ein tredel av stamma på staden der dei veks ut.
– For å fornya treet, kan du korta inn gamle greiner tilbake til ein «tapp» eller til eit årsskot. Ny, yngre ved gir friskare tre og betre frukt. Rotskot og veldig låge greiner kan òg fjernast – ryggen din vil takka deg når du skal plukka frukta!
Samstundes er det viktig å ikkje verta alt for ivrig. Jo større greiner du fjernar, desto meir energi må treet bruka for å reparera såra. Fjern maksimalt to til tre store greiner per år.
Kjenn treet ditt
Det er ein fordel å ha litt kunnskap om korleis treet veks. Årsskota er dei greinene som vart danna sist sesong. Dei reagerer sterkast på skjering, medan eldre ved gir mindre ny skotvekst.
Blomsterknoppar er gjerne meir runde og flate, medan bladknoppar er spisse. I dei fleste sortar sit blomsterknoppane på toårig og eldre ved. Dersom ein vil ha vekst i ei ung grein, er det viktig at knoppen i enden av skotet er ein bladknopp.
– I epletre er det vanleg å nytta det ein kallar safttrekkingssnitt (STS). Det er litt komplisert, men for dei som vil ta skjeringa eitt steg vidare frå nybyrjarnivå, vil eg rå til å lesa meir om dette på sidene til Norsk landbruksrådgiving, seier Glømmen.
Det er òg viktig å sjekka trea for sjukdom og skade. Frukttrekreft er ikkje uvanleg i norske hagar. Ein kan sjå raude sporehus i barken, på greiner og stamme. Slike parti bør fjernast, og både greiner og lauv frå smitta tre bør fjernast frå hagen. Dersom heile treet er i dårleg forfatning, bør det fjernast.
Øving gjer meister
Det kan kjennast vrient første gong du står under epletreet med greinsaksa i handa, men kvart kutt er god læring. Start forsiktig, følg nokre få og klare prinsipp, og sjå korleis treet svarar gjennom sesongen.
– Etter kvart får du ein eigen «teft» for kva som fungerer, og både du og epletrea blir betre for kvar vinter. Øving gjer meister! avsluttar Glømmen.
Nøkkelord
Kontakter
Signe GlømmenNIBIO - Eiendom/Drift
Tel:(+47) 413 78 263signe.glommen@nibio.noBilder








Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Gode kornår aukar risikoen for overskot av fôrkorn21.4.2026 08:56:16 CEST | Pressemelding
Gode avlingar og stabil etterspurnad aukar risikoen for overproduksjon av fôrkorn i Noreg. Nye analysar viser at endringar i kosthald kan forsterke problemet.
Kva gir kveik den unike smaken? No skal bryggjarar og forskarar finne svaret20.4.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Voss Fellesbryggeri går i spissen for eit nytt forskings- og innovasjonsprosjekt som skal finne ut kva som eigentleg gir kveik den unike smaken – og korleis han kan brukast til å utvikle betre og meir berekraftig ølbrygging.
Nye tal frå SSB gav store utslag i årets berekningar for jordbruksoppgjeret16.4.2026 13:07:07 CEST | Pressemelding
I dag legg budsjettnemda for jordbruket fram grunnlagstal for jordbruksoppgjeret for 79. gong. Årets tal syner store avvik frå i fjor.
CO₂ utslipp fra dyrket myr kan være lavere enn antatt16.4.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Dyrket myr regnes som en vesentlig kilde til klimagassutslipp i Norges rapportering til FNs klimakonvensjon. En ny studie viser imidlertid at dagens beregningsmetode kan overvurdere CO₂‑utslippene, særlig i områder med relativt høy grunnvannstand.
Matkveite er viktig for sjølvforsyninga, men det kan vere vanskeleg å lukkast med avlinga15.4.2026 11:30:00 CEST | Pressemelding
For at det skal lønne seg å dyrke haustkveite til mat, må bønder oppnå matkvalitet i minst tre av fem år. Samtidig er det store regionale forskjellar i kor lett det er å lukkast.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom