Herborg Kråkevik og Nasjonalmuseet lanserer praktboka "Vi vandrar saman. Gjennom song og bilete"
25.2.2026 10:10:00 CET | Nasjonalmuseet | Pressemelding
Saman med Nasjonalmuseet har Herborg Kråkevik fordjupa seg i museet si samling, og sett saman kjente norske songar med kjente norske bildekunstverk. Dette er utgangspunktet for både ei ny plateinnspeling saman med TrondheimSolistene, ein konsertserie og ei ny bok.

Onsdag 4. mars blir det konsert med Herborg Kråkevik og TrondheimSolistene i Nasjonalmuseet. Konserten markerer lanseringa av både albumet og songboka «Vi vandrar saman».
- Det er eit kjært og livslangt arbeid for meg, å tørka støv av gamle skattar og gje dei nytt liv, seier Herborg Kråkevik.
Samarbeidet med Nasjonalmuseet er ei vidareføring av det arbeidet ho starta då ho gav ut Kråkeviks songbok i år 2000. “Aldri har vel den norske songskatten blitt tolka på ein finare måte” skreiv Spelemannjuryen og utnemnde ho til Årets Spellemann.
«Vi vandrar saman» er ei praktbok med kjente norske måleri, sett saman med songtekstar og notar. Den viser den norske kulturarven på nytt og personleg vis. Boka er utgitt som eit samarbeid mellom Samlaget og Nasjonalmuseet.
Onsdag 4. mars er det lansering og konsert i Nasjonalmuseet.
- Det er inspirerande at ein av våre mest folkekjære artistar igjen omfamnar norsk kulturarv på sin personlege måte. Det gir nye perspektiver til både kunst og musikk, som mange allereie har eit nært forhold til, seier Ingrid Røynesdal, direktør ved Nasjonalmuseet.
- Vi jobbar alltid for at kunst generelt skal vere aktuelt på så mange arenaer som mogleg. At Nasjonalmuseet, Samlaget og Herborg Kråkevik går saman om dette prosjektet er noko vi set høgt.
Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget legg vekt på fellesskapet i Kråkeviks formidlingsprosjekt.
- I ei tid prega av uro og polarisering treng vi prosjekt som dette – som knyter oss til kunst- og kulturhistoria vår, og som minner oss om krafta i songen, i fellesskapet og i forteljingane våre.
Det eldste måleriet i boka er Fra Stalheim frå 1849 av I.C.Dahl og det nyaste er Marianne Heske sitt Prosjekt Gjerdeløa frå 1980-81. Songane har eit endå større spenn, frå mellomalderballaden Jeg lagde meg så silde til Vamp-songen Liten fuggel frå 2012. Bilde og song vert knytte saman av tekstar skrivne av Herborg Kråkevik.
«Vi vandrar saman» er for alle som set pris på dei norske song- og kunstskattane. Alle songane er utstyrte med notar.
Albumet er utgitt av Herborg Kråkevik og TrondheimSolistene.
Under konserten i Nasjonalmuseet, omgjev Trondheimsolistene Herborg sine gamle songar med moderne arrangement skrivne av Tormod Tvete Vik, Helge Lilletvedt, Tove Kragset og Kjetil Bjerkestrand.
Herborg Kråkevik (f. 1973) er sjeldan allsidig som songar, skodespelar og tekstforfattar, og ho har gjennom fleire tiår halde på posisjonen sin som ein av landets fremste kulturformidlarar.
Ho vaks opp i Jondal og bur no i Viborg i Danmark. Ho fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta da ho relanserte Juleroser i 2015. I tillegg til å vere redaktør for Juleroser er ho skodespelar, tekstforfattar, komikar og artist med fleire plateutgivingar, filmar, teater, musikalar og show på samvitet.
Kontakter
Alv Hågård GustavsenKommunikasjonsrådgiver
Tel:+47 916 76 358alv.hagard.gustavsen@nasjonalmuseet.noBilder




Lenker
Om oss
Nasjonalmuseet har ansvaret for å utvikle, forvalte, forske på, tilgjengeliggjøre og formidle Norges største samling av kunst, arkitektur og design.

Følg pressemeldinger fra Nasjonalmuseet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonalmuseet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nasjonalmuseet
Amir Asgharnejad og Linn Ullmann til Oslo Kulturnatt på Nasjonalmuseet7.9.2026 13:54:16 CEST | Pressemelding
Et dypdykk i Amir Asgharnejads «snille» fotballdrakt og forfatter Linn Ullmanns jakt etter et forsvunnet kunstverk, er bare noe av det du kan oppleve på Nasjonalmuseet under Oslo Kulturnatt 11. september.
Museumsverdenen kommer til Norge2.9.2026 09:05:00 CEST | Pressemelding
I september samles over tusen fagfolk fra 72 land for å delta i verdens største konferanse for kulturarv og konservering, ICOM-CC Triennial Conference.
Høstsesongen åpner med internasjonal oppmerksomhet24.8.2026 09:33:32 CEST | Pressemelding
Høsten i Nasjonalmuseet byr på barokkens kvinnelige pionerer, internasjonal samtidskunst og et bredt arrangementsprogram. Utstillingen Maleri̶n̶n̶e̶ har allerede vakt internasjonal oppmerksomhet etter at forskning ved museet førte til ny attribuering.
Sirkus Renaa åpner nytt serveringstilbud ved Nasjonalmuseet6.7.2026 10:16:35 CEST | Pressemelding
7. juli åpner Sirkus Renaa i Stasjonsmesterboligen, like ved Nasjonalmuseets hovedinngang. Her kan gjestene nyte ferske bakervarer, sandwicher, søte fristelser og kaffe av høy kvalitet gjennom hele dagen.
Ny satsning i Nasjonalmuseet – åpner med Jumana Manna i eget rom19.6.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
22. juni åpner Nasjonalmuseet presentasjonen Jumana Manna: Arbeider fra lager. For første gang siden åpningen i 2022 vies et helt rom i samlingsvisningen til én enkelt nålevende kunstner.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom