350 millionar kroner investert i skogsvegar i 2025
20.2.2026 11:03:42 CET | Landbruksdirektoratet | Pressemelding
Investeringane til skogsvegar viser ein svak nedgang frå 2024 til 2025. Det vart bygd 455 kilometer skogsveg i 2025. Samtidig auka kostnadene til bygging av nye skogsbilvegar med nesten ti prosent.

Opprusting og nybygging av skogvegnettet bidreg til reduserte transportkostnader for skogbruket, men det er også viktig for miljø og klima ved at det blir mindre køyring i terrenget og lågare drivstofforbruk. Skogvegprosjekt går som regel over 2-3 år frå byggjeløyvet er gitt og til veganlegget er ferdigstilt. På grunn av ein lengre byggjeperiodar varierer det kor store investeringane blir og kor mange kilometer med veg som blir ferdigstilte kvart enkelt år.
Svak nedgang i 2025
Investeringar til skogsvegar, skogsbilvegar og traktorvegar, var i 2025 på 350 millionar kroner. Investeringane gjekk ned 5 prosent samanlikna med 2024. Det vart ferdigstilt færre kilometer skogsvegar enn i 2024.
I 2025 vart det nybygd 115 kilometer med skogsbilvegar og ombygd 230 kilometer med eksisterande skogsbilvegar. Til saman vart det ferdigstilt 345 km med skogsbilvegar i landet. Når det gjeld traktorvegar vart det bygd 82 kilometer med nye traktorvegar og ombygd 28 kilometer med eksisterande traktorvegar. Til saman vart det ferdigstilt 110 kilometer traktorvegar.
Byggjekostnadene for skogsbilvegar var i gjennomsnitt 1332 kr pr. meter for nybygging og 656 kr pr. meter for ombygging i 2025. Nybyggingskostnadene har auka med 9,4 prosent frå året før, medan ombyggingskostnadene er reduserte med 12,5 prosent.
Ulikskapar mellom fylka
- Innlandet var fylket med klart størst aktivitet innan skogbilvegbygging i 2025, der det til saman vart ferdigstilt 112 kilometer skogsbilveg, høvesvis 31 kilometer med nyanlegg og 81 kilometer med ombygde skogsbilvegar.
- Buskerud følgde etter med 60 kilometer ferdigstilte skogbilveganlegg i 2025, og også der bestod hovuddelen av ombyggingsprosjekt.
- I Vestland vart det ferdigstilt 20 kilometer nyanlagde skogsbilvegar, dette er fylket med nest størst talet på kilometer ferdigstilte nye skogbilveganlegg i 2025, medan det vart ombygget 11 kilometer skogsbilvegar.
- I Trøndelag vart det ombygd om lag 22 kilometer med skogsbilvegar, som gjer fylket til det tredje største innan ombygging. Det vart nybygd sju kilometer med skogsbilvegar.
Skogsbilvegar 2025
|
Nybygging |
Ombygging |
|
|
Oslo |
0 |
0 |
|
Rogaland |
4,4 |
3,0 |
|
Møre og Romsdal |
4,8 |
11,6 |
|
Nordland |
1,8 |
3,7 |
|
Østfold |
6,1 |
1,2 |
|
Akershus |
2,1 |
15,7 |
|
Buskerud |
10,7 |
49,5 |
|
Innlandet |
31,1 |
81,4 |
|
Vestfold |
1,5 |
0,4 |
|
Telemark |
3,7 |
10,9 |
|
Agder |
19,0 |
13,1 |
|
Vestland |
20,2 |
11,3 |
|
Trøndelag |
6,7 |
21,6 |
|
Troms |
3,2 |
6,4 |
|
Finnmark |
0,1 |
0 |
|
Nasjonalt |
115,4 |
229,9 |
Tabellen syner antall kilometer nybygde og ombygde skogsbilveier per fylke i 2025.
Byggjeaktivitet i skogsbilvegar har variert stort siste 15 åra
Dei siste 15 åra har aktiviteten for nybygging av skogsbilvegar vore relativ stabil, på rundt 100 kilometer i året (figur 1). Ombyggingsaktiviteten har derimot variert i større grad dei siste 15 åra. På det meste vart det ombygd heile 416 kilometer med skogsbilvegar i 2016, og på det lågaste vart det ombygd 178 kilometer i 2023. Trenden ser ut til å vera nedovergåande, men har variert både opp og ned siste fem åra.
Tilskot og skogfond er viktig for å få gode vegprosjekt
Skogeier har høve til å søkja om tilskot både til nye skogsvegar og ombygging av eksisterande skogsvegar, og bruka skogfond med skattefordel til å finansiera resten av kostnadene. Finansiering frå skogfond og tilskot er viktig for å få i gang gode vegprosjekt.
I 2025 vart det utbetalt 124 millionar kroner i tilskotsmidlar til investeringar, av ei total investering på 350 millionar kroner. Resterande kostnader vart dekt av skogeigar sjølv, anten ved bruk av skogfond eller anna finansiering.
Det har sidan 2010 vore ei jamn stigning i utbetalt tilskot til skogsvegar til skogeigar. Desse har auka frå 40 millionar kroner i 2010 til i overkant av 120 millionar kroner årleg dei siste åra. Det blir utbetalt mest tilskot til skogsbilvegar, enn traktorvegar. Andelen utbetalte tilskotsmidlar er langt større for skogsbilvegane enn for traktorvegane. Eigendelen til skogeigaren varierer etter kvar i landet ein byggjer skogsvegar.
Du finn meir statistikk om skogsvegar på Landbruksdirektoratets statistikksider
Ønskjer du å byggja eller ombyggja skogs- eller landbruksveg? sjå Landbruksdirektoratets informasjonsside om ordningar i skogbruket.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakten er betjent hverdager mellom kl. 08.00-15:45
Tel:400 21 171presse@ldir.noBilder


Om oss
Landbruksdirektoratet gir faglige råd, iverksetter landbrukspolitikken og legger til rette for landbruket og matindustrien.
Følg pressemeldinger fra Landbruksdirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Landbruksdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Landbruksdirektoratet
Økt import og eksport av jordbruksvarer i 202516.2.2026 13:18:09 CET | Pressemelding
I 2025 importerte Norge jordbruksvarer for 125,5 milliarder kroner. Det er en økning på 6,1 prosent målt i verdi og 4,9 prosent målt i mengde, viser en fersk rapport fra Landbruksdirektoratet.
Rekordhøye investeringer i skogbruket i 202510.2.2026 09:34:23 CET | Pressemelding
Utbetalingene fra skogfondet nådde en milepæl i 2025. For første gang ble det utbetalt mer enn én milliard kroner fra fondet. Det tyder på økt investeringslyst blant skogeierne.
Feirer samenes nasjonaldag med samisk mattradisjon6.2.2026 09:24:34 CET | Pressemelding
6. februar markeres samenes nasjonaldag over hele landet. Dagen er en feiring av samisk kultur, historie og fellesskap – og for mange er det å spise samisk mat naturlig denne dagen.
Ungskogpleie – «All time high» i 202527.1.2026 13:44:38 CET | Pressemelding
Det ble utført ungskogpleie på 357.000 dekar i 2025. Vi må tilbake til tusenårsskiftet for å finne tilsvarende tall.
Nok et rekordår for avvirkning i 2025 – men tømmerprisene er på tur ned12.1.2026 12:29:14 CET | Pressemelding
Tall fra Landbruksdirektoratet viser at skogeierne solgte 13,47 millioner kubikkmeter tømmer til industriformål i 2025. Dette er enda et rekordår for avvirkning i Norge, og 960 000 kubikkmeter mer enn i forrige rekordår, som var i 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom