Eviny

1,1 milliardar kroner i utbytte frå Eviny

12.2.2026 12:01:42 CET | Eviny | Pressemelding

Del

Styret i Eviny legg til grunn eit utbytte på 1 103 millionar kroner for 2025. Det er 57 millionar kroner meir enn i fjor, og kjem dei offentlege eigarane til gode. Framover har Eviny store planar for investeringar i både nett, kraftproduksjon og lønsam elektrifisering.

To personer i gult vernetøy og hjelm står foran et indstrianlegg utendørs.
– Vi leverer eit solid resultat som er basert på effektiv drift. Det gjer at vi kan halda fram med å investera offensivt i framtidas energi og infrastruktur, og i tillegg gi noko tilbake til eigarane og fellesskapet, seier konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik, som her står saman med styreleiar Karl Erik Kjelstad. Foto: Helge Skodvin

Utbyttet skal behandlast på generalforsamlinga 21. mai. Totalt bidrog Eviny med 5,2 milliardar kroner til samfunnet i 2025, mellom anna gjennom skattar, avgifter og planlagt utbytte til eigarane.

Stor utdeling til fellesskapet

Foreløpige tal for 2025 viser eit underliggande resultat på 1 741 millionar kroner, noko som er 247 millionar kroner betre enn i 2024.

– Vi leverer eit solid resultat som er basert på effektiv drift. Det gjer at vi kan halda fram med å investera offensivt i framtidas energi og infrastruktur, og i tillegg gi noko tilbake til eigarane og fellesskapet, seier konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik.

70 prosent av overskotet i Eviny går tilbake til eigarane og fellesskapet i form av utbytte.

– Utbyttet aukar frå i fjor, og Eviny held fram med å vera blant selskapa med høgast utdeling til fellesskapet. Med sunn drift i botnen evnar Eviny å satsa offensivt på meir nett, auka kraftproduksjon og lønsam elektrifisering – samstundes som vi sikrar eigarane stabile og høge utbytte, seier styreleiar Karl Erik Kjelstad.

Over 30 prosent vekst i nettinvesteringar

BKK, nettselskapet i Eviny-konsernet, auka investeringane i straumnettet med over 30 prosent i 2025. Av dei samla nettinvesteringane på 1,1 milliardar kroner gjekk halvparten til ny kapasitet. Investeringstakten skal ytterlegare opp i 2026 til 1,3 milliardar kroner. Målet om å dobla nettkapasiteten innan ti år står fast, men føreset at Statnett får på plass ny kraftleidning mellom Samnanger og Kollsnes i tide.

– Auka nettkapasitet er avgjerande for næringsutvikling, arbeidsplassar og vekst på Vestlandet. Samstundes er tryggleik og beredskap blitt stadig viktigare. Derfor investerer vi for å sikra ei robust straumforsyning og styrkt beredskap, seier Fresvik.

Ho understrekar at BKK skal kombinera høgt investeringstempo med effektiv drift.

– Store investeringar vil påverka nettleiga, og då er det avgjerande at vi gjennomfører dei så kostnadseffektivt som mogleg – av omsyn til både konkurransekrafta til næringslivet og økonomien til folk flest, seier Fresvik.

Hurtiglading bidreg positivt

Eviny er ein av dei største aktørane innan lyn- og hurtiglading i Noreg og Sverige, med om lag 2 700 ladepunkt i drift ved utgangen av 2025. Satsinga i Skandinavia gir 75 millionar kroner i inntening før renter, skatt og avskrivingar/nedskrivingar (EBITDA).

– Vi ligg fremst på teknologi og har vesentleg lågare kostnader enn konkurrentane. Det gjer oss godt posisjonert for vidare vekst, seier Fresvik.

Nye vindkraftprosjekt

Eviny produserer årleg rundt 9 TWh kraft, og målet er 2,5 TWh ny produksjon innan 2034 – i hovudsak frå vindkraft. I fjerde kvartal sendte Eviny inn planinitiativ for eit nytt prosjekt i Vindafjord som kan gi 300 GWh, og i dag blir det sendt inn eit nytt planinitiativ for utviding av Guleslettene vindkraftverk med investeringar på 900 millionar kroner og ein produksjonsauke på 175 GWh. Dette kjem i tillegg til tidlegare meldte prosjekt.

– Stabil tilgang på rimeleg kraft har i mange år vore eit viktig konkurransefortrinn for industrien, særleg på Vestlandet. No er kraftoverskotet i ferd med å bli betydeleg redusert. Skal vi unngå meir import og høgare prisar, hastar det med å auka produksjonen i Noreg, seier Fresvik.

Eviny planlegg også nye vasskraftprosjekt som skal gi auka effekt – slik at meir av produksjonen kan skje når behovet er størst. I løpet av første halvår 2026 vil Eviny senda inn konsesjonssøknader for to prosjekt i Samnanger og eitt i Vaksdal.

Normal magasinfylling – lite snø

Eviny produserte 7,7 TWh vasskraft i 2025, som er normalt nivå. Dei fleste av dei 39 vasskraftverka til Eviny ligg i Vest-Noreg (NO5). Gjennomsnittleg områdepris i NO5 var 54,96 øre/kWh i 2025, mot 47,48 øre/kWh i 2024. I Midt-Noreg (NO3) var prisen 24,75 øre/kWh i 2025, mot 32,56 øre/kWh i 2024.

Magasinfyllinga i NO5 var 69,2 prosent ved utgangen av året. Det er på normalt nivå, men lite snø gir eit samla hydrologisk underskot på 2,3 TWh.

Oversikt over estimert utbytte for 2025 per eigar

Les delårsrapport for 4. kvartal 2025

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

To personer i gult vernetøy og hjelm står foran et indstrianlegg utendørs.
– Vi leverer eit solid resultat som er basert på effektiv drift. Det gjer at vi kan halda fram med å investera offensivt i framtidas energi og infrastruktur, og i tillegg gi noko tilbake til eigarane og fellesskapet, seier konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik, som her står saman med styreleiar Karl Erik Kjelstad. Foto: Helge Skodvin
Last ned bilde

Lenker

Om Eviny

Eviny er et av Norges største energi- og teknologikonsern, og produserer fornybar energi fra 39 vannkraftverk og to vindkraftverk på Vestlandet.

Over 800.000 nordmenn bruker Evinys ladestasjoner for elbil. Eviny satser også på hurtiglading i Sverige, Danmark og Tyskland.

Eviny etablerer landstrøm for skip både i Norge og internasjonalt

Datterselskapet BKK frakter strømmen hjem til 450.000 vestlendinger i 19 kommuner.

Eviny er eid av 17 vestlandskommuner, Statkraft og to lokale kraftlag.

Følg pressemeldinger fra Eviny

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Eviny på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Eviny

Solid Eviny-resultat bidrar til fellesskapet29.8.2025 11:40:58 CEST | Pressemelding

Eviny leverer et underliggende konsernresultat på 998 millioner kroner i første halvår, som er 165 millioner bedre enn samme periode i fjor. Selskapene i konsernet har god inntjening, og kostnadsreduserende tiltak styrker resultatet. Fremover vil Eviny fortsette å legge vekt på effektiv drift, gjennomføre investeringer for å doble konsernets verdi de neste ti årene, og samtidig levere solide utbytter og bidrag til fellesskapet.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye