Kan Noreg bli eit vinland?
11.2.2026 12:50:22 CET | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding
Ein Chardonnay frå Hardanger eller ein Riesling frå Telemark? Nordlege og kalde vinregionar er ikkje lenger ein kuriositet, men ein del av ein global trend der klimaendringar, nye druesortar og ny kunnskap er med på å forme framtidas vin. Også Noreg har potensial til å bli ein del av denne utviklinga.

Byggjer opp kunnskap
Dei siste to åra har NIBIO jobba for å byggje opp eit fagleg fundament for vindruedyrking i Noreg. Det har resultert i etableringa av to forskingsfelt med vindruer – eitt ved NIBIO Ullensvang i Hardanger og eitt ved NIBIO Landvik i Grimstad.
– Dette er svært spennande! Desse felta vil gjere det mogleg å følge utviklinga gjennom heile sesongen, og vil gje innsikt i kva slags dyrkingsstrategiar som fungerer i nord, fortel Ingunn Øvsthus, forskar ved NIBIO Ullensvang.
I tillegg har prosjektet samla forskarar, rådgjevarar og norske druedyrkarar i eit nytt fagnettverk som skal løfte den norske kompetansen vidare.
– Målet er no å utvikle eit nytt prosjekt med særleg vekt på fenologi og dyrkingsteknikkar for druer tilpassa nordlege klima. Dersom norsk vinproduksjon skal utvikle seg, må kunnskapen byggjast systematisk, presiserer Øvsthus.

Nordleg vinkonferanse
I desember 2025 var ho og ein rekkje andre forskarar, rådgjevarar, vinprodusentar og druedyrkarar frå heile Nord-Europa og nordlege delar av Amerika samla til vinproduksjonskonferansen VitiNord 2025 i Vilnius.
Eit av dei mest omtalte tema var kor raskt klimaet endrar seg. Varmare vårar gjev nye moglegheiter for produksjon av druer i nordlege strøk.
Den så kalla Huglin-indeksen (ein varmesumindeks utvikla for vingardar) har auka markant dei siste tiåra, noko som tyder på lengre vekstsesong og eit klima som ikkje lenger ligg heilt i utkanten av det som trengst for druedyrking.
Men nettopp denne utviklinga aukar òg risikoen fortel Øvsthus:
– Når knoppane sprett tidlegare, blir dei sårbare for frost som framleis kjem med ujamne mellomrom. I fleire land, mellom anna Polen, Latvia, Estland og Finland, viste forskingsresultat at frostnetter kan øydeleggja primærknoppane.
Primærknoppen bestemmer i stor grad normal avling, medan sekundærknoppen fungerer som ein sikkerheitsmekanisme dersom hovudknoppen går tapt.
– Difor var det berre sortar med evne til å utvikle avling frå sekundærknoppar som klarte å setje nokre drueklasar seinare på sommaren.
– Klimaet i nord krev ein kombinasjon av eigenskapane kuldetoleranse, sein knoppbryting og kort utviklingstid. For norske produsentar betyr det at val av rett sort blir avgjerande for å sikre stabil avling, seier Øvsthus.

Sortar tilpassa kjøleg klima
Blant sortane som klarer seg godt i kjølig og ustabilt klima, står Solaris fram som ein favoritt ifølgje Øvsthus.
– Sorten modnar tidleg, toler kulde, oppnår høgt sukkerinnhald og gjev friske, aromatiske vinar som eignar seg både til stille vin, musserande, oransjevin og dessertvin. Difor er det ikkje rart at Solaris går igjen som den mest brukte drua i dei fleste nordlege vinland.
Det pågår eit spennande arbeid med å utvikle nye druesortar som kan passe i Norden.
– Københavns Universitet samarbeider med planteforedlingsprogrammet FastGrapes. Prosjektet har som mål å utvikle nye druesortar som kan modnast til høg kvalitet i nordisk klima. Dette prosjektet testar òg sortar i Noreg. Dette kan vere eit vendepunkt for dei som ønskjer norskprodusert vin av høg kvalitet, seier Øvsthus.
Frå drue til vin – kva fungerer i nord?
Kvaliteten på druer frå nordlege strøk er prega av høg syre og lågare utvikling av fenolar, noko som gjer vinlagingsteknikkar ekstra viktige.
– Musserande vin er eitt av områda der nordlege produsentar har eit naturleg fortrinn. Kombinasjonen av syre, frisk aromaprofil og moderat sukker gjer at druer som Solaris eignar seg godt, seier Øvsthus.
Noreg har no teke dei første nødvendige stega for å vere ein del av utviklinga av nordleg vinproduksjon.
– Med etableringa av dei to forsøksfelta i NIBIO og planane om eit hovudprosjekt i 2026, byggjer vi i eit kunnskapsgrunnlag som aldri har eksistert før i norsk vinproduksjon. No handlar det om å teste, evaluere og byggje kunnskapen vidare i eit framtidig prosjekt, avsluttar Øvsthus.
Nøkkelord
Kontakter
Ingunn ØvsthusNIBIO - Divisjon for matproduksjon og samfunn
Tel:(+47) 482 07 250ingunn.ovsthus@nibio.noBilder











Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Manglende krav til sunn såvare kan true norsk proteinsatsing20.7.2026 14:00:00 CEST | Pressemelding
Norge ønsker å øke produksjonen av erter og åkerbønner til proteinfôr. Samtidig frykter forskere at importert såvare kan føre med seg skadegjørende sopp og insekter som reduserer avlingene. Nå undersøker NIBIO omfanget av problemet og mulige tiltak.
Søtvier skaper store problemer i norsk grøntproduksjon20.7.2026 13:16:10 CEST | Pressemelding
Søtvier skaper stadig større problemer for norske produsenter av potet og grønnsaker. Nå har NIBIO og flere samarbeidspartnere startet forskningsprosjektet SOLWeeds, som skal utvikle nye metoder for å bekjempe ugraset og redusere kostnadene for dyrkerne.
En over hundre år gammel timoteisort kan fortsatt være best15.7.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
En timoteisort utviklet på 1910-tallet er fortsatt høyt verdsatt av norske bønder. Kanskje skyldes det noe så enkelt – og samtidig så undervurdert – som plantenes erfaring.
Fortsatt umodent med karbonkreditter fra jordbruket14.7.2026 07:30:00 CEST | Pressemelding
Norske bønder har foreløpig begrensede muligheter til å tjene penger på salg av karbonkreditter for klimatiltak på egen gård, viser en ny rapport fra NIBIO. Interessen for slike ordninger er stor, men det er betydelige utfordringer knyttet til teknologi, økonomi og markedets modenhet.
Lerum vil kjøpe flere norske solbær13.7.2026 07:30:00 CEST | Pressemelding
Norske solbær er etterspurt, men produksjonen er for liten. Nylig møttes industri, forskere og produsenter for å diskutere hvordan flere kan satse på solbærdyrking og hvilke utfordringer som må løses.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom