Vinterturismen pregar talet på reisande i januar: – Er i sterk vekst

11.2.2026 14:00:00 CET | Avinor | Pressemelding

Del

3,6 millionar reiste gjennom Avinor sine lufthamner i januar. Det er ein auke på 3 prosent samanlikna med same månad i fjor. Auken skuldast mellom anna fleire internasjonale reisande.

Norsk vinter trekkjer til seg fleire utanlandsreisande.
Norsk vinter trekkjer til seg fleire utanlandsreisande. Foto: Øystein Løwer/Avinor

I januar reiste over 1,4 millionar utanlandsreisande gjennom Avinor sine lufthamner. Det er ein auke på 6 prosent samanlikna med januar i fjor. Tala viser at trenden vi har sett dei siste åra, med aukande vinterturisme til Noreg, held fram inn i 2026.

– Året startar med ein auke i det samla talet på reisande, og det er dei utanlandsreisande som bidreg sterkt til utviklinga i januar. Det er dei nordlegaste lufthamnene som bidreg mest totalt, og Noreg som vinterdestinasjon er i sterk vekst, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.

Val av destinasjonar viser at noko har endra seg i marknaden den siste tida.

– Vi opplever at fleire delar av landet byrjar å ta tydelegare posisjonar i denne marknaden, og riggar seg for utvikling innan internasjonal vinterturisme, seier Skallerud Riise.

Talet på innanlandsreisande er framleis størst. I januar dette med 1 prosent, med totalt 2,1 millionar reisande. Totalt reiste 3,6 millionar gjennom Avinors lufthamner i årets første månad.

Flyrørsler

Når det gjeld flyrørsler, vart det registrert 47.778 kommersielle flyrørsler i årets første månad. Dette er ein auke på 1 prosent samanlikna med januar 2025.

– Vi ser ein større auke i talet på passasjerar enn i talet på flyrørsler. Det tyder at dei flya som opererer på lufthamnene våre, held fram trenden med å ha fleire passasjerar om bord på kvar flyging.

Auke i droneaktiviteten

I januar vart det registrert 1742 droneflygingar.

– Vi ser ein stor auke i talet på droneplanar, med ein auke på 20 prosent i januar samanlikna med same månad i fjor. Det er likevel ein del færre registrerte droneflygingar enn i sommarhalvåret. Det skuldast at veret i januar gir lågare droneaktivitet, seier Mats Gjertsen Bye, leiar for Avinor sitt droneprogram.

Gjertsen Bye seier det er bra at fleire driv med ansvarleg dronebruk og vel å fly på ein trygg og synleg måte.

Nøkkeltal for januar 2026:

3,6 millionar passasjerar (+3% frå januar i 2025)

2,1 millionar innanlands (+1%)

1,4 millionar utanlands (+6%)

47 778 flyrørsler (+1%)

1742 droneflyvningar (+20%) 

 Sjå fleire tal og infografikk for Avinors lufthamner i vedlegga.

Kontakter

Pressetelefon (ikke SMS)Kun til bruk for journalister.

Vi svarer ut mediehenvendelser mellom 08.00-17.00 med mindre det inntreffer større hendelser. For generelle henvendelser ber vi om at det sendes e-post. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.

Tel:+47 918 15 614presse@avinor.no

Dokumenter

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

- Avinors offentlige journal

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye