Innsatsen mot plastforsøpling gir resultat
11.2.2026 08:28:59 CET | Miljødirektoratet | Pressemelding
Oppdaterte målingar viser mindre tilførsel av plast i ytre Oslofjord. Det tyder på at innsatsen nyttar, men det er framleis alt for mykje plast som hamnar i naturen.

– Resultata viser at målretta tiltak nyttar. Mindre plast i havet i ytre Oslofjord er gode nyheiter og er eit tydeleg teikn på at vi er på rett veg. Men jobben er ikkje ferdig, og vi må halde fram arbeidet med å redusere plastforureininga i havet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Overvakinga gir oversikt over kva plastgjenstandar som hamnar i miljøet og om mengdene og samansetninga endrar seg over tid. Denne kunnskapen gjer det lettare å prioritere vidare innsats.
– Vi ser at innsatsen nyttar, og så har vi framleis ein lang veg å gå. For å nå måla våre må vi forsterke tiltaka og redusere plastforbruket ytterlegare, seier Hilde Singsaas, direktør i Miljødirektoratet.
Ti år med overvaking: nedgang i eingongsplast for ytre Oslofjord
Overvaking av strandsøppel i ytre Oslofjord viser ein tydeleg nedgang i både eingongsplast og forsøpling frå fiskeri for åra 2011-2023. Funna samsvarer med utviklinga i strandforsøpling for andre delar av Nordaust-Atlanteren der det er vist ein nedgang i perioden frå 2018 til 2023. Omtrent 96% av det som blir samla inn på strendene er plast. Eingongsplast opptrer hyppig og kan mellom anna vere plastbestikk, Q-tips, plastflasker med fast eller laus kork og ulike typar emballasje. Forsøpling frå fiskeri er oftast ulike typar tau og spesielt taustumpar.
Ytre Hvaler blir rydda og registrert av Oslofjorden Friluftsråd, og er ei av strendene som har tilstrekkeleg datagrunnlag til å vurdere utviklinga over tid. Frå og med 2024 finst i alt 15 overvakingsstrender langs heile kysten og Svalbard. Desse blir registrerte på faste tidspunkt, og over tid vil data frå alle strendene bidra med verdifull innsikt i forsøplingsstatusen i Noreg.
Regulering fungerer – nedgang i eingongsplast
Det er god grunn til å tru at nedgangen for plast på strender delvis kjem av auka regulering av visse plastprodukt. Regelverket for plast (“SUP‑direktivet“), der eingongsplast er prioritert, tredde i kraft i 2021. Målet er å redusere miljøpåverknaden frå plastforsøpling. Regelverket gjeld 10 produktkategoriar som var blant dei vanlegaste funna på europeiske strender. Ei rekkje eingongsplastprodukt vart forbodne på bakgrunn av dette. Det vart også innført eit utvida produsentansvar og krav til å merkje produkt som inneheld plast.
Funna frå Ytre Hvaler viser at tiltak og endringar i praksis har effekt. Miljøovervaking gir eit viktig grunnlag for å vurdere kva tiltak som fungerer best – og kvar innsatsen bør forsterkast.
Auka medvit og innsats mot forsøpling
Dei siste ti åra har plastforsøpling og korleis dette påverkar miljøet fått stor merksemd. Kunnskap og auka forståing for problemet fører til mindre forsøpling. Det har også vorte lagt ned ein stor innsats i å rydde strender og andre område for plastforsøpling over heile landet.
Vi er ikkje i mål
Trass i ein nedgang dei siste åra for nordsjøområdet, viser overvakinga at forsøplinga framleis ligg langt over miljømålet på færre enn tjue gjenstandar per hundre meter strandlinje. I havområda som vart undersøkte, var strendene i nordsjøområdet mest belasta med plast, med ein median på nær 250 plastgjenstandar per hundre meter strand.
Det er usikkert om dette gjeld for andre område av Noreg, og for alle typar plast som hamnar i havet, som ikkje nødvendigvis blir fanga opp av slike strandundersøkingar. Til dømes hadde Fiskeridirektoratets årlege tokt etter tapte fiskereiskapar ein rekordstor fangst i 2025.
Vil følgje med på utviklinga vidare for heile Noreg
Dei såkalla OSPAR-strendene blir registrerte årleg med same metodikk for å følgje med på utviklinga over tid. For det langstrekte landet vårt har det historisk vore få overvakingsstrender og få årlege registreringar. Frå 2024 er innsatsen styrka med fleire overvakningsstrender som blir registrerte oftare. Dette vil i framtida gi oss meir og betre informasjon om utviklinga i mengd og variasjon av forsøpling på norske strender.
Faktaboks:
- OSPAR-konvensjonen er ein regional avtale for å verne det marine miljøet i Nordaust-Atlanteren frå forureining
- Terskelverdien sett av OSPAR for plastforsøpling på strender er mindre enn 20 gjenstandar per 100 meter strandlinje.
- Medianen for strender i Nordsjøområdet er omtrent 250 gjenstandar per 100 meter strandlinje.
- Noreg har styrkt strandovervakinga frå 2024, noko som gjer at vi vil få betre datagrunnlag for heile landet i åra som kjem
Kjelder
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.nobilder.miljodirektoratet.no/fotoweb/Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Lavutslippssamfunnet innen rekkevidde10.2.2026 13:00:00 CET | Pressemelding
Gjennom bevisste veivalg i alle sektorer kan Norge omstilles til et lavutslippssamfunn, viser Miljødirektoratets nye analyse om klimatiltak i Norge.
Lave laksefangster også i 20256.2.2026 09:24:27 CET | Pressemelding
Fangsten av villaks i 2025 var lavere enn vanlig. Dette tyder på at lakseinnsiget også i 2025 var svakt.
Låge laksefangstar også i 20256.2.2026 09:24:27 CET | Pressemelding
Fangsten av villaks i 2025 var lågare enn vanleg. Dette tyder på at lakseinnsiget også i 2025 var svakt.
Villreinarbeidet styrkes med nye stillinger5.2.2026 09:49:58 CET | Pressemelding
Flere statlige stillinger etableres i distriktene for å forbedre tilstanden for villreinen og ta vare på naturområder med mye ferdsel.
Villreinarbeidet blir styrkt med nye stillingar5.2.2026 09:49:58 CET | Pressemelding
Fleire statlege stillingar blir etablerte i distrikta for å forbetre tilstanden for villreinen og ta vare på naturområde med mykje ferdsel.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom