NVE har fastsett utgreiingskrav for nye kraftleidningar mellom Sauda og Gismarvik
10.2.2026 10:34:32 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for nye kraftleidningar i Sauda, Etne, Vindafjord og Tysvær kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.

Statnett planlegg å bygge to nye, parallelle kraftleidningar mellom Sauda og Gismarvik transformatorstasjonar. Dei nye kraftleidningane skal erstatte eksisterande kraftleidningar mellom Sauda og Håvik og Sauda og Kårstø. Eksisterande kraftleidningar nærmar seg teknisk levetid, og må skiftast ut. Statnett har meldt to hovudalternativ på strekninga med fleire delalternativ.
– Vi har bedt Statnett om å utgreie alle traseane dei sjølv har meldt inn. Vi har også fått fleire gode alternativ frå høyringspartane, som vi har bedt Statnett utgreie, seier seksjonssjef i NVE, Ingrid Myrtveit.
Vidare prosess
Neste steg i prosessen er at Statnett sender inn ein søknad med konsekvensutgreiingane. Deretter gjennomfører NVE ei ny høyring med moglegheit for å gi innspel til det Statnett søkjer om. NVE vil basert på høyringa og eigne vurderingar, avgjere kva trasé Statnett får løyve til å byggje.
Utgreiingsprogrammet og notat med grunngjeving for programmet er tilgjengeleg på sakas nettside: Konsesjonssak: Ny 420 kV Sauda - Gismarvik
Kontakter
Ingrid MyrtveitSeksjonssjef
Tel:95 17 27 25inmy@nve.noOm oss
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE er ikke bekymret for forsyningssikkerheten denne vinteren4.2.2026 14:40:47 CET | Pressemelding
En lang kuldeperiode har bidratt til høy kraftproduksjon og lavere nivå i norske vannmagasiner. Samtidig har det aldri vært så lite snø i fjellet i sørlige Norge. NVE er likevel ikke bekymret for at det skal bli knapphet på kraft denne vinteren.
Folkemøter om Alta kraftverk27.1.2026 13:59:03 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har mottatt en søknad fra Statkraft Energi AS om tillatelse til å installere et tredje aggregat i Alta kraftverk. Saken er nå på offentlig høring.
NVE avslår søknaden om konsesjon til Davvi vindkraftverk20.1.2026 12:25:41 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat avslår søknaden fra Grenselandet AS om å bygge Davvi vindkraftverk i Lebesby kommune i Finnmark. Søknaden avslås fordi prosjektet er plassert midt i et av Norges aller største villmarksområder. Området har også en særlig verdi for samisk kultur og tradisjonell bruk.
NVE gjev BKK løyve til ny kraftleidning i Gulen16.1.2026 12:26:55 CET | Pressemelding
Nettselskapet BKK får konsesjon til å bygge ein ny kraftleidning og transformatorstasjon i Gulen kommune i Vestland fylke. Samstundes gjev NVE løyve til SkiGa AS for å etablere eigen transformatorstasjon og nettilknyting til Skipavika Næringspark.
NVE gir tillatelse til å bygge ny transformatorstasjon i Vennesla6.1.2026 12:31:23 CET | Pressemelding
Statnett og Glitre Nett får konsesjon til å bygge nye Stemmen transformatorstasjon i Støleheia, som ligger i Vennesla kommune i Agder. Stasjonen vil øke tilgangen på strøm i Agder-regionen og dekke forbruksplanene til datasentervirksomhet på Støleheia.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom