BAUTA Group er Vestlandet si mest handlekraftige bedrift
10.2.2026 14:19:17 CET | Sparebanken Norge | Pressemelding
BERGEN: BAUTA Group frå Tomrefjord er kåra til den mest handlekraftige bedrifta på Vestlandet. Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery delte ut Handlekraft-prisen under Vestlandskonferansen i Grieghallen tysdag.

– For å vise handlekraft trengst både vilje og evne. Vinnaren viser mot til å investere langsiktig, byggje industri i Noreg og ta ansvar for folka og lokalsamfunna dei er del av. Gratulerer til BAUTA Group, som no kan kalle seg Vestlandet si mest handlekraftige bedrift, sa Jaffery då ho delte ut prisen.
Prisen blir delt ut i eit år der Vestlandskonferansen set søkjelys på samarbeid og nye alliansar i ei uroleg verd – og på behovet for handlekraft i norsk næringsliv.
På litt over ti år har BAUTA Group bygd opp eit familieeigd industrikonsern med base i Tomrefjord i Møre og Romsdal, over 600 tilsette, 20 verksemder og aktivitet langs store delar av kysten.
– Dette betyr svært mykje for oss. Prisen er først og fremst ei anerkjenning av alle dei dyktige kollegaene våre som kvar dag gjer ein fantastisk innsats. Han viser at det er fullt mogleg å byggje konkurransedyktig industri i Noreg. Vi går på jobb kvar dag for å skape arbeidsplassar og bidra til verdiskaping i distrikta – og det er ekstra gledeleg å kunne skru på lyset att i tidlegare nedlagde industribygg. Dette er noko vi vil halde fram med, seier Gjermund Kvernmo Langset, Chief Development Officer i BAUTA Group.
Nær 4 000 publikumsstemmer kom inn til kåringa. Dei nominerte bedriftene blir peika ut av næringslivsforeiningane på Vestlandet, og publikum stemmer fram vinnaren.
Finalistane til Handlekraftprisen 2026 var:
- PSW Power & Automation på Ågotnes, som gjer kraftsystem meir effektive, reduserer utslepp og flyttar energi dit ho trengst.
- Årdal Aqua, som på kort tid har etablert eit av verdas mest avanserte landbaserte oppdrettsanlegg for laks.
- BAUTA Group frå Tomrefjord, som byggjer industri langs kysten, tek i bruk tidlegare verft og utviklar nye løysingar for oppdrettsnæringa.
– Vi treng meir enn nokon gong bedrifter og tilsette som viser handlekraft og finn nye vegar og betre løysingar. Årets finalistar er gode døme på nettopp dette, sa Jaffery.
Nøkkelord
Kontakter
Frode Nergaard FjeldstadAgenda Vestlandet
Tel:99152515Frode.Nergaard.Fjeldstad@spv.noGjermund Kvernmo LangsetChief Development OfficerBAUTA Group
Tel:97649061gjermund@bautagroup.noBilder

Fakta om Handlekraftprisen
- «Vestlandet si mest handlekraftige bedrift» blir delt ut årleg på Vestlandskonferansen. Prisen vart første gong delt ut i 2023. Tidlegare vinnarar er Spilka, Framo og NorDan.
- Prisen går til ei bedrift som har vist veg i det grøne skiftet på Vestlandet – gjennom nye forretningsmodellar, marknadsvekst og fleire grøne arbeidsplassar.
- Agenda Vestlandet, stiftinga frå Sparebanken Norge, står bak både Handlekraftprisen og Vestlandskonferansen.
Følg pressemeldinger fra Sparebanken Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sparebanken Norge
Gunnar P. Thomassen blir toppsjef i Skagerrak Sparebank2.2.2026 14:03:19 CET | Pressemelding
Gunnar P. Thomassen headhuntet fra Sparebanken Norge – blir administrerende direktør i Skagerrak Sparebank.
3,5 milliarder kroner til samfunn og kunder30.1.2026 07:10:11 CET | Pressemelding
Styret i Sparebanken Norge går inn for kundeutbytte og foreslår at hele 1.470 millioner kroner av overskuddet fra 2025 skal gå til kunder. I tillegg skal mer enn to milliarder kroner gå til allmennyttige formål.
Se opp for ny svindelmetode – falske QR-koder24.11.2025 09:02:15 CET | Pressemelding
Sparebanken Norge har fått de aller første reklamasjonene fra kunder som har blitt svindlet med falske QR-koder.
Idrettslag i Agder får hjelp med strømregningen4.11.2025 09:11:31 CET | Pressemelding
Agder Idrettskrets lanserer et treårig prosjekt med en ramme på 15 millioner kroner. Det skal bidra til at idrettslag kan redusere strømkostnadene, samtidig som det styrker bærekraften.
Norges største sparebank tar markedsandeler12.8.2025 11:49:13 CEST | Pressemelding
– Det er ingen tvil om at fusjonen og navnet Sparebanken Norge har gjort oss mer attraktive for kundene. Særlig fornøyd er jeg med at vi tar markedsandeler i første halvår, sier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom