Restvarme kan gi fleire norske grønsaker
2.2.2026 12:38:00 CET | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding
Kva om det hadde vore mogleg å hauste norske grønsaker to gonger per sesong? Eller å dyrke litt meir varmekrevjande vekstar på friland? Forskarar ved NIBIO ønsker å gjere dette mogleg ved å ta i bruk restvarme frå industrien.

Den norske vekstsesongen er relativt kort, og mange kan nok kjenne på at våren er ei litt frustrerande tid. Sola byrjar å titte fram og temperaturen i lufta stig. Likevel tek det lang tid før jorda er varm nok til å dyrke i. Dette vil Carolina Palma, forskar ved NIBIO Særheim på Jæren, gjere noko med. Ho vil undersøke om jorda kan varmast opp for å forlenge vekstsesongen.
Varmar opp jorda med restvarme
Til vanleg jobbar Palma med varmekrevjande vekstar, som avokado, i veksthus. Der er ho med på å undersøke korleis me kan bruke restvarme frå industrien til å varme opp veksthusa, i staden for å bruke straum eller gass. Forskaren ser også andre arenaer kor restvarme kan nyttast.
– Restvarme frå industrien kan nyttast ute, så vel som inne, forklarer ho.
Industri som genererer mykje varme, slik som datasenter, bruker kaldt vatn for nedkjøling. Dette varmar opp vatnet, som ofte blir sleppt ut til fjord/hav eller til luft som vassdamp.
– Eit betre alternativ kan vera å leie vatnet inn i veksthus, eller i røyr under jorda. Ved å leie vatnet under jorda kan me auke jordtemperaturen litt, slik at vekstsesongen kan starte litt tidlegare, forklarer Palma.
Det varme vatnet kan også halde jordtemperaturen oppe utover hausten.
– Me trur det er mogleg å forlenge den norske sesongen for grønsaker med nokre veker på våren, og nokre veker på hausten. Dette kan vera nok til å plante og hauste grønsaker som brokkoli to gonger på ein sesong.
I dag er den norske grønsaksmarknaden i stor grad avhengig av import. Om lag halvparten av grønsakene nordmenn et, kjem frå andre land.
– Oppvarming av jorda kan vera eit stort framsteg for å gjere oss meir sjølvforsynte på norske grønsaker, meiner forskaren.
– Det kan også gi auka produksjon av grønsaker i nord, der vekstsesongen er endå kortare.
Meir og fleire norske grønsaker
Oppvarming av jorda gjer det ikkje berre mogleg å dyrke meir grønsaker. Det kan også opne døra for å kunne dyrke fleire typar grønsaker i Noreg.
På NIBIO Landvik i Grimstad har dei i fleire år arbeidd med å dyrke søtpotet på friland. Forskar Emilie Sandell har jobba med sortforsøk i søtpotet.
– Det er absolutt mogleg å dyrke søtpotet i Noreg med duk, men det er ikkje alle sortane som veks like godt. Dei sortane som me har størst suksess med er patenterte og dyre, og dette gjer produksjonen nokså kostbar.
Ved å varme opp jorda ser Sandell moglegheiter for å redusere kostnadene ved å dyrke søtpotet.
– Med oppvarming av jorda vil det kanskje vera mogleg å dyrke sortar i Noreg som ikkje er patenterte. Det vil gi sterkt reduserte kostnader!
Palma har gjort forsøk med dyrking av søtpotet i oppvarma jord på Jæren, og resultata er lovande.
– Søtpotetene dyrka med oppvarma jord var store og flotte, nett som dei du finn i butikken.
Sandell er likevel tydeleg på at det finst fleire utfordringar ved å dyrke nye vekstar som søtpotet enn dei reint tekniske.
– Det kan vera dyrt å etablere ein ny grønsakskultur i landet, og det set krav til betalingsviljen til forbrukaren. Eg trur mange av utfordringane med å få produsert fleire typar norske grønsaker ligg i marknaden.
Fleire uavklarte spørsmål
Det er ein del arbeid som står att før norske bønder kan ta i bruk oppvarming av jorda. Fleire viktige spørsmål må avklarast først.
– Jorda er noko av det viktigaste me har for matproduksjonen vår. Derfor må me vite korleis den blir påverka av oppvarminga, forklarer Palma.
– Kva skjer til dømes med mikrolivet i jorda ved oppvarming? Blir jordstrukturen endra? Vil kvaliteten på jorda bli dårlegare etter nokre år med oppvarming? Dette er spørsmål som me må finne svar på.
Palma forklarer at det også er praktiske faktorar som må studerast.
– Vil røyra under jorda tole om ein traktor køyrer på jorda? Og kor mykje vil dette koste for bonden?
Palma håper å få høve til å svare på desse spørsmåla.
– Spørsmåla er mange, men potensialet er stort. Både for norsk sjølvforsyning og for den norske grønsaksmarknaden.
Soil Heat
Prosjektet Soil Heat har som mål å utvikle praktiske løysingar til å kunne varme opp jord for å forlenge vekstsesongen i Noreg og gi auka lokal matproduksjon.
Prosjektet er finansiert av midlar frå Norges forskningsråd (prosjektnummer 342631).
Nøkkelord
Kontakter
Carolina Falcato Fialho PalmaNIBIO / Divisjon for matproduksjon og samfunn
Tel:(+47) 411 99 521carolina.palma@nibio.noBilder





Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Mer vann, mindre utslipp: Nye funn fra myr i Finnmark29.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Et toårig feltforsøk ved verdens nordligste dyrkede myrområde i Pasvik i Finnmark viser at klimagassutslipp kan reduseres betydelig ved å heve og holde vannspeilet til 25–50 centimeter under jordoverflaten.
Bærekraftig produksjon av ferdigplen28.1.2026 15:33:24 CET | Pressemelding
Hvert år legges det mellom 1600 og 2200 dekar ferdigplen i Norge. Økt bruk har reist spørsmål om produksjonen fører til tap av matjord. NIBIO har nylig dokumentert hvor mye jord som faktisk fjernes ved skjæring av ferdigplen – og hva produsentene kan gjøre for å redusere tapet.
Varmere klima gir flere bladlus i Norge – kan naturen selv hjelpe?28.1.2026 14:53:40 CET | Pressemelding
Varmere somre gir bedre vekstvilkår for både grønnsaker og skadedyr i Norge. Nå undersøker NIBIO om naturens egne fiender kan erstatte noen av de kjemiske plantevernmidlene.
Trønderske mjølkebønder jobbar meir, men tener mindre26.1.2026 10:29:59 CET | Pressemelding
Trønderske mjølkebønder har spurt økonomar i NIBIO kvifor dei har lågare årsverksinntekt enn kollegaar i aust og sør-vest. No har dei fått svar.
Regionale miljøtilskudd gir god miljøeffekt22.1.2026 10:36:22 CET | Pressemelding
Regionale miljøtilskudd gir god måloppnåelse for miljøtiltak i jordbruket, og den regionale forvaltningsmodellen fungerer etter hensikten. Samtidig er ordningen kompleks og ressurskrevende. Det viser en ny evaluering NIBIO har gjennomført på oppdrag fra avtalepartene i jordbruksoppgjøret 2024.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom