Arian Engebø leier P3 Live – ny musikksatsing i NRK
2.2.2026 13:10:32 CET | NRK | Pressemelding
NRK styrker musikktilbodet og lanserer P3 Live, eit nytt radioprogram som set liveopplevinga, musikkjournalistikken og artistane i sentrum.

P3 Live er eit sjangeroverskridande musikkprogram for alle som elskar musikk. Kvar veke byr programleiar Arian Engebø på intimkonsertar, samtalar og musikkjournalistikk med nærleik til artistane.
Programmet har premiere i dag i NRK Radio og blir sendt på P3 Musikk måndag til torsdag frå klokka 14.00 til 17.00.
– Eg håper publikum oppdagar nye artistar, band og sjangrar dei ikkje visste at dei elska, og at vi klarer å lage augeblikk som får dei til å føle noko gjennom radioen, seier programleiar Arian Engebø.
Nye musikkopplevingar kvar veke – på radio, nett og TV
Kvar tysdag inviterer P3 Live artistar og band inn i NRKs musikkstudio. Artistane framfører éin eigen låt og éin coverlåt, med oppgåva «ein låt eg skulle ønske var min eigen». Dette gir høve til å vise fram musikalsk kvalitet på tvers av sjangrar og stilar, og samstundes skape unik, ny musikk som står på eigne bein.
Konsertane går direkte på radio og blir filma samstundes. Klipp frå både låtar og intervju blir publiserte i NRKs apper og på sosiale medium.
Musikkjournalistikk med breidde og nærleik
P3 Live kombinerer liveformatet med musikkjournalistikk, dokumentarisk forteljing og dagleg underhaldning. Programmet vil ha jamleg besøk av artistar, produsentar, ekspertar og musikkelskarar, og dele ut konsertbillettar til lyttarane dagleg.
– Dette er ei langsiktig og tydeleg satsing på musikk i NRK. P3 Live er éin del av eit større arbeid for å gi publikum meir musikkinnhald, fleire liveopplevingar og sterkare musikkformidling på tvers av plattformer, seier musikksjef Mats Borch Bugge.
Kontakter
Pressevakt
Tel:414 28 800pressevakt@nrk.noRagna LøvskarNRK/Kommunikasjonsavdelingen
Tel:48295908ragna.lovskar@nrk.noBilder

Om NRK
NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.
Følg pressemeldinger fra NRK
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra NRK
«Binnabánnaš» blir bok11.11.2026 16:23:13 CET | Pressemelding
NRK gir ut sin aller første samiske barnebok: «Binnabánnaš - Mine første ord». // NRK almmuha davvisámegillii mánáidgirjji: «Binnabánnaš - Mu vuosttaš sánit».
Isak Dreyer blir programleder for "Jomfruturen"11.11.2026 12:00:11 CET | Pressemelding
Det er Isak Dreyer som skal være programleder for NRK- prosjektet med arbeidstittel "Jomfruturen". Nå oppfordrer han flere til å søke om å bli med på eventyret.
Har laga låt til NRKs nye julekalender4.11.2026 11:00:00 CET | Pressemelding
Kristoffer Lo med SKAAR på vokal har hovedlåta til NRKs nye julekalender «Skimmer».
Disse er med i «Bakemesterskapet julespesial»3.11.2026 11:00:00 CET | Pressemelding
Sju stjerner kjemper om å bli Norges første kjendisjulebaker.
Disse deltar i «24-stjerners julekalender»30.10.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Den populære julekalenderen «24-stjerners julekalender» er tilbake etter ett års fravær. Dette er deltakerne som skal kjempe om å bli årets julestjerne.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom